Stølsdrift med hjarte for geiter

DSCF6150_red

– Geiter er fantastisk kloke dyr, seier Lars Tyssebotn som stølar på Osterøy i Hordaland.

På andre sida av vatnet ligg den veglause familiegarden som vart fråflytta på 1960-talet.

Foto: Kjersti Kildahl, NIBIO

Stadig færre driv støl i Noreg. Heldigvis finst det gode døme på at nokre trassar statistikken og held fram. Geitebonde Lars Tyssebotn er ein av desse.

Frå juli til oktober stølar Tyssebotn og kona Berit Ophus i fjella på Osterøy i Hordaland. På garden nede i bygda har dei skapt seg eit levebrød av 80-100 vinterfora mjølkegeiter og rundt 30 sauer av gamalnorsk spæl.

 

Det einaste han ville

Stølen ligg høgt og fritt i kanten av eit vatn omkransa av store utmarksområde. Frå tunet ser ein fjellgarden som ungguten Lars forlet saman med familien tidleg på 1960-talet.

– Så lenge eg kan hugse, har eg visst at eg ville drive med geiter. Alt som femåring batt eg inn geitene for kvelden.

– Eg hadde namn på alle og visste om nokon mangla. Ei kalla eg Leitelisa fordi ho var så ofte på rømmen, minnest han.  

Sidan vart den veglause garden flytta frå. Familien fann seg annan gard i låglandet. Tyssebotn fekk sin første geiteflokk da han gjekk i åttande klasse, våren 1968. 

– Da var det slutt på skulegang for meg. Eg ville heller drive med geiter.

DSCF6180_red
Geitosten blir laga over furueld. Her er far og dotter Guri i ystebua. Ho likar godt stølslivet, men seier det er for tidleg å svare på om ho vil overta. Foto: Kjersti Kildahl

Ny veg gav ny støl

Gjennom åra har Tyssebotn opparbeidd stølsdrift fleire stader i Hordaland før han for ti år sidan kom tilbake til heimtraktene. Da fekk ekteparet hand om eit bruk på Bernes på Osterøy. Samtidig fekk dei ny veg til vatnet ved den gamle familiegarden.

– Slik fekk vi praktisk tilgang til utmarksareal som hadde vore ute av bruk i nær 50 år. Geitene balte litt i starten, men snart fann dei fram til gamle trakk og gode beite, fortel dei.

Eigedomen gir no utmarksbeite for dyra som er grunnlag for gardsdrifta. Frå heimegarden til stølen er det vel 10 minuttar å køyre. Dermed kan slått og vedlikehald på garden følgjast opp parallelt med stølinga utan mykje transport- og tidstap.

 

Stølsdrift i sanntid

Eksempelet frå Osterøy passer bra med inntrykket som seterkartleggjar Kari Stensgaard i NIBIO har av stølsdrift også elles i landet.  

– Mange som sætrar i dag nærmar seg pensjonsalder. Skal setrane vere liv laga, må drifta kunne kombinerast med andre gjeremål - også fritid, kommenterer Stensgaard.

– Dei yngre generasjonane har ofte andre prioriteringar enn dei førre.

Behovet for stølen er ikkje som før. Storskala jordbruk og effektiv produksjon kopla til ein fungerande verdsmarknad for fôr, har skipla sambandet til utmarka.

– Før var utmarksressursane avgjerande for overlevinga til folk og dyr. Dei setra overalt, i skogen, på fjellet og på øyane. Kvart strå kom til nytte.

For 150 år sidan var det rundt 100 000 setrar i Noreg.  I 2018 var ca. 830 i aktiv bruk. I dag er det fritidsbruken av dei gamle bygningane som dominerer.

DSCF4535
Seterkartleggjar Kari Stensgaard i NIBIO meiner stølsliv er dyrevelferd i praksis, og godt både for dyr og landskap. Illustrasjonsfoto. Foto: Kjersti Kildahl

Framtida

Trass i nedgangen, har Stensgaard tru på ei framtid for stølen.

– Vi ser teikn til at pendelen svingar tilbake. Auka medvit om ressursutnytting og dyrevelferd kan gi stølsdrift ny giv, seier ho som sjølv har vore budeie i mange år.

Ho opplevde at dyra vart yre og spreke av å kome til setra. Utmarka utfordrar alle sansane og heile kroppen.

– Her må dyra sjølve finne dei rette plantane, lære seg trygge stiar og dei må passe tida. Stølslivet er dyrevelferd i praksis.

Jordbruket har endra seg, men setra har framleis mykje positivt å tilføre folk og dyr, meiner Stensgaard.

– Framover vil vi truleg sjå auka bruk av setra saman med andre aktivitetar, frå turisme og servering til opplæring og sosiale føremål. Eg har og tru på målretta tiltak for å leggje til rette for ei slik utvikling.

 

KONTAKTPERSON
Geitost og berekraft

Den stølslaga geitosten har skapt sin eigen etterspurnad. Turfolk handlar på stølen eller dei kjem eins ærend til garden for å kjøpe ost og slå av ein prat. Mange kundar kjem køyrande frå Bergen som er ein times køyring frå byen.

Gardbrukarparet er tydeleg bevisste på å drive berekaftig. Bukkekje blir ala fram til slakt og sal. Utrangerte mjølkegeiter blir sende til slakt og tatt heim til eigen kjøtproduksjon på garden.

– Det er ikkje rett å berre bruke ein del av dyret, eller kun mjølka. For oss er det naturleg å tenke sirkelen rundt, det meste kan brukast i produksjon, seier Berit Ophus.

– Vi opplever at folk vil ha både geitepølse og kjekjøt. Men vi skulle gjerne sett meir kje- og geiteprodukt på menyane rundt om. 

Geitene slappar av på skarva ved stølen etter mjølking. Dei er vestlandsgeiter i lynne og rase. Tyssebotn og Ophus avlar sjølve, og sel livdyr. Foto: Kjersti Kildahl

45 prosent, eller rundt 138 millionar dekar, av landarealet i Noreg kan nyttast som beite for husdyr.

Omrekna til fôrressurs utgjer arealet 800 millionar fôreiningar. Kring 300 millionar einingar av dette vart nytta av husdyr i utmark i 2018.

Kjelde: Arealrekneskap i utmark, NIBIO

«Regjeringen vil sikre grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelingen, og legge til rette for økt bruk av norske fôrressurser, herunder utmarksbeite.»

Kjelde: Endring og utvikling – en fremtidsrettet jordbruksproduksjon, Meld. St. 11 (2016-2017)

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

Seterhusene er våre siste håndfaste vitner om levemåten på setra og er kulturminner av stor verdi. Den tradisjonelle seterdrifta er sterkt redusert og setrene brukes nå mest til rekreasjon. Bruksendringen har hatt stor innvirkning på landskap og bygningsmiljøer.

Sammendrag

Stua, eller selet, er budeias bolig. Her foregikk også produksjon og lagring av melkeprodukter. Der setringen har opphørt brukes gjerne selet videre som fritidsbolig, men mange sel er fjernet og erstattet av hytter.

Sammendrag

Den tradisjonelle seterdrifta har lenge vært i tilbakegang, men seterlandskapet er høyt verdsatt som fritidsområde. Konsekvenser av bruksendringen er beitelandskap som gror igjen, seterbygninger som endres eller forfaller, utvidet veinett og nye bygningsmiljøer.

Sammendrag

Bruken av setrene har endret seg og seterlandskapet har vært i endring over lang tid. NIBIO har i løpet av sju somre gjennomført en undersøkelse av setermiljøer spredt rundt i landet. Rapporten viser, gjennom bilder og statistikk, dagens situasjon med hensyn til setrenes bruk og tilgjengelighet, innhold og tilstand i bygningsmiljøer, og gjengroing av setervoller. 300 områder á 5 km x 5 km i 17 fylker er befart i felt og nær 1700 seteranlegg er registrert.