Dyrevelferd: Nye reglar for storfe vil gi store endringar i Vestland

Lausdriftsfjøs_Foto Kåre Magnus Oma_cropped

Nytt lausdriftsfjøs, opna i 2021. Her kan dyra gå friare og velje sjølve når dei vil bli mjølka eller ta ein tur innom børsten for å bli ‘klødd’ på ryggen. Foto: Kåre Magnus Oma

Nye krav til dyrevelferd vil verke inn på den framtidige mjølkeproduksjonen i Vestland fylke. Krav til auka beitetid og kalvingsbinge kjem i 2024, lausdrift frå 2034. Konsekvensane for landbruket i regionen vil merkast – både for bønder og oss andre.

Dei nye reglane for dyrevelferd medfører store investeringar for den enkelte mjølkeprodusent når lausdriftskravet skal oppfyllast av alle. Også krav til meir beitetid og eigne kalvingsbingar har økonomiske konsekvensar, men ikkje i same skala som lausdriftskravet.

På oppdrag frå landbruksnæringa i Vestland, har NIBIO undersøkt kva konsekvensane av nytt regelverk kan bli for mjølkeproduksjonen i fylket. Ei brei spørjeundersøking blant mjølkebøndene i Vestland og eigne NIBIO-analysar ligg til grunn for vurderingane.

 

7 av 10 mjølkebruk må leggast om

Rundt 1 100 bruk i Vestland fylke leverte mjølk ved inngangen til 2021. Om lag 70 prosent av desse hadde båsfjøs. Dei har i gjennomsnitt ein mjølkekvote på 95 000 liter og leverer rundt 46 prosent  av mjølka.

Tala viser dermed at fleire enn 700 mjølkeprodusentar i Vestland ikkje tilfredsstiller krava om lausdrift som vil gjelde frå 2034. Det vil seie at like mange bønder må ta stilling til om dei kan og vil investere i nytt fjøs, eller om dei vil avslutte drifta. Robotmjølking er ofte ein del av omlegginga. For mange vil nye reglar medføre så store investeringar at dei vel å leggje ned.

 – Skal fylket halde oppe sin del av den nasjonale produksjonen i framtida, må det investerast mellom 2,5 og 2,8 mrd. kroner fram mot overgangen, seier Torbjørn Haukås, seniorrådgjevar i NIBIO. Han har leia arbeidet med spørjeundersøking og analysar.  

For den enkelte bonde vil investeringane i lausdriftsfjøs variere med individuelle val – mellom anna  av talet på dyr, materialar og teknologi. Lågaste overslag er for 15 kyr som gir 6,3 mill. kroner i investering ved mjølkestall og 7,1 mill. kroner dersom ein vel mjølkerobot. For 50 kyr og mjølkerobot er investeringa rekna å bli 14,5 mill. kroner.

Båsfjøs_1043_Foto Norsk Landbruk.jpg
Frå 2034 er båsfjøs som dette utgått på dato. Da skal alle storfe vere i lausdriftsfjøs. Einaste unntak er for besetningar av reinrasa bevaringsverdige storfe. Foto: Norsk Landbruk

Vestlandsbonden blir for liten

38 prosent av bruka i Vestland hadde færre enn 15 kyr i 2018, les vi i rapporten. Desse bruka hadde 18 prosent av kyrne. 20 prosent av bruka hadde buskapar på meir enn 30 kyr og totalt hadde dei 43 prosent av kyrne. Små og mellomstore bruk er ofte definert som bruk mellom 15 og 30 kyr.

– Dei fleste som oppgraderer fjøs i dag, satsar på robotmjølking. Slik vilkåra var i 2019, krov det opp mot 30 årskyr og mjølkekvote på minst 200 000 liter for at det skulle bli økonomi i prosjekta, seier Torbjørn Haukås.

– I dag vil det vere vanskeleg å få økonomi i drifta sjølv med ein slik storleik på produksjonen, grunna auka byggjekostnader, auka prisar på viktige innsatsfaktorar og økonomisk utvikling i mjølkeproduksjonen. Vi ser at det i dag ikkje er lønsamt å byggje nytt lausdriftsfjøs for buskapar under 35 kyr.

Gjennomsnittleg investeringskostnad per ku varierer frå 474 000 kroner ved 15 dyr, til 289 000 kroner ved 50 dyr. Dersom det er råd å byggje om eller byggje på eksisterande fjøs, vil ein komme rimelegare frå det.

– Små og mellomstore mjølkebruk er typisk for Vestland fylke. Inntekta frå eit vestlandsk gjennomsnittsbruk, med båsfjøs på 14 mjølkekyr, kan ikkje forsvara investeringane som følgjer lausdriftskravet, seier seniorrådgjevaren.  

Indirekte vil det seie at den klassiske mjølkebonden i Vestland blir for liten til å oppfylle økonomien som trengst for dei nye krava. Tilgang på rimeleg areal og mjølkekvote i nabolaget vil vere viktig for vurderinga om å halde fram.

Rapporten viser elles utrekningar der ein aukar investeringstilskot ved utbygging for å leggje til rette for lønsemd også ved mindre buskapar enn 35.

Fosse_4587_Hardanger__Foto Kjersti KIldahl.JPEG
Typisk for husdyrproduksjonen i Vestland fylke er små driftseiningar og eit arealgrunnlag som ofte er knapt og oppdelt i mange små teigar. Illustrasjonsfoto.: Kjersti Kildahl

4 av 10 seier dei vil gi seg

Mjølk har vore den viktigaste jordbruksproduksjonen i Vestland i lang tid. Meir enn 50 prosent av verdiskapinga i jordbruket kjem frå mjølk. Mjølkeproduksjon er eit nav i mange bygder, viktig for busetnad, sysselsetjing, verdiskaping og ringverknader til annan samfunnsaktivitet.

– I vår spørjeundersøking seier 19 prosent av mjølkebøndene at dei planlegg å gi seg alt i 2024 når nye krav til beitetid og kalvingsbinge trer i kraft. Ytterlegare 24 prosent seier dei vil avslutte når lausdriftskravet trer i kraft frå 2034, fortel Haukås. Så legg han til:

– Utviklinga til større og færre bruk har funne stad over lengre tid. 2/3 av mjølkebruka i Vestland er avvikla sidan årtusenskiftet. Nye krav vil påskunde denne utviklinga.

Berre knapt ein firedel av mjølkeprodusentane svarte at dei hadde nokon som ville overta mjølkeproduksjonen, medan 14 prosent ikkje hadde nokon. Nesten halvparten svarte «kanskje», noko som tyder på stor usikkerheit om framtida med tanke på rekruttering til næringa.
 

Tomme fjøs eller ny giv?

Mjølkeproduksjonen i Vestland fylke er prega av små driftseiningar og eit arealgrunnlag som ofte er knapt og oppdelt i mange små teigar.

Tradisjonelt har gras frå bruket vore den viktigaste kjelda til fôr for storfe. Å produsere mest mogleg av mjølka på ressursane frå bruket er ønskjeleg både økonomisk og klimamessig også i framtida. Tilgang på rimeleg areal og mjølkekvote er derfor ein føresetnad for å drive og for å kunne byggje ut.

Pris og arealtilgang varierer mykje i fylket, ifølje undersøkinga. Mange stader er leigeareal gratis. Andre stader er det rift om arealet og prispress. 

– Ved utbygging av store produksjonseiningar for mjølk i Vestland, vert det fort mykje grastransport. Å produsere mest mogleg på eigne lokale ressursar og ressursar i nabolaget, vil derfor vere eit mål, og ein grunn til ikkje å satsa på for store driftseiningar ved utbygging.

– Skal ein oppnå målet om at Vestland fylke skal halde oppe sin del av den nasjonale mjølkeproduk-sjonen etter 2034, trengst stor utbyggingsaktivitet på lausdriftsfjøs i åra som kjem. Gode rammevilkår må leggje til rette for produksjon, nyskaping, lønsemd og sysselsetting, avsluttar Torbjørn Haukås.

Dessutan er det viktig å ha folk som vil drive med mjølkeproduksjon. Det må vere attraktivt å satse i næringa slik at det blir rekruttert nok produsentar framover i tid.

Det er for tidleg å seie korleis og kor mykje dei nye krava til dyrevelferd vil endre jordbruksstruktur og landskap, men at endring vil skje, er sannsynleg. I rapporten si framskriving reknar ein at 57 prosent av dagens 1 100 mjølkebruk er att etter 2034.

KONTAKTPERSON
MÅL MED PROSJEKTET

Hovudmålet med prosjektet er å skaffe kunnskapsgrunnlag om investeringsbehov og andre relaterte behov som vil sikre økonomisk og klimatilpassa berekraft for mjølkeproduksjonen i Vestland i kjølvatnet av lausdriftskrav frå 2034.

NYE KRAV

Mosjon og beite frå 2024 - § 10
«
Driftsmåter skal legges til rette slik at de gir storfe gode muligheter for fri bevegelse, mosjon og naturlig atferd. Storfe skal sikres mulighet for fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 8 uker i løpet av sommerhalvåret.

Storfe som er oppstallet i båsfjøs, skal sikres mulighet for fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 16 uker i løpet av sommerhalvåret. Dersom de naturgitte forholdene ikke ligger til rette for 16 ukers beite, kan beitetiden reduseres med inntil 4 uker. Dyrene skal også sikres mulighet til regelmessig mosjon og fri bevegelse resten av året.»

Kalvingsbinge frå 2024 - §7
«Det skal være minst én kalvingsbinge for hvert påbegynte antall av 25 kyr, se overgangsregler i §32 tredje ledd.
- - -
Kravet om kalvingsbinge etter §7 sjuende ledd trer i kraft 1. januar 2024 for båsfjøs som var i bruk 22. april 2004 og har vært i sammenhengende bruk siden.»

Lausdrift frå 2034 - §7
«Storfe skal oppstalles i løsdrift med de unntak som er gitt i overgangsregler i §32

§32: Kravet om løsdrift etter § 7 sjette ledd trer i kraft 1. januar 2034 for husdyrrom som ble bygd før 22. april 2004 og som har vært i sammenhengende bruk til storfe siden.

§ 28. Dispensasjon. Mattilsynet kan i særlige tilfeller dispensere fra bestemmelsene i denne forskriften, forutsatt at dette ikke strider mot Norges internasjonale forpliktelser, herunder EØS-avtalen. Dispensasjon etter første ledd fra kravet om løsdrift etter § 7 kan bare gis dersom minst halvparten av besetningen er renrasede dyr av bevaringsverdige kuraser.»

Mjølkerobot_Foto Kåre Magnus Oma (1).jpg
Robotmjølking har endra kvardagen for mange mjølkebønder. Roboten gir fleksibilitet og meir rom for å styre kvardagen. I dag er det få nybygg som blir bygde utan robot. Foto: Kåre Magnus Oma
OM MJØLKEKVOTAR

Kvotesystemet for mjølk var innført i 1983 som eit tiltak for å redusere overproduksjon av mjølk og nedgang i mjølkeprisar. Ordninga har vore viktig for å regulere mjølkeproduksjonen i høve til marknad. Mjølkekvote ein nødvendig føresetnad for å kunne produsere mjølk. Kvoten kan vere tildelt, kjøpt eller leigd. Historie og endringar i ordninga er gjort greie for i rapporten.

Frå ho vart innført, har ordninga påverka struktur og geografi i mjølkeproduksjonen. Tilgang på rimeleg kvote er særleg viktig for dei som satsar på å utvide produksjonen. Korleis kvoteordninga vert handtert vidare, er viktig for vidare utvikling av mjølkeproduksjon, lokalisering struktur.

I utgangspunktet vart kvote tildelt av staten basert på historisk leveranse. Produsentane kunne auke eksisterande kvote ved å søke til staten. Fleire endringar er skjedd sidan 1983, mellom anna desse:

• I 1989 vart det opna for å drive mjølkeproduksjon i samdrift.

• I 1997 vart det opna for statleg omsetjing av kvote.

• I 2003 kunne delar av kvota bli omsett privat.

• I 2009 vart det tillate med kvoteutleige.
 

Tilgang på rimeleg kvote er særleg viktig for dei som satsar på å utvide produksjonen. Kvoteordninga legg premissar for korleis mjølkeproduksjonen i landet skal sjå ut i framtida. For mange små og mellomstore produsentar utgjer mjølkekvote ein flaskehals for å satsa på vidare produksjon. Tilgang på kvote og prisnivået er avgjerande faktorar for om produsentar er villige til å investere i vidare mjølkeproduksjon.

Dersom kvoteordninga framleis skal brukast som eit politisk verkemiddel for å halde oppe produksjon i alle distrikt og variert bruksstruktur, må kvoteordninga innrettast slik at ho fungerer i tråd med politiske føringar. Det medfører i stor grad statlege oppkjøp av kvote og prioritering av små og mellomstore utbyggingsbruk ved vidaresal.

IMG_2564.JPEG
Undersøkinga viser at om lag to tredelar av grasarealet vil halde fram med å bli nytta slik som i dag. Noko areal vil vere unytta fordi det ikkje er drivverdig med dagens reiskapar og driftsform. Om lag 11 prosent av grasarealet tilknytt mjølkeproduksjonen vil bli liggjande heilt eller delvis brakk når mjølkeproduksjon sluttar, ifølgje spørjeundersøkinga blant mjølkeprodusentane. Illustrasjonsfoto: Kjersti Kildahl

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

Mjølkeproduksjon er viktig for verdiskaping og sysselsetting i Vestland fylke. Over halvparten av verdiskapinga i landbruket i fylket kjem frå mjølkeproduksjon (Knutsen m.fl., 2018). Dessutan skaper næringa ringverknader i samfunnet, og er viktig for busetnad og samfunnsaktivitet i mange område i fylket. Robotmjølking har endra mykje i kvardagen for dei som driv i næringa, det gjev større høve til å delta aktivt i samfunnet då ein ikkje er så avhengig av å vere i fjøset til faste tider. Roboten er ein sterk drivar i utviklinga, og det er få nybygg i dag utan robot. Nye krav til dyrevelferd og innføring av ny teknologi i produksjonen er ei større utfordring i Vestland enn mange andre område. Små driftseiningar og vanskeleg arrondering med mange små og spreidde teigar og jord som ikkje toler beitetrykk, er utfordringar for vestlandsbonden i tillegg til at økonomien ikkje er tilfredsstillande for mange. Ei spørjeundersøking blant bøndene der nesten halvparten svarde, viser at 19 prosent avsluttar drifta alt i 2024 då dei nye krava til beite og kalvingsbinge trer i kraft. Dei som har problem med å tilpasse seg beitekravet på 12-16 veker, svarer i større grad at dei mest sannsynleg avsluttar produksjonen allereie i 2024. Ytterlegare 24 prosent går ut etter at kravet om lausdrift vert innført frå 2034. På bakgrunn av svara i undersøkinga og opplysningar om mjølkekvote er det framskrive ein volumprognose på 120 til 145 millionar liter kvote i 2034. Dette er ein nedgang på høvesvis 32 prosent og 19 prosent i høve til dagens volum. Berre knapt ein firedel av mjølkeprodusentane svarte at dei hadde nokon som ville overta mjølkeproduksjonen, medan 14 prosent ikkje hadde nokon. Nesten halvparten svarte kanskje, noko som tyder på stor usikkerheit om framtida også med tanke på rekruttering. Omlag 700 båsfjøs må fasast ut fram til 2034. For å halde oppe fylket sin del av den nasjonale produksjonen i framtida, er det nødvendig å investere mellom 2,5 og 2,8 mrd. kr. Dette er berekna på bakgrunn av same mjølkevolum som i dag. I spørjeundersøkinga blant produsentane, var betre økonomi i produksjonen det viktigaste tiltaket for å auke interessa for framtidig mjølkeproduksjon. Analyse av lønsemda i mjølkeproduksjonen under dagens rammevilkår, viser at det i dag ikkje er lønsamt å byggje ut for buskapar under 35 kyr. Eit tiltak som det er rekna på i analyse av lønsemd, er å auke prosentdelen og maksimalbeløpet for investeringstilskot ved utbygging. Areal er eit viktig ressursgrunnlag for mjølkeproduksjon. Undersøkinga viser at om lag to tredelar av grovfôrarealet vil bli nytta som i dag. Om lag 11 prosent av grovfôrarealet til mjølkeprodusentane vil bli liggjande heilt eller delvis brakk etter avslutta mjølkeproduksjon, men det er geografisk variasjon. Kvoteordninga er eit viktig verkemiddel som legg premissar for korleis mjølkeproduksjonen i Vestland fylke og i resten av landet skal sjå ut i framtida. Mange svarte i undersøkinga at tilgang på rimeleg kvote var viktig for utbygging. Skal ein oppnå målet om at Vestland fylke skal halde oppe sin del av den nasjonale mjølkeproduksjonen etter 2034, er det behov for auka utbygging av nye fjøs. Gode rammevilkår for produsentane er viktig for halde oppe verdiskaping og sysselsetting.