Hopp til hovedinnholdet

Frå båsfjøs til lausdrift: Kva vil det koste?

Lausdrift på Haukås_2_Foto Kåre Magnus Oma

Nyinnflytta i nytt lausdriftsfjøs (2021), med mjølkerobot installert. Her er plass til 41 mjølkekyr og 90 dyr totalt. Foto: Kåre Magnus Oma

Frå 2034 skal alle storfe vere i lausdrift. Båsfjøs opphøyrer. Frå 2024 gjeld krav om kalvingsbinge. Dessutan er beite- og mosjonskravet frå same år utvida frå 12 til 16 veker for dei som har båsfjøs. NIBIO anslår eit samla investeringsbehov på 18 – 23 milliardar kroner fram mot 2034.

På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) har NIBIO berekna investeringsbehovet i mjølkeproduksjon som følgje av endra krav til storfehald som trer i kraft i 2034. Frå 2034 skal alle storfe vere i lausdrift. Frå å vere tjora til ein fast båsplass i eit tradisjonelt fjøs, skal dyra i lausdriftsfjøs vere friare til å bevege seg og ha større rom til å vandre.

Ei slik driftsomlegging krev omfattande investeringar for bonden. Fordi det blir gitt statleg investeringsstøtte til nye fjøs, treng styresmaktene oversikt over forventa kostnader og dagens status for kor langt overgangen er komen blant mjølkeprodusentane.

- Jordbrukspolitiske mål er viktige og mjølkeproduksjon er kanskje den viktigaste delproduksjonen. Våre berekningar er til støtte for LMD slik at dei kan  ta mest mogleg korrekte avgjerder og gjere avsetningar til investeringstilskot i åra fram til 2034, seier avdelingsleiar Lars Johan Rustad i NIBIO. Han har hatt ansvar for utarbeiding av rapporten som no ligg føre.

I berekningane frå NIBIO er det lagt til grunn at produksjonen skal dekke behovet for mjølk omtrent som i dag. Sjølv om talet på mjølkebruk og kyr per bruk har forandra seg mykje dei siste åra, har samla mjølkeproduksjon vore relativt stabil. Årleg produksjon ligg på ca. 1 500 mill. liter mjølk.

Båsfjøs_1043_Foto Norsk Landbruk.jpg
Båsfjøs. Illustrasjonsfoto: Norsk Landbruk

Status i korte trekk

Frå 2007 til 2019 gjekk andelen båsfjøs ned frå 89 prosent til 61 prosent. Talet på mjølkeprodusentar med lausdriftsfjøs har i same periode auka frå 1 477 til 2 924. Gruppa med båsfjøs har gått ned frå 11 698 til 4 554. I 2019 var 47 prosent av norske mjølkekyr i båsfjøs. Dei leverte 37 prosent av samla mjølkeproduksjon.

- Alle dei 4554 mjølkebøndene som har båsfjøs må ta stilling til kravet om å leggje om drifta til lausdrift innan 2034 og avgjere om dei vil satse vidare. Truleg vil nokre velje å avslutte drifta og selje kvoten, kommenterer Rustad.

- Eit av dei vanskelege spørsmåla for å rekne framtidige investeringskostnader totalt, er kor mange som vil halde fram og kor mange som vil gi seg. Også den forventa strukturendringa har vore ei nøtt for berekningane.

Rustad fortel om mange omsyn å ta og mange faktorar som påverkar kostnadane. Ulike scenario er simulert for forskjellige besetningsstørrelsar, kor mange ungdyr med kalv det skal vere plass til, kor ofte kyrne blir skifta ut og om det er snakk om nybygg eller tilbygg/ombygging.

Grafisk framstilling av fordelinga lausdriftfjøs og båsfjøs.JPG
Det er i dag store regionale forskjellar i investeringsbehovet for å oppfylle krava til lausdrift i mjølkeproduksjon. Figuren viser at nokre regionar er komne lenger enn andre med omlegginga. Grafisk framstilling av talet på mjølkeprodusentar fordelt på driftssystem, lausdrift eller båsfjøs. Kjelde: Kukontrollen. Alle mjølkeprodusentar er ikkje med i dette grunnlaget da det manglar informasjon om fjøstype for 555 av totalt 7 538 produsentar. Tala kan derfor variere noko samanlikna med andre tabellar.

Prioritering av små og mellomstore

Frå Stortinget har det dei siste åra vore ei tydeleg føring at støtte til små og mellomstore gardsbruk skal prioriterast når det gjeld statlege tilskot til investering og bedriftsutvikling. For mjølkeproduksjon betyr dette å vektleggje investeringsstøtte til fjøs med 15-30 kyr. 

- Vi har lagt til grunn at driftseiningar med 15-30 kyr har prioritet. Mange av dei som alt har investert i lausdriftsfjøs er dei med best føresetnader for å byggje stort. Mykje av potensialet for å ta ut stordriftsfordelar på investeringssida er nok derfor alt tatt ut, seier Rustad.

- Det kostar mindre å byggje få store fjøs enn fleire mindre. Det er usikkert kva slags struktur som skal erstatte dagens vel 4 000 båsfjøs, men vi har lagt til grunn at mange av dei som vel å leggje om, vil byggje eit mellomstort fjøs.

Dei samla investeringskostnadene vil bli påverka mykje av korleis fordelinga blir mellom fjøs av ulik størrelse og av faktorane nemnt tidlegare. Rustad seier det berekna spennet på 18,0 – 22,8 milliardar kroner i samla investeringar fortel sitt om kva strukturen har å seie for kostnaden. Det låg ikkje i oppdraget å rekne på kor mykje tilskota kan utgjere.

 

Kostnad per kuplass

Kostnadene per kuplass – som det heiter no som kua ikkje står på bås lenger – er rekna ein del høgare i denne rapporten enn i tidlegare arbeid.

- Forskjellar i kva som er tatt med av innandørs mekanisering, gjødselhandtering og slikt forklarer noko av det endra kostnadsbildet. Enkelte vil nok tenke at vi har rekna høg pris per kuplass, men vi meiner å ha gått grundig inn i kostnadskalkylane. Dessutan vil det bety ganske mykje kor store dei framtidige fjøsa blir, seier Rustad.

Kostnadene per kuplass i nybygde fjøs er berekna til å vere frå vel 200 000 til nær 400 000 kroner, avhengig av fjøsstørrelse. Ved ombygging/påbygging av eksisterande båsfjøs kan kostnaden per plass bli lågare. Plasskostnaden vil og bli påverka mellom anna av plassbehovet til rekrutteringsdyr og kva for bygningskvalitetar som blir lagt inn.

- Kor mange mjølkekyr og kuplassar det er behov for i 2034 vil avhenge av forhold som etterspurnad etter mjølk og ytinga per ku, legg han til.

 

Korleis vil 2024-krava påverke 2034?

Frå 2024 får båsfjøsa nye krav til kalvingsbingar og utvida beite- og mosjonskrav. Ifølgje Lars Johan Rustad og hans folk vil og desse nye krava få konsekvensar.

- Truleg vil nokre finne krava så vanskelege eller umoglege at dei sluttar når krava trer inn. For andre vil tilpassinga til nye krav gi dårlegare driftsøkonomi fordi det blir plass til færre kyr. Inntektene vil kunne gå ned utan at kostnadene følgjer med.

- Ei tredje gruppe kan tilpasse seg krava relativt lett, eller har alt gjort det. I nokre tilfelle vil krava medføre at ein skyv fram omlegginga til lausdriftsfjøs.

Investeringskostnadene for kun å oppfylle krava til kalvingsbingar og beite- og mosjonskrav frå 2024 er relativt små, og ikkje med i berekningane. Rustad seier desse krava er meir av typen «plunder og heft,» og at dei for enkelte blir krevjande å gjennomføre reint driftsmessig:

- Dette kan påverke mjølkebøndene si avgjerd om å investere eller slutte som produsent, men krava vil isolert sett truleg ikkje medføre store investeringar.

Fakta

Ein vanleg kuplass i eit båsfjøs er rundt 1,2 m brei og knappe 2 m lang. Etter dagens praksis skal kyrne ha 12 veker ‘ferie’ og vere ute på beite i denne tida. I løpet av denne perioden er mjølkekyr sina, det betyr pause i mjølkinga, i ca. 2 mnd. Ofte er dei da på beite nær fjøset når dei begynner å mjølke igjen. 

Tal frå Kukotrollen viser at mjølkekyr i lausdriftsfjøs yter meir, og spesielt når robot er ein del av drifta.  I tillegg til at kyrne i lausdriftfjøs kan vandre litt rundt, kan dei i fjøs med mjølkerobot velje meir sjølve når dei vil ta turen innom roboten for å bli mjølka.

 

  • I 2019 var 60 prosent av besetningane framleis i båsfjøs. Det utgjorde 47 prosent av alle mjølkekyr. 37 prosent av mjølka blei produsert i båsfjøs.
  • I overkant av 4 500 produsentar med båsfjøs vil ha krav om å legge om til lausdrift innan 2034.
  • Kalkylar viser at kostnaden for nye lausdriftsfjøs varierer frå 202 000 til 386 000 kroner per kuplass  - avhengig av størrelsen på besetninga. Da er 50 prosent påsett* lagt til grunn.
  • Faktorar som besetningsstørrelse, moglegheit for ombygging/påbygging til eksisterande driftsbygning og grad av påsett av ungdyr vil påverke kostnadene i stor grad.
  • For bygningar med 35 prosent påsett er det lågare kostnader per kuplass.
  • Samla investeringsbehov er berekna å vere mellom 18 og 22,8 milliardar kroner. 

*Påsett er kviger (ungdyr) som skal bli inseminert for å få kalv

Lausdrift på Haukås_Foto Kåre Magnus Oma.jpg
Nytt lausdriftsfjøs ved Strandebarm i Hardanger. Foto: Kåre Magnus Oma
Mjølkeproduksjon i norge

Den totale mjølkeproduksjonen er relativt stabil i landet. Årleg produksjon er på ca. 1 500 millionar liter kumjølk. Strukturen i mjølkeproduksjonen har derimot forandra seg mykje dei siste tiåra. Det er færre mjølkeprodusentar, fleire kyr per produsent og meir mjølk per ku.

  • I siste tiårsperiode er talet på produsentar med færre enn 20 kyr halvert. Talet på produsentar med 20 til 39 kyr er redusert med 25 prosent.
  • Talet på produsentar med 40 til 69 kyr har auka frå 853 til 1480, og gruppa produsentar med over 70 kyr er auka frå 163 til 216.
  • Talet på kyr i besetningar over 30 dyr har auka på 2000-talet, men trenden er avtakande. Det kan tolkast til at talet på kyr i store fjøs har nådd ei grense, og at vi framover vil sjå eit større tal mellomstore fjøs.   
  • Samla tal kyr er gått ned frå 238 000 til 210 000.
  • Tilgjengelege data i Kukontrollen frå 2019, viser at 7 538 produsenter leverte 1 446 mill. liter mjølk.
  • Materialet viser at 2 977 produsenter med lausdriftsfjøs leverte 901 mill. liter og 4004 produsenter med båsfjøs leverte 467 mill. liter mjølk.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Formålet med denne rapporten er å beregne investeringsbehovet i melkeproduksjonen som følger av næringens omlegging fra båsfjøs til løsdrift. I 2019 var 60 prosent av besetningene fremdeles i båsfjøs og 37 prosent av melka ble produsert i båsfjøs. I overkant av 4 500 produsenter med båsfjøs vil ha krav om å legge om driften til løsdrift innen 2034. Norsk Landbruksrådgiving har på oppdrag for denne rapporten utarbeidet investeringskalkyler for løsdriftsfjøs til ulike besetningsstørrelser. Kalkylene viser at kostnaden for nye løsdriftsfjøs med 50 prosent påsett varierer fra kr 202 000 per kuplass til kr 386 000 per kuplass avhengig størrelsen på besetningen. Faktorer som størrelsen på besetningen, muligheter for ombygging/påbygging til eksisterende driftsbygning og grad av påsett av ungdyr vil påvirke kostnadene i stor grad. For bygninger med 35 prosent påsett er det lavere kostnader per kuplass. Det totale investeringsbehovet er beregnet til å være mellom 18 og 22,8 milliarder kroner.