Kun ein prosent av norske setrar er i bruk
Seterbruket i Noreg har skapt eit landskap med store biologiske og kulturelle verdiar. Ved inngangen til 1900-talet var truleg 100 000 setrar i bruk. I dag er talet om lag 900, og det minkar år for år.
Dette går fram av rapporten «Hvordan står det til på setra?», eit resultat av sju års arbeid der 1 700 setrar er besøkt, og seterbygg, setervoll, gjerder, tilgang og dagens bruk er kartlagt. Materialet dokumenterer korleis setermiljøa framstår, og korleis setrane blir tekne hand om. Vel 7 000 bygningar er registrert. Rapporten inneheld fyldig statistikk, og er i tillegg rikt illustrert med bilete og figurar.
Seterbruket i Noreg har vore svært omfattande, men tradisjonell stølsdrift har gått sterkt tilbake. Prosjektleiar Kari Stensgaard i avdeling for Arealundersøkingar fortel:
– Setring gjekk føre seg overalt, på fjellet, i skogen og på øyer. Ofte hadde ein fleire setrar for å kunne nytta utmarksbeita maksimalt i ulike deler av sesongen. Kvart strå var gull verdt.
Stensgaard fortel om store endringar over lang tid, om seterlandskapet som speglar anna samfunnsutvikling, om avvikling, forfall og gjengroing, men og om levande stølsmiljø som held tradisjonar i hevd.
Det er nær samanheng mellom funksjon og vedlikehald. Bygg utan bruksverdi forfell i større grad enn dei som gjer nytte. Hytter overtar for seterhus. Rekreasjon erstattar produksjon.
Fritidsbruk utgjer i dag nær 60 prosent av aktiviteten på setrane. Hyttebruken bidrar til å halde mange av seterstovene (sela) ved like, men uthusa forfell. Sela er bevart på vel 75 prosent av stølane, medan rundt 50 prosent av stølane har intakte fjøs. Berre ein fjerdedel har bevarte løer. Ystehusa er i stor grad borte.
Fire prosent av setrane har framleis mjølkeproduksjon. Enkelte setrar med mjølkeproduksjon og ysting er og opne for besøkande.
– Eg har von om at stølsdrift som kultur, og stølen som kulturminne, skal bli betre ivaretatt. Det er store verdiar vi er i ferd med å miste, seier prosjektleiar Kari Stensgaard.
Føremål
Å presentere eit tidsbilete av setermiljøene
Finansiering: Landbruks- og matdepartementet, med støtte frå Riksantikvaren