Hopp til hovedinnholdet

Vil dyrke fleire «eksotiske» grønsakar i norske veksthus

20190806_Tomatillo høstet_cropped

Salsitas AS i Stavanger lagar meksikansk saus frå norskproduserte tomatilloer. Opphavleg er tomatillo ein gammal kulturvekst frå Mellom-Amerika. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.

Har du nokon gong smakt uragurk, tomatillo, bitter gourd, kvit mini aubergine eller okra? Alle er grønsaker som kan bli dyrka berekraftig i norske drivhus.

Aldri har grønsaksforbruket vore høgare i Noreg enn i dag. Stadig fleire av oss et vel eit kosthald med mykje frukt og grønt grunna dei positive helseeffektane.

Ein del tykkjer også det er spennande å prøve ut meir «eksotiske» grønsaker. Mange av desse ‘nisjeprodukta’ er av tropisk eller subtropisk opphav og blir etterspurd heile året. Dei fleste blir importert og selt gjennom såkalla ‘innvandrarbutikkar’. Dette er lite berekraftig frå eit miljøperspektiv grunna utslepp av klimagassar frå transport. Dessutan er kvaliteten ofte dårleg. Samanliknar ein med ferske, norske, nyplukka grønsaker, så har desse som regel verken blitt transportert langt eller lagra lenge.

Det finst gode moglegheiter for å dyrke desse nye grønsakane i Noreg. Rogaland er landets fremste veksthusfylke for grønsaksproduksjon, og her er det mykje kunnskap og kompetanse innan produksjon av grønsaker frå sørlegare strøk i regulert klima. Men høge produksjonskostnader i samband med å prøve ut nye produkt gjer at risikoen for å starte opp blir stor for produsentane.

I eit prosjekt i regi av NIBIO Særheim - som bygg på eit forprosjekt i samarbeid med innvandrarbutikkar organisert gjennom den Indiske Foreininga i Noreg - testar forskarar ut dyrking av ei rekkje eksotiske veksthusgrønsaker som butikkane er interessert i å selje.

Målet er å lage eigne dyrkingsmanualar for grønsakane som kan brukast av lokale veksthusgartnarar– og etter kvart gartnarar kring om i Noreg.

20190620_Okra fresh produkt_cropped.jpg
Okra er ei belgfrukt som opphavlig kjem frå Etiopia, og som blir etterspurt av forbrukar frå fleire delar i verda. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.

 

Mange tomme veksthus

-Dette er eit treårig prosjekt finansiert av Rogaland fylkeskommune, og vi er no i det andre året, opplyser Geo van Leeuwen, avdelingsingeniør ved NIBIO Særheim.

Han fortel at dei i forprosjektet, på grunnlag av etterspurnad og salsprisoppgåver frå innvandrarbutikkar, valde ut 40 sortar av eksotiske grønsaker for å studere dyrkingspotensial i veksthus. Sortane blei testa i veksthus hos NIBIO Særheim.

- Forprosjektet viste potensial for fleire produkt, både når det gjaldt produktkvalitet, forventa pris og produksjonsmoglegheiter i veksthus i Rogaland. Frå dei 40 utvalde grønsakane har vi i fyrste omgang  valt ut 10 grønsaker til å fortsette med i forsøket.

For desse ser forskarane nærare på plantane sine behov i norske drivhus når det gjeld stell, temperatur, lys, vatning, gjødsling og plantevern i veksthusa til NIBIO Særheim. Samstundes med utviklinga av kultiveringsprotokollar for dyrking av  dei ti grønsakane i norske drivhus, prøvar dei også å skape interesse blant lokale gartnarar.

Van Leeuwen seier valet om å starte opp i Rogaland var bevisst, fordi det her er mange tomme veksthus som ikkje kan nyttast til storproduksjon av agurk og tomat som krev betre teknologi når det gjeld lys og varme. Dessutan har han sjølv og fleire andre forskarar ved NIBIO Særheim mykje erfaring frå dyrking i veksthus.

20190718_aubergine sorter høstet_cropped.jpg
Frå andre delar av verda kan det hentast  kvalitetsfrø som gir god avling av auberginar med ulik farge og form. Dette er to nye sortar: `Exp 1410 F1’ (t.v.) og ‘Kokila F1’ (t.h.). Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.

Vil innlemme produsentar

-Det som er problemet til produsentane er at det ikkje er rom for utprøving av nye vekstar utan at ein har ein god ide om kva for kulturar som kan dyrkast: Kva slags sortar bør ein velje frå dei ulike kulturane? Kva er krava til klima, vatning og gjødsling? Kva slags forventning kan ein ha til avling og kvalitet, og ikkje minst – kva slags problem kan oppstå, mellom anna når det gjeld sjukdommar og skadedyr og overføring av virus, seier han.

Forskarane har no kome så langt i prosjektet at dei prøvar å innlemme produsentane.

 -Nokon er veldig positive, mens ein del er skeptiske til å prøve nye ting. Så vi prøver å gjere det interessant for desse.

-Potensialet for å produsere fleire nye grønsaker her i Noreg er tilstade. Ta til dømes tomatillo. Dette er ein meksikansk buskfrukt som tilhøyrer familien av tomat og paprika,  som ingen tidlegare har forsøkt å dyrke i veksthus i Noreg. Tomatillo brukast mykje i meksikansk mat. Eit selskap i Stavanger som importerer den frå Mexico til å lage sausar, spurde om det var mogleg å produsere den her i landet. Det var det. Om lokale produsentar vil vere interessert i å produsere den blir det med ein gong økonomisk interessant, påpeikar han, og legg til at ikkje alt forskarane ser på vil bli produsert.

-Men mitt mål er å få 4-5 ulike avlingar ut av prosjektet i Noreg.

bottle gourd_cropped.jpg
Bottle gourd (Legenaria siceraria) finst med ulike navn som flaskegresskar eller hvitblomstret kalebas. Modne frukter veg 500 til 700 gram. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.

Nye typar agurk og squash

Van Leeuwen fortel at det er mange spennande grønsaker i «testpanelet».

-Mellom anna testar vi ut ulike typar agurkar og auberginar. I Noreg kjenner vi berre til ein eller to, men det er som med tomatar – det finst mange ulike sortar. Det er mogleg å auka agurkproduksjonen og aubergineproduksjonen med forskjellige sortar som alle ser og smakar ulikt, seier han.

Forskarane ser også på mellom anna bladvekstar som amarant og fenugreek-amarant. Desse er proppfulle av viktige vitaminar og mineraler, og er særleg populære blant allergikarar. Ulike typar bønner og squash, som butternut squash, er også med på lista.

-Vi vil i tillegg gjerne kunne produsere meir frisk koriander - og ikkje berre i potte slik det no blir gjort. Folk i Asia bruker gjerne koriander i maten kvar dag, seier NIBIO-ingeniøren.

20180427 Skjære Bladvekster_cropped.jpg
Prøveproduksjon av grønsakene Amaranthus og Fenugreek. Produksjon av eksotiske grønsaker kan bidra til god integrering trur avdelingsingeniør Geo van Leeuwen. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.

Fleire gartnarar har meldt si interesse og Van Leeuwen trur også at prosjektet kan vere med på å utnytte kunnskap frå innvandrarar i produksjonen.

-Mange nye innvandrarar, m.a. frå India og Syria, har god erfaring frå landbruk. Prøveproduksjon av eksotiske grønsaker i norske veksthus vil vere ein god måte å få brukt denne kunnskapen. Samtidig vil det vere ein moglegheit for å lære språk i arbeidsomgjevnadar. Så dette kan føre til god integrering, trur han.

Ifølgje Van Leeuwen vil utvikling av kommersiell produksjon av eksotiske grønsaker i Rogaland også kunne vere med å sikre utsette arbeidsplassar i eksisterande bedrifter, skape nye arbeidsplassar og bidra til auka kompetanse.

-Det bidrar til eit grønt skifte. Vi koplar saman produsentar og marknadsaktørar og mobiliserer bedrifter til å samarbeide mot nye marknadar. Arbeidet vil også styrke Rogaland sin posisjon som veksthusfylke, med fleire produkt enn tomat og agurk, avsluttar han.

12-13.jpg
20180601 Yard Long bean Lata - produksjon_cropped.jpg
Dyrking av lange, asiatiske bønner (Long bean ‘Lét’) på NIBIO Særheim har gitt god produksjon i veksthus gjennom sommaren. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.
20190717_Bitter gourd avling_cropped.jpg
Karella, Bitter gourd ‘Anoushka F1’ (Momordica charantia), dyrka ved NIBIO Særheim. Denne grønsaken er populær blant indiske innvandrarar i Noreg og kvaliteten på lokalt produserte karella kan vera mykje betre enn dei importerte. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.
uragurk.jpg
Noko nytt: Uragurk (Cucumis sativis). Attraktiv, produktiv og rik på smak. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.
20190717_Bittergourd på plante_rotated.jpg
Produksjonsplante av karella, bitter gourd ‘Anoushka F1’ (Momordica charantia) frå NIBIO Særheim. Per i dag kan denne blir dyrka i Noreg i sommarhalvåret. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.
20190717_Tomatillo produksjon_cropped.jpg
I følgje forskarane har ein no knokke koden til produksjon av tomatillo (Physalis ixocarpa) i Noreg. Foto: Geo van Leeuwen, NIBIO.
20191101 Agrovisjon_5_cropped.jpg
Avdelingsingeniør Geo van Leeuwen på messa AgroVision i Stavanger tidlegare denne månaden. Foto: NIBIO.

NRK besøkte veksthuset ved NIBIO Særheim tidlegare i haust.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Rapporten beskriver resultatene fra et forprosjekt med mål å undersøke muligheter for norsk veksthusproduksjon av eksotiske grønnsaker til innvandrerbutikker. Prosjektet ble gjennomført i samarbeid med ‘Indian Society of Rogaland’ og støttet av Fylkeskommune Rogaland gjennom Handlingsprogram Næring 2016.