Hopp til hovedinnholdet

Funne «makk i eple» over heile landet i år

34-33-erfl-20200914-140827

Foto: Erling Fløistad

Lite rognebær har ført til at rognebærmøllen har gått til åtak på eplehagar over heile landet. Ikkje sidan 1994 har det vore så store åtak - opp mot 100 prosent av avlingane er skadd i fleire felt.

Syndaren er rognebærmøll, det verste skadedyret på eple her sidan slutten av 1890-åra. Rognebærmøllen likar best rogn, men i år med lite bær kan det bli svært kraftige angrep på eple.

NIBIO har utvikla eit nasjonalt varslingssystem for rognebærmøllåtak, formidla via VIPS. Varselet går mellom anna på fare for angrep og rett tidspunkt for tiltak, men kan variere lokalt. Difor vert det samla inn informasjon frå rundt 50 stasjonar omkring i landet.

Det er lite kunnskap om kor godt rognebærmøllen overlever og utviklar seg i eple. Det gjer det vanskeleg å gje prognosar for neste år etter slike angrepsår som i 2020. Dette ynskjer forskarar frå NIBIO no å sjå nærare på.

Gunhild Jaastad, forskar ved NIBIO Ullensvang, forklarar at det i 2019 var mykje rogn og mange bær å leggje egg i. Desse klekte våren 2020 og sidan det ikkje var rogn, har dei i staden foke inn i eplehagar.

– Eple og rogn luktar litt likt. Vi har saman med svenske forskarar analysert luktstoff i eple og rogn, og funne at nokre av komponentane er like, seier Jaastad.

No vil ein studere kva som skjer med rognebærmøllen i dei åra dei går til åtak på eple.

– Vi ynskjer å ha klekkefeller i eplehagar der vi veit angrepet var stort og ser det har dotte ned eple for å sjå om dei faktisk overlever. Vi har no søkt eit forprosjekt saman med NLR på rognebærmøll og overleving i eple, seier Jaastad.

Forskaren trur at alle har opplevd invasjonen i år som ei krise, sjølv om nokon har klart seg betre enn andre. Men blir det angrep til neste år er det skikkelig krise. Dersom møllen overlever og overvintrar dårleg i eple vil krisen fyrst kome om 2-3 år.

 

Føremål

Det er lite kunnskap om kor godt rognebærmøllen overlever og utviklar seg i eple, noko som gjer det vanskeleg å gje prognosar. Dette ynskjer forskarar frå NIBIO no å sjå nærare på.