Hopp til hovedinnholdet

Oppdatert kunnskap om arealressursane

33-53-Arealressurser

Foto: Morten Günther

I 2017 vart Arealbarometer for alle norske fylke oppdatert og sendt breitt ut frå NIBIO. Barometra viser status for arealressursane i kvart fylke.

– I Arealbarometera har vi sett saman all informasjon vi har gjennom vår nasjonale ressurs-kartlegging, seier avdelingsleiar for Landbrukskart, Jostein Frydenlund.

Han har ansvaret for utvikling, oppdatering og formidling av desse faktaoversiktene som gir oversikt over landbruksressursane, kva areala er eigna til og kva dei faktisk blir brukte til. Kornproduksjon dominerer i nokre fylke, medan mjølkeproduksjon og grovfôr er størst andre stader.  Nytt i 2017 var det at nedbygd jordbruksareal er inkludert i faktaoversikta. Denne dokumentasjonen er viktig for å vise utvikling og utbygging som skjer på grunnlag av endra bruk av matjord.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale seier dette om samfunnsnytten av Arealbarometera: 

– For å kunne meine og ta gode avgjerder, treng vi god dokumentasjon. Vi treng kunnskap om jordbruksareala i landet vårt, kvar dei finst og om eigenskapane og kvaliteten på ressursane. Slik innsikt gir Arealbarometera frå NIBIO.  

Dale meiner og at kunnskapen vil vere nyttig knytt til endringar som kjem gjennom kommune- og regionreformene, noko som vil auke behovet for å dele informasjon om regionale og lokale ressursgrunnlag. 

Jostein Frydenlund poengterer at kart er ferskvare:

– Derfor er det avgjerande at dei blir jamleg oppdaterte slik at dei gir eit så korrekt bilete av tilstanden som mogleg, seier han.

Frydenlund held fram om utfordringar for matproduksjon som følgje av folkevekst, energibruk og klimaendringar. Informasjonsbehovet vil auke i takt med endringane framover, meiner han.

Data frå Arealbarometera kjem eksempelvis til nytte i konsekvensutgreiingar, arealplanlegging og søknadar om ulike tilskot innan landbruket. Auka kunnskap om ressursane kan og bidra til å finne alternative utbyggingsområde i planleggings- og omdisponeringssaker.

 

Føremål

Gi relevant kunnskap om status og potensial for arealressursane i Noreg

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet