I år har det vore «makk i eple» over heile landet

erfl-20200914-140827

Årets angrep av rognebærmøll i eple har vore dei største på 26 år. Foto: Erling Fløistad.

Har du funne mark i epla dine i år? Lite rognebær har ført til at rognebærmøllen har gått til åtak på eplehagar over heile landet. Ikkje sidan 1994 har det vore så store åtak - opp mot 100 % av avlingane er skadd i fleire felt.

I år har mange funne «makk i eplet» - både i private eplehagar og eplefelt rundt om i heile landet. Syndaren er rognebærmøll - arten har vore det verste skadedyret på eple her sidan slutten av 1890-åra. Denne skadegjeraren likar best rogn, men i år med lite bær kan det bli svært kraftige angrep på eple.

NIBIO har utvikla eit nasjonalt varslingssystem for rognebærmøllåtak, formidla via VIPS (Varsling innan planteskadegjerarar). Varselet kan variere lokalt, og difor vert det samla inn informasjon frå rundt 50 stasjonar omkring i landet. Desse varslar om fare for angrep og rett tidspunkt for tiltak, temperaturar, mengda rognebær og rognebærmøllen sin livssyklus. I år har alle stasjonane varsla raudt.

Det er lite kunnskap om kor godt rognebærmøllen overlever og utviklar seg i eple, noko som gjer det vanskeleg å gje prognosar for neste år etter slike angrepsår som i 2020. Dette ynskjer forskarar frå NIBIO no å sjå nærare på.

 

Verste åtak sidan 1994

Gunhild Jaastad, forskar ved NIBIO Ullensvang, fortel at varslinga for rognebærmøllangrep vart utvikla 40-50 år tilbake i tid, og at informasjonen som er samla inn viser ein klar samanheng mellom rogn og skade i eple. På stasjonane knytt til VIPS har NIBIO eit samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) i tillegg til landbruksavdelingar og enkeltpersonar om å telje kor mykje blomeklasar det er om våren, bær om hausten og innsamling av bær.  

- Vi samlar inn minst 1000 bær frå kvar stasjon. Då ser vi på kor mange av bæra det er larvar i. Dette fortel oss kor stort åtaket er og ein kan estimere kor stor populasjonen vert neste år. Men er det mykje blomeklasar i rogn og flust av plasser å leggje egg, forventar ein ikkje åtak på eple. Det vi har sett i år er det verste åtaket sidan 1994. Eg har heller aldri sett så lite rogn. I år var det faktisk vanskeleg å samle inn bær på stasjonane - for det er ikkje bær, seier Jaastad.

Ho forklarar at det i fjor var mykje rogn og mange bær å leggje egg i. Desse har klekt i vår og sidan det ikkje var rogn, har dei i staden foke inn i eplehagar.

- Eple og rogn luktar litt likt. Forskarar i NIBIO har saman med svenske forskarar analysert luktstoff i eple og rogn, og funne at nokre av komponentane er like. Det er spesielt to komponentar som tiltrekk rognebærmøllen. Desse to er testa i feller og vi ser at dei tiltrekk seg rognebærmøll, seier Jaastad.

larve3.jpg
I år har mange funne «makk i eplet» - både i private eplehagar og i eplefelt rundt om i heile landet.  Foto: Gunnhild Jaastad.

Ønsker meir kunnskap om rognebærmøll

No håpar forskarane ved NIBIO å kunne studere kva som skjer med rognebærmøllen i dei åra dei går til åtak på eple.

- Er det sånn at rognebærmøll utviklar seg skikkeleg i eple? Overlever dei? Forpuppar dei seg? Overlever dei vinteren og klekker dei som vaksne året etterpå? Vi veit eigentleg ikkje. Dette er kjempeviktig å sjå på. Vi ynskjer å ha klekkefeller i eplehagar der vi veit angrepet var stort og ser det har dotte ned eple for å sjå om dei faktisk overlever.

- I år er det 100 % skade i nokre hagar, og store tap for epleprodusentane. Det er stor interesse for å få meir kunnskap. Difor har vi no søkt eit forprosjekt saman med NLR på rognebærmøll og overleving i eple, seier Jaastad.

Det er også andre faktorar forskarane gjerne vil studere nærare. Jaastad fortel at dei har observert ein ny «rar» ting i år:

- Fellene med luktestoff er hengt opp i eplehagen. Fangst i desse fellene gjev indikasjon på når møllen flyg inn og kor mange det er. Finn ein meir enn fire møll på ti feller kan ein forvente åtak. I år fann vi vanvitig mykje. Og det ser ut som det er to toppar; ein topp når vi forventar det ut frå modellen, men så er det ein topp til nokre veker etterpå. Er dette noko ein finn i rogn også, men ikkje har undersøkt før? Eller har det endra seg, undrar NIBIO-forskaren.

 

To toppar kan skape trøbbel for epledyrkarane

Er det to toppar som i år, kan det skape trøbbel for epledyrkarane, påpeikar ho:

- Ein set jo inn tiltak rundt fyrste topp slik modellen tilseier, men er det ein topp til har ein ikkje tiltak. Det er ikkje lov å bruke kjemiske plantevernmiddel for nære hausting og ofte er det avgrensingar på kor mange gonger eit plantevernmiddel kan brukast i sesongen.

I tillegg manglar det kjemiske middel og ein har ikkje alternativ frå 2021, seier Jaastad.

Dette burde det forskast på, men det er ikkje noko stort internasjonalt forskingsmiljø rundt dette. Rogna er ikkje vekselberande andre stadar enn i Noreg og Sverige, så dei har ikkje dei same problema i eple, opplyser NIBIO-forskaren.

- Samanliknar ein med epleviklar, ein annan sommarfugl der det er vanleg med to generasjonar sør i Europa og ein generasjon hjå oss, finn ein også endringar i flygemønster. Dei siste to åra tyder registreringar på at det kan vere to generasjonar hjå oss også. Epleviklar finst på Austlandet, i tillegg har det vore er ein liten populasjon i Sogndal. Dei siste åra har utbreiinga auka og det er funne epleviklar fleire plassar i Sogn. Kanskje er det klima som har innverknad, men det veit vi ikkje, legg ho til.

 

Krisa kan bli endå større neste år

Ifølgje Jaastad, blei det i år krise for mange epleprodusentar:

- Epleprodusentane fekk dispensasjon for å bruke middel som ikkje er godkjent hjå oss. Nokre dyrkarar har sett av tre som ikkje er sprøytt for å sjå på angrepsgrad og effekt av plantevernmiddel. Resultata er rapportert inn, men tala er ikkje klare enno. I økologisk produksjon brukar dei vegetabilske oljer mot egg, men føregår egglegginga over lenger tid, er det lett å bomme på sprøytetidspunktet. Naboen min driv økologisk epleproduksjon og han hadde ikkje eit eple utan rognebærmøllskade, fortel ho.

Dersom det er slik at møllen kan overleve i eple og klekke etterfylgjande år, vil det til neste år vere ein stor populasjon i eplefelt der skaden er stor i år.

- Dei føretrekkjer rogn, men det er meir sannsynleg at dei vil leggje egg i eple om dei allereie er til stades i eplehagen.

- Eg trur at alle har opplevd invasjonen i år som ei krise, sjølv om nokon har klart seg betre enn andre. Men blir det angrep til neste år er det skikkelig krise. Dersom møllen overlever og overvintrar dårleg i eple vil krisen fyrst kome om 2-3 år, avsluttar ho.

KONTAKTPERSON
Plantehelseaaret2020-logo-V-wb.gif
Fakta om rognebærmøll

Skadegjerar

Rognebærmøll, Argyresthia conjugella, har sidan slutten av 1890-åra vore det alvorlegaste skadeinsektet på eple i Norden. Det einaste effektive tiltaket har vore bruk av sprøytemiddel. Sprøytemidla er stadig til vurdering når det gjeld negative påverknad på miljø og brukarar. Det skapar stort behov for nye planteversmetodar, og såleis ny kunnskap om skadegjerarane slik at nye metodar for nedkjemping kan utviklast.

 

Vertsplante

Vertplanta i Noreg er rogn, Sorbus aucuparia, men den finst også i ei rekkje andre Sorbus artar. Rogn finst i dei fleste habitat frå fjord til fjell og frå sør til nord. Rogna er vekselberande hjå oss, det vil seie at talet bær vil variere frå år til år i eit fast mønster. Tidlegare var det toppar i talet rognebær kvart andre til tredje år. Oftast er det gode bærår samtidig i heile Noreg, og truleg også i Sverige og Finland. Berre når det er lite rognebær går rognebærmøllen til åtak på eple.

 

Skadeverknadar på eple

Angripne eple får eit lite hòl i skalet der larvane gneg seg inn. Området rundt hòlet blir nærast svart. Ut av hòlet piplar det litt fruktsaft som tørkar inn til kvitt pudder. Ved sterke angrep kan det bli mange slike hòl i kvart eple. Larvane gneg gangar innover i eplet på kryss og tvers, og i enkelte tilfelle, kan dei gå heilt inn til kjernehuset og ete på frøa. Angripne eple kan brukast til most eller sider, men er lite appetittleg å ete ferske. I enkelte år kan rognebærmøll gje total skade av avlinga, men i år med nok bær på rogna går epla heilt fri.

123766701_3454214538019176_7260484529653517899_n.jpg
Gunhild Jaastad, forskar ved NIBIO Ullensvang, fortel at varslinga for rognebærmøllangrep vart utvikla 40-50 år tilbake i tid, og at informasjonen som er samla inn viser ein klar samanheng mellom rogn og skade i eple. Foto: Privat.
skade2.jpg
I år er det 100% skade i nokre hagar i Noreg, og store tap for epleprodusentane. Det er stor interesse for å få meir kunnskap. Difor har NIBIO no søkt eit forprosjekt saman med NLR på rognebærmøll og overleving i eple. Foto: Gunnhild Jaastad.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.