Hopp til hovedinnholdet

Ferske tal fortel om norsk sjølvforsyning

7-53-Tala som fortel om norsk sjølvforsyning_Foto Kjersti Kildahl

Foto: Kjersti Kildahl

I 2019 var sjølvforsyningsgraden i Noreg 43 prosent. Held vi fisk utanfor, blir graden 42 prosent. Korrigert for importert kraftfôr, fell han til 34 prosent.

Sjølvforsyningsgraden fortel kor stor del av innanlands matforbruk, rekna som kaloriinntak, som er norskprodusert. Dei siste ti åra har den variert frå vel 40 til snaut 50 prosent.

Tala framgår av grunnlaget NIBIO utarbeider til jordbruksforhandlingane. Også Helsedirektoratet nyttar materialet.

Sjølvforsyningsgraden blir rekna i energi, men protein, kilo eller pengar kan og nyttast. Naturlege svingningar i vêr og avlingsnivå påverkar sjølvforsyninga:

  • Variasjon i matkornavlingane forklarer ein stor del av årlege endringrar i sjølvforsyningsgraden, seier LarsJohan Rustad. Tørkeåret 2018 fekk til dømes konsekvensar for mat- og fôrproduksjon som heldt fram inn i 2019.

‘Korn som mel’ utgjer nær 30 prosent av samla energikonsum. Kjøt utgjorde 13 prosent i 2019, og er nest største matprodukt. Sjølvforsyningsgraden for husdyrprodukt er generelt høg. For planteprodukt er han klart lågare.

I ordskiftet er ‘sjølvforsyningsgrad basert på norsk fôr’ eller ‘utan fisk’ ofte brukt. Andre importerte innsatsfaktorar enn kraftfôr er og viktige. Det viste koronasituasjonen i 2020 med omsyn til utanlandsk arbeidskraft. 

Dekningsgraden viser kor mykje norsk mat vi kunne ha konsumert dersom eksportert mat frå Noreg var ein del av forbruket innanlands. Den ligg ofte rundt 90 prosent, og var 86 prosent i 2019. Fisk til eksport utgjer mest av forskjellen i sjølvforsyningsgrad og dekningsgrad.

Dei to ‘gradene’ seier lite om vår sjølvforsyningsevne i ei krise. Dei er ikkje mål på forsyningsberedskap eller matsikkerheit.

  • I ein lengre krisesituasjon vil nok fleire sider av dagens kosthald og produksjonar endre seg. Meir planteproduksjon vil truleg gå til menneskemat og mindre til husdyrfôr, kommenterer Rustad.

 

Formål

Utarbeide grunnlag for jordbruksoppgjeret

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet