Hopp til hovedinnholdet

Frå båsfjøs til lausdrift: Kva vil det koste?

6-53-Lausdriftfjøs_Foto Kåre Magnus Oma

Foto: Kåre Magnus Oma

Frå 2034 skal alle storfe vere i lausdrift. Båsfjøs opphøyrer. Frå 2024 gjeld krav om kalvingsbinge. NIBIO anslår eit samla investeringsbehov på 18 - 23 milliardar kroner fram mot 2034 som følgje av dei nye krava.

Krav om lausdrift betyr at dyra ikkje lenger er tjora til fast båsplass, men at dei skal kunne bevege seg friare i fjøset og ha rom til å vandre. Slik driftsomlegging krev omfattande investeringar.

NIBIO har berekna investeringsbehovet som følgjer av dei nye krava, for å gi Landbruks- og matdepartementet kunnskapsgrunnlag for sine avgjerder om investeringstilskot fram mot 2034.

Berekningane legg til grunn at mjølkeproduksjonen skal halde seg på omtrent same nivå som i dag. Antal mjølkebruk og kyr per bruk har endra seg mykje dei siste åra. Likevel har samla produksjon vore relativt stabil. Den ligg årleg på ca. 1 500 mill. liter mjølk.

Frå 2007 til 2019 gjekk andelen båsfjøs ned frå 89 til 61 prosent. Lausdriftsfjøs auka i same periode frå 1 477 til 2 924, medan båsfjøs gjekk ned frå 11 698 til 4 554.

I 2019 var 47 prosent av norske mjølkekyr i båsfjøs. Dei leverte 37 prosent av samla mjølkeproduksjon.

Innan 2034 vil truleg nokre av dei 4554 mjølkebøndene med båsfjøs velje å avslutte drifta og selje kvoten. Spørsmålet om kor mange som vil halde fram og kor mange som vil gi seg, har vore vanskeleg å gjere anslag for. Forventa strukturendringar og utslag av 2024-krava har og vore ei nøtt.

Forskjellige scenario er simulerte for ulike besetningsstørrelsar, kor mange ungdyr med kalv det skal vere plass til, kor ofte kyrne blir skifta ut og om det er snakk om nybygg eller tilbygg/ombygging osv.

Det er store regionale forskjellar i investeringsbehova som skal til for å oppfylle lausdriftskravet.

 

Føremål

Å berekne investeringsbehovet innan mjølkeproduksjon som følgje av krav om lausdriftsfjøs for storfe innan 2034.

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet