Hopp til hovedinnholdet

Nordnorsk landbruk er beitedyr og mjølkekyr

26-57-Mjølkegeiter i Hattfjelldal, Nordland_Foto Kjersti Kildahl

Foto: Kjersti Kildahl

Talet på landbruksføretak i Finnmark, Troms og Nordland går meir ned enn i resten av landet. Lønsemda held seg noko over landsgjennomsnittet.

Det går fram av NIBIO-rapporten Landbrukets verdiskaping i Nord-Noreg. Ein raud tråd for jordbruket i Nordland, Troms og Finnmark er beitebruk og mjølkeproduksjon.

Landbruksøkonom og prosjektleiar Heidi Knutsen stadfester:

– Mjølkeproduksjon utgjer mest av verdiskapinga rekna som bruttoprodukt. Likevel har sauehald størst sysselsettingseffekt. Det betyr at sauehald bidrar prosentvis til ein større del av total sysselsetting enn til samla verdiskaping.

Grasbasert jordbruk

Anten ein måler verdiskaping eller sysselsetting, er mjølkeproduksjon og sauehald dei viktigaste produksjonane i regionen. I Nordland, Troms og Finnmark utgjer mjølkeproduksjon høvesvis 58, 57 og 78 prosent av samla verdiskaping. Da er både ku og geit med.

Planteproduksjon utgjer ein liten del av total verdiskaping i dei tre fylka. Det same gjeld skogbruk.

– Enkelt sagt er grovfôr, eller gras, basis for jordbruket og husdyrhaldet i Nord-Noreg. Verdiskapinga reflekterer dette, forklarer Knutsen.

Gjennomsnittsinntekt for bonden i Nord-Noreg var i 2018 kr 315 100 per årsverk. Landsgjennomsnittet var kr 287 500. Forskjellen forklarer Knutsen ved at tørkesommaren 2018 ikkje slo like dramatisk ut i nord som lenger sør i landet.

Frå 2009 til 2018 gjekk talet på jordbruksverksemder i Noreg ned med 18 prosent. I Nordland, Troms og Finnmark var tala 24, 27 og 21 prosent i same periode. Areal per foretak auka. Finnmark har størst areal med 320 dekar per bruk. Landsgjennomsnittet er på 249 dekar.

Må kunne dokumentere

– Skal ein hevde at landbruket er viktig, må ein kunne dokumentere kvifor. Rapporten er verdfull for planlegging og forvalting, sa Liv-Edel Berg, seniorrådgjevar for landbruk hos Statsforvalteren i Troms og Finnmark, ved overlevering av rapporten.

 

Føremål

Å greie ut og dokumentere Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Nord-Norge.

Samarbeid: Østlandsforskning ved Høgskolen i Innlandet

Finansiering: Nordnorsk landbruksråd