Fangvekstar og plantehakk gjev miljøgevinst
Fangvekstar og plantehakk i grønsaksproduksjonen kan vere med på å halde tilbake næringsstoff i jorda, forbetre jordstrukturen, dempe ugras og redusere klimagassutslepp.
Fordelane ved å dyrke fangvekstar er at dei er med på å hindre erosjon og næringsavrenning etter hausting, og dei konkurrerer ut ugras. Eit slikt plantedekkje tek dessutan opp næring og bind det i jorda. Fangvekstar gjer at ein får stabilt fruktbare og berekraftige jordforhold. I tillegg kan fangvekstar ha ein klimaeffekt ved at den bidrar til auka karbonbinding, betre jordstruktur og meir organisk materiale i jorda.
– I forsøk på NIBIO Apelsvoll undersøker vi korleis vi kan etablere fangvekstar i eller etter en grønsakskultur, fortel Mette Thomsen. Vi ser også på val av fangvekstar, vi testar enkeltartar og korleis såtid påverkar veksten.
Såtidpunkt er viktig, sjølv om det er ulikhetar mellom artar og stadar.
– Tidspunkt for såing avhenger av lokalitet og klima. I forsøka på Apelsvoll er såing seinast i midten av august ein tommelfingerregel for å etablere fangvekstar. Men ulike artar konkurrerer ulikt mot ugras sidan det er ulikheiter i kor tett og raskt fangvekstane vekser. Artane tilbakeheld også ulike næringsstoff. Til eksempel konkurrere honningurt og sikori veldig godt mot ugras, medan det er tendens til at rug held tilbake mest nitrogen.
Når det gjeld bruk av plantehakk har resultata vore svært gunstig med bruk av kuttet grønmasse frå ei gammaleng, som graskløverblanding i økologisk produksjon av purre.
Foreløpige resultat viser at plantehakk har svært god effekt mot ugras og kan gje rikeleg med næring til purre. Plantehakk ga betre vekst og høgare salbar avling enn purre gjødsla med kommersiell gjødsel. I tillegg held plantehakk jorda frostfri, og kan forlenge hausteperioden til ut på vinteren.
KONTAKTPERSON
Føremål
Berekraftig grønsaksproduksjon
Samarbeid: Norsk Landbruksrådgivning
Finansiering: Grofondet og Kunnskapsutviklingsmidlar