Hopp til hovedinnholdet

Jord er meir enn ‘berre jord’

07-51- Randaberg_Siri Sveng Stokke foto_DSC_1553

Foto: Siri Svendgård-Stokke

– Må ein først ta av jordbruksareal til utbygging, bør ein ta av den jorda med minst verdi, seier jordkartleggjar Siri Svendgård-Stokke.

Dagleg er jord under press av utviklinga.  Noko jord går ut av produksjon, anna forsvinn for godt under asfalt og betong. Den ressursen naturen har brukt tusenvis av år på å lage, kan vere vekke i løpet av ein byggjeperiode.

Verdien av kunnskap om jorda

For folk flest er jord ‘berre’ jord, sjølv om vi veit at ho kan vere ulik frå stad til stad. For å gjere kloke val om bruk av jord, må dei som skal ta avgjerdene ha best mogleg  kunnskap.

Slik kunnskap samlar fagfolka i NIBIO inn når dei kartlegg  jordtypar og -eigenskapar , kor dei  finst og i kor stort omfang. Som resultat får bonden viktig informasjon for val av vekster og jordbearbeiings-metode. Forvaltninga får nyttig grunnlag i utgreiings- og arealplansaker, for prissetting av jord for sal eller utleige, og  for å vurdere dreneringsbehov og erosjonsrisiko.

Det er primært jordbrukskommunar som etterspør slik kartlegging.  I vekstkommunar med mykje jordbruksareal, er det ikkje til å unngå at det bli spørsmål om å vurdere bruk av matjord til utbygging. 

Aktuelt eksempel

Ein av kommunane som sist nytta tenestene frå NIBIO som del av avgjerdsgrunnlaget, er Randaberg på Jæren. Våren 2016 pågår her ein prosess om prissetting av jord. Saka er av prinsipiell interesse også for andre kommunar.

– Vi treng eit einsarta og fagleg vurderingsgrunnlag, seier Anne Grethe Bø Cazon, landbruksansvarleg i Randaberg kommune.

– Det må vere potensialet i jorda som avgjer verdien og prisen, ikkje den aktiviteten ein ser ‘oppå jorda,’ seier ho.

Då kjem det vel med å ha fagfolk som kan gi data å tufte vurderingane på.

 

Formål

Å dokumentere og stadfeste jordas eigenskapar som ressurs

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet