Hopp til hovedinnholdet

Overblikk over arealressursane landet rundt

Follobanen_Ski_Akershus_Oskar Puschmann

Utbygging av Follobanen. Ski, Akershus. Foto: Oskar Puschmann.

Det siste halvåret har NIBIO gått ut med oppdaterte Arealbarometer kysten rundt, fylke for fylke. Barometera blir brukte av alle som treng eit kjapt overblikk over arealressursane som finst i fylka våre. Målgruppene er typisk innan forvaltning og politikk.

Kvart barometer er eit lite oppslagsverk som viser arealstørrelsar og -typar i fylket. I tillegg viser barometeret  kva ressursane er eigna til – og kva dei blir brukte til. Nytt av året er det at og nedbygd areal med matjord blir vist.

I år er alle dei fylkesvise arealbarometra for Noreg blitt oppdatert og sendt ut med pressesaker i dei ulike landsdelane.



- Kart er ferskvare

- I ei tid der det grøne skiftet i 2015 var årets ny-ord, og biomasse er stikkord for mykje av det vi skal leve av i framtida, vil behovet for slik informasjon truleg berre auke på i åra som kjem, seier avdelingsleiar for Landbrukskart i NIBIO, Jostein Frydenlund.

Han har ansvaret for utvikling, oppdatering og formidling av Arealbarometera og generelt for kunnskapsformidling om datagrunnlaget som NIBIO har om arealressursane.

- Kart er ferskvare og det er viktig at dei blir oppdatert etter kvart som det skjer endringar, seier han.

Vi står overfor aukande utfordringer knytt til matproduksjon, klima og energi. Informasjonsbehovet for planlegging og beredskap innanfor desse områda vil nok berre auke.

Kornåker-før-storm_Gimsan_Melhus_Sør-Trøndelag_Foto Oskar Puschmann NIBIO (2)
Gimsan, Melhus, Sør-Trøndelag. Foto: Oskar Puschmann.

Trøndelag: Rikt ressursgrunnlag

For siste gong fekk Nord- og Sør-Trøndelag kvar sitt barometer. Frå årsskiftet er dei samla til eitt rike med sine totalt rundt  1 750 000 dekar jordbruksareal. Også som matrike har dei mykje til felles.

- Til saman produserer våre to fylke 20 prosent av all mjølk i landet til ein verdi på 1,7 mrd. kroner, fortel landbruksdirektør Tore Bjørkli i Sør-Trøndelag.

Mjølkeproduksjon står for meir enn halvparten av all verdiskaping i Trøndelagsfylka. Korn, svin og storfe er og store, viktige produksjonar. I tillegg finst her eit mangfald av produksjonar og jordbruksverksemder, noko dei meir enn 200 småskala matprodusentane er døme på.

Kornåker Ås_Akershus_Erling Fløistad - Kopi
Kornåker i Ås, Akershus. Foto: Erling Fløistad.

Østfold og Akershus: Kornkammer under press

Noreg har 11 282 000 dekar jordbruksareal. I underkant av sju prosent av dette er i Østfold, og i overkant av sju prosent er i Akershus. Til saman har dei to fylka 40 prosent av kornarealet i Noreg, med rundt 20 prosent kvar.

 - Stort sett all dyrka mark i Østfold er egna til matkornproduksjon. Jordsmonn og klima legg og til rette for grønsaker og tidlegproduksjonar, fortel Nina Glomsrud Saxrud som er landbruksdirektør i Østfold fylkeskommune.

Nær 80 prosent av alt jordbruksareal som er i drift i Akershus blir brukt til kornproduksjon. Det same gjeld i Østfold.

Både i Østfold, Oslo og Akerhus er det stort press på jordbruksareala som følgje av folkeauke og sterke samfunnsinteresser for utvikling av næring, tettstader og infrastruktur.

Landbruksdirektør Morten Ingvaldsen i Oslo og Akershus meiner Fylkesmannen generelt har ei viktig oppgåve i å medvirke til jordvern ved utarbeiing av kommunale og regionale planar.

Nina Glomsrud Saxrud påpeiker at kommunane i Østfold har eit nasjonalt ansvar for å ta vare på den dyrka jorda.


Vestfold: Løkfylket

Grønnsakproduksjonen i fylket brukar berre fire prosent av jordbruksarealet, men står for ein tredel av den plantebaserte jordbruksomsetninga. Løk og tidligpotet er viktige.

- Kepaløk og vårløk er store produksjonar i fylket vårt, med Larvik i spissen som landets største løkkommune, seier landbruksdirektør Olav Sandlund i Vestfold.

Saman med Toten i Oppland dekker Vestfold marknaden for løk i Noreg.

Ifølgje Arealbarometeret for Vestfold har areal til grønnsakproduksjon auka med 40 prosent i fylket dei siste åra.

Landskap Vollan Tynset i Hedmark_Oskar Puschmann
Vollan i Tynset, Hedmark. Foto: Oskar Puschmann.

Hedmark: Mest jordbruksareal i landet

Ingen andre fylke i Norge har meir skog- og jordbruksareal. Vel ti prosent av landets matjord og 20 prosent av det produktive skogarealet finn du i Hedmark.

Fylket har vel ein million dekar dyrka mark. Landbruket og landbruksbasert industri i Hedmark, både jord og skog, gir grunnlag for 143 000 arbeidsplassar og ei årlig verdiskaping på seks milliardar kroner. Det utgjer vel 15 prosent av sysselsettinga og ni prosent av samla verdiskaping i fylket.

- Tala understrekar posisjonen til landbruket i fylket vårt, og kva ansvar vi har for å ta vare på ressursgrunnlaget, seier landbruksdirektør Haavard Elstrand i Hedmark.

Halvparten av jordbruksareala i fylket er i bruk til kornproduksjon, medan nær 40 prosent blir brukte til grovfôr, altså grasproduksjon. Men matjorda er pressa:

- Fleire store nasjonale samferdselstiltak er under gjennomføring i fylket vårt, og det er utfordrande for jordvernet, seier landbruksdirektøren.

Gras_grovfor_Jordheimsmyrene_Hemsedal_Buskerud
Jordheimsmyrene i Hemsedal, Buskerud. Foto: NIBIO.

Buskerud: Stor auke i grønsaker og bær  

Om lag 42 prosent av den dyrka jorda i fylket produserer korn. Nær 54 prosent er i bruk til grovfôrproduksjon og innmarksbeite.

Jordbruksarealet i fylket utgjer fire prosent av landarealet, medan produktiv skog utgjer heile 41 prosent. Jord- og skogbruket er viktige næringar. Ifølgje barometeret for Buskerud har areal til grønnsaker og bær auka med over 60 prosent dei siste åra.

- Satsinga på grønsaker og bær kan ha gått utover korn og potet, fortel Gunhild Dalaker Tuseth. landbruks- og miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Buskerud.

- I tillegg ser vi at det har blitt meir grasareal sør i fylket på grunn av økt kjøtfeproduksjon. Det fører og til reduserte areal med korn og poteter, føyer ho til.

Auken i kjøtfe er ønska av marknaden, men det er likevel ikkje ønskjeleg at dei beste jordbruksareala blir brukte til grasproduksjon.

- Gras bør dyrkast på areal som ikkje er eiga for meir krevande produksjonar, seier Tuseth.

Eple i Sauherad_Fylkesmannen i Telemark foto
Eple i Sauherad, Telemark. Foto: Fylkesmannen i Telemark.

Telemark: Frukt og bær er god butikk

Frukt- og bærproduksjonen i fylket brukar to prosent av jordbruksarealet, men står for vel ti prosent av verdiskapinga i jordbruket.

- Bøndene i fylket har truffe blink med frukt- og bærsatsinga si dei siste åra, seier under-direktør Marita Bruun som har ansvar for nærings- og marknadsutviklinga i jordbruket ved Fylkesmannen i Telemark si landbruksavdeling.

Ho fortel om målretta arbeid som no kastar av seg, og om eplemost frå Telemark som har tatt av i marknaden.

Epler, moreller og plommer frå Telemark har alle geografisk vern som stadeigne produkt.

Børkdalen_Sør-Fron_Oppland_Yngve Rekdal
Børkdalen i Sør-Fron, Oppland. Foto: Yngve Rekdal.

Oppland: Sterk verdikjede av utmark og innmark

Arealbarometeret viser at om lag 80 prosent av dyrka jord i Oppland er i bruk til grasproduksjon og innmarksbeite. Dyra som er på utmarksbeite om sommaren treng og mat resten av året.

- Mange kommunar i fylket nyttar meir enn 95 prosent av jordbruksarealet til grasproduksjon, fortel landbruksdirektør ved Fylkesmannen i Oppland, Bente Odlo.

To tredelar av dei 26 kommunane i fylket er fjellkommunar. Fylket er kjent for utmarksbeite med høg kvalitet.  

- Jordbruket vårt har mykje av produksjonar der utmarksbeite er sentralt, seier Odlo.

Ho legg til at Oppland er det tredje største mjølkefylket og nest største storfekjøtfylket. I tillegg er det mykje sau.

- Samtidig er Østre Toten den kommunen i landet som har størst produksjon av grønsaker på friland, så Oppland spenner vidt, avrundar landbruksdirektør Odlo.

Lista i Farsund_Vest-Agder_foto Oskar Puschmann
Lista i Farsund, Vest-Agder. Foto: Oskar Puschmann.

Agder: Små teigar, små bruk og variert husdyrhald

– I Aust-Agder skaper jordbruket mest verdi ved kysten, seier landbruksdirektør i Aust- og Vest-Agder, Tore Haugum. Gode klimaforhold og godt jordsmonn er forklaringa. 

Samtidig er nedbyggingspresset størst i dei same områda - dei bynære jordbruksareala i kommunane langs kysten. Her finst og den beste matjorda i fylket. 

Haugum har tru på at jordvernet kan få drahjelp gjennom auka merksemd på lokalproduserte produkt som fører til større bevisstheit på jordressursane i nærområdet. 

– Satsing på lokale merkevarer frå jordbruket kan dermed gi eit positivt bidrag til vern av matjorda, hevder Haugum, og det kan forsterke prioritering av jordvern til dømes ved utarbeiing av kommuneplaner. 

Landbruksdirektøren fortel om lange tradisjonar med konservesfabrikk og tidligproduksjon av potet, grønnsaker og bær i Grimstad-området. Merkevaren «Reddalspotet» er eit godt eksempel. 

– Jordbruket i Aust-Agder har det til felles med Vest-Agder at bruka er relativt små med små teigar. Leigejorddelen er høg i begge fylke, seier landbruksdirektøren. 

Han legg til at eit variert husdyrhald er viktig for at all jorda skal bli brukt.   

- I Vest-Agder er det dei siste åra blitt gjennomført store investeringar innan mjølk,  sau og storfekjøt, fortel Haugum.

Han meiner investeringsviljen er eit uttrykk for framtidstru i landbruket i Vest-Agder.

Klasetomater i veksthus i Wiik_Klepp kommune_Foto Tonje Fjermestad Aase
Klasetomater i veksthus. Klepp, Rogaland. Foto: Tonje Fjermestad Aase.

Rogaland: Ti prosent av Norges jordbruksareal

Fylket er Noregs tredje største jordbruksfylke, målt i areal, etter Hedmark og Oppland.

Store areal med gras (grovfôrproduksjon) og innmarksbeite gir grunnlag for mykje mjølk, storfekjøt og lam.

- Nesten heile jordbruksarealet i fylket er gras. 44 prosent av verdiskapinga i jordbruket er frå mjølkeproduksjon, seier Geir Skadberg, landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland.

Nær tre fjerdedelar av verdiskapinga i jordbruket i Rogaland kom i 2015 frå ku, sau, geit og svin. Mjølkeproduksjonen sto for 44 prosent av verdiskapinga.

Rogaland er også stor på veksthusproduksjoner. Rundt 90 prosent av alle norske tomater, og 40 prosent av norsk agurkproduksjon kjem herfrå.

Frukttre i Ulvik_Hordaland_foto NIBIO
Lekve Gard, Ulvik, Hordaland. Foto: NIBIO.

Hordaland: Størst i landet på frukt og lokalforedla geitemjølk

Berebjelken i Hordalands-jordbruket er husdyra. Verdiskapinga frå mjølkeproduksjon er størst, og utgjer om lag 45 prosent. Rundt 30 prosent kjem frå sauehald.

Ullensvang er fruktsentrum i fylket, her er 14 prosent av fruktarealet i Noreg samla i ein kommune.

- Kun to prosent av jordbruksareala i fylket blir brukt til fruktproduksjon, men verdiane er store, seier landbruksdirektøren i Hordaland,  Åse Vaag. Rundt ein tredel av all norsk konsumfrukt kjem frå Hordaland.

Samtidig er Hordaland det fylket i landet som har mest lokalforedla geitemjølk, framfor store geitefylke som Oppland og Sogn og Fjordane. Kun ein prosent av geitemjølka i Noreg blir brukt lokalt.

Sandal v Jølstravatnet_Sogn og Fjordane_foto Oskar Puschmann NIBIO
Jølstravatnet, Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Puschmann.

Sogn og Fjordane: Mjølk og bær står sterkt

98 prosent av jordbruksareala i fylket er brukte til innmarksbeite og gras noko som gir grunnlag for eit jordbruk med stor husdyrproduksjon.

- Husdyrproduksjon er svært viktig for oss. Vi har stor mjølkeproduksjon både frå ku og geit. I produksjon av geitemjølk er vi nest størst i landet, seier landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal.

Fylket er og blant dei fire største bærfylka. Sogn og Fjordane har 2/3 av bringebær-produksjonen i Noreg. Morellproduksjonen i Lærdal har enkelte år størst volum i landet.

Sau på Røynmo fjellgard_Sunndal i Møre og Romsdal_Foto Oskar Puschmann
Røynmo fjellgard, Sunndal, Møre og Rømsdal. Foto: Oskar Puschmann.

Møre og Romsdal: Graset er berebjelken for jordbruket

92 prosent av verdiskapinga i jordbruket kjem frå mjølk, storfekjøt, sau og geit – produksjoner som krev mykje areal. Nesten alt jordbruksareal i fylket er brukt til gras.

- Mjølkeproduksjon, inkludert geitemjølk, står sterkt i landbruket i fylket vårt, seier landbruksdirektør Frank Madsøy hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Mjølke- og kjøtproduksjon frå storfe, sau og geit er arealkrevende jordbruk. Heile 97 prosent av areala i drift i Møre og Romsdal blir nytta til gras og innmarksbeite. Store utmarksbeite er og ein viktig del av ressursgrunnlaget.

Ti prosent av kumjølkkvoten og 14 prosent av geitemjølkkvoten i Noreg er samla i fylket. Jarlsbergost og Ridderost blir begge produserte i fylket. Det gjer og geitosten Snøfrisk.

For enkelte kommunar er også andre produksjonar svært viktige. 50 prosent av Noregs industrijordbær kjem frå Norddal kommune. Her er og verdas nordlegaste yrkesfruktdyrking.

I Sunndal kommune har det vakse fram eit miljø rundt potetdyrking og merkevaren Sunndalspotet.

Utvalgt kulturlandskap_Anopset Aigir_Porsanger_Finnmark_Foto Oskar Puschmann_NIBIO
Aigir i Porsanger, Finnmark. Foto: Oskar Puschmann.

Nord-Noreg: Jordbruk i heile landet – også i arktiske strok 

Dei naturgitte føresetnandene for jordbruk blir lågare jo høgare breiddegraden er. I Nordland, Troms og Finnmark er delen av  Noregs jordbruksareal 7, 3 og 1 prosent.

Jordbruket i våre tre nordligste fylker står likevel sterkt innan enkelte produksjonar. Troms er til dømes landets største geitemjølksprodusent med vel 6,1 mill. liter tildelt kvote i 2017. Neste på lista er Møre og Romsdal med 3,5 mill. liter. Kvotane i Noreg er totalt på 22,6 mill. liter.

- Vi har dei beste utmarksbeitene i Noreg, noko som gir godt grunnlag for geite- og sauehald. Dyrka jord med innmarksbeite og gras er ein nødvendig føresetnad for heilårsproduksjon, seier landbruksdirektøren i Troms, Berit Nergård Nyre.  

Hun framhever grovfôrbasert husdyrproduksjon som svært viktig for jordbruket i Troms.

Også i Nordland er grovfôrproduksjon bærebjelken i jordbruket. Tilnærma alt jordbruksareal er i bruk som innmarksbeite, eller til produksjon av gras (grovfôr), ifølge Arealbarometeret.

Kje på beite Tromsø_Foto Marianne Vileid Uleberg
Kje på beite i Trømsø. Foto: Marianne Vileid Uleberg.

Endra arealbruk er krevjande

Stadig færre gardsbruk og endra arealbruk gjer det stadig meir krevjande å drive jordbruk i Nordland kan konstituert landbruks- og reindirektør John Kosmo fortelje:

- I enkelte kommunar er det rift om den dyrka jorda som finst, mens det i andre kommunar kan vere vanskeleg å finne gardbrukarar som ønskjer å drive tilgjengeleg jord.

- Slik utviklinga har vore, og med den eigedomsstrukturen som er i Nordland, blir i dag 50 prosent av jorda drive som leigejord. Det resulterer tidvis i lange transportar, mangelfull utnytting av husdyrgjødsla og dårleg stelte jordbruksareal, seier Kosmo.

Marginale tilhøve heilt i nord

I Finnmark driv dei jordbruk under svært marginale forhold, med kort vekstsesong og lite varme. Landbruksdirektør Torhild Gjølme i Finnmark kommenterer:

- Langs kysten er det i dag få gardsbruk i drift. 60 prosent av gardsbruka i fylket er i Alta og Tana.

Gjølme fortel om vekst i mjølkeeproduksjon og sauehald dei siste åra, og at dette er ei positiv utvikling i tråd med målsettinga om å auke jordbruksproduksjonen i Finnmark. 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.