Eksotiske grønsaker «made in Norway»

IMG_1258_cropped

Frostdekke på Pac Choi - ein kålvekst som dannar ein bladrosett beståande av 8-10 grøne blad, med ein lang kvit stilk og kvite bladnervar. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.

I nær framtid kan norskdyrka søtpoteter, perilla (shiso/bladmynte) og Pac Choi vera å finna i fleire butikkhyllar her heime.

«Alle» veit at det er bra for helsa å ete frukt og grønt! Her i Noreg et vi stadig meir frukt, bær og grønsaker samanlikna med tidlegare. Det er ein stor samfunnsgevinst i eit helseriktig kosthald, og regjeringa har satt som mål at vi skal få 20 prosent vekst i forbruket av frukt og grønt innan utgongen av 2021.

Men tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at berre halvparten av desse grønsakane - og så lite som 6 prosent av frukta og bæra - vi åt i 2017 var dyrka her til lands.

For norske bønder og arbeidsplassar, og ikkje minst miljøet når det gjeld klimaendringar og transport, er det viktig at nordmenn kjøper meir norske grønsaker. Difor trengs det ein auka innsats for utvikling av nye typar norske grønsaker, frukt og bær som forbrukaren blir freista til å putte i handlekorga.

Ved NIBIO er det fleire forskingsprosjekt på gong der forskarar testar ut dyrking av nye grønsaksartar og sortar - både under ulike klimaforhold og i veksthus. Dei håpar å finne optimale sortar og dyrkingsmetodar for ulike område i landet, og at det vil få fleire til å utnytte ubrukte ressursar som tomme veksthus.

IMG_2357.JPG
Perilla (Shiso britton/bladmynte). Tradisjonelt vart Perilla dyrka i Aust-Asia og han kjennest best frå Japan under namnet shiso, der blada blir nytta som ingrediens til sushi. No blir planta brukt i langt fleire land og har mellom anna vorte svært populær i Nord-Amerika. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.

Få et «fem om dagen»

-Det er ei generell auking i forbruket av grønt, men mykje skyldas auka import, fortel Inger Martinussen, avdelingsleiar for frukt og grønt ved NIBIO.

Martinussen set også i regjeringas «Grøntutval», og fortel at det for tida er eit høgt fokus på å få til større sjølvforsyningsgrad av planteprotein i Noreg. Utvalet skal leggje fram ein langsiktig plan for styrka innovasjon, vekst og auka norsk del av grøntproduksjonen.

-Det handlar ikkje berre om helse, men også om å løfte den norske næringa. Og det er jo faktisk denne marknaden som aukar mest. Men eg trur det framleis er potensiale for å auke både produksjonen og forbruket meir. Få oppnår faktisk å ete «fem om dagen». Noko av veksten vi ser kjem dessutan av at dei som åt ein del frå før et meir. Kva med dei som aldri et grønsaker? Kanskje kan dei lokkast med variasjon og nye vekstar, undrar ho.

 

Salat er meir enn kinakål

Martinussen peikar på at mange no er inspirert til bruk av nye plantevekstar som eit resultat av at vi reiser meir til utlandet. I tillegg tar folk frå andre kulturar med seg eit forbruk av meir eksotiske grønsakar når dei flyttar til Noreg.

Eitt ledd i arbeidet med å auke den norske delen av marknaden er å finne nye plantekulturar og eit breiare spekter av sortar:

-Alt må ikkje vere nytt. Då eg vaks opp var salat kinakål - punktum. Vi har fått eit mykje større utval av bladgrønt sidan då. Forbruket av tomat har også auka betydeleg fordi vi har meir enn ein tomat å velje frå, som plommetomat, biff – og småtomatar; alle gjev ulike smakar og kan nyttast på forskjellige måtar, seier Martinussen.

IMG_6500_cropped.jpg
Red Rain F1 er ein sennepsaktig salat med store, flikete blad med raud farge som er milde på smak. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.

Søtpotet og soya

I dag er grønsaksproduksjonen i Noreg i ein sårbar situasjon, der klimaendringar kan spele ei stor rolle. For å utnytte moglegheitene og handtere utfordringar vil ein måtte gjere tilpassingar. Men auka temperatur vil også gje nye moglegheiter når det gjeld planteutvalet, påpeikar avdelingsleiaren.

Innanfor segmentet «eksotiske grønsaker», det vil seie grønsaker som ikkje er så vanlege å dyrke i Noreg enda, er det mykje å velje i av ulike sortar. Eit utval av slike grønsaker er vurdert i forhold til å kunne utvide frilandsproduksjon av grønsaker over heile landet.

Søtpotet er ei av grønsakene med potensiale, spesielt i dei områda der ein har hatt tradisjon for dyrking av tidlegpoteter. Dette er ei subtropisk rotgrønsak som i liten grad har blitt dyrka i Europa. Størsteparten av søtpotetene vi bruker her til lands er difor importert frå USA. Totalt importerer vi opptil 80 tonn per uke, eller 4000 tonn i året.

NIBIO Landvik ved Grimstad har i to år samarbeida med familiebedrifta Bjertnæs & Hoel AS på Nøtterøy om eit forskingsprosjekt på søtpotet. Målet har vore å undersøkje moglegheitene for dyrking av søtpotet i Noreg og etablering av ein økonomisk produksjon. Allereie i fjor var dei første norske søtpotetene frå bedrifta å finne i butikkhyllene til Meny-kjeda. Det har også vore interesse for prøvedyrking frå andre produsentar i Grimstadområdet.  

Ein annan potensiell nykomar er edamamebønner (soya). NIBIO-forskar Ingunn Vågen har testa ut produksjon av slik soya over fleire år på Landvik, og etter kvart også på Ås, med stor suksess.

Soyaproduksjon kryp stadig lenger nordover. I land som Nederland, Estland og Canada produserast det soya, og Vågen trur det vil bli mogleg å dyrke edamamebønner til matkonsum i Noreg.

Men ho påpeikar at ein treng meir kunnskap, mellom anna om faktorar for å kunne planleggje haustetidspunkt.

Dette er ein salatvekst som har ein skarp og *pepperaktig smak,  og han kan haustast fleire gonger i sesongen. Kan minna litt om  *rukkola, men har litt tjukkare blad,
Mizuna er ein salatvekst med ein skarp og pepperaktig smak. Han kan haustast fleire gonger i sesongen. Kan minna litt om  rukkola, men har litt tjukkare blad. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.

Grønsaker som toler kulde

Kulda er ein av hovudutfordringane som påverkar kva slags grønsaker norske bønder skal satse på.

Eit spennande prosjekt ved NIBIO har tatt for seg moglegheitene for å dyrke nye kuldetolerante grønsaker - som mellom anna pac choi, perilla (japansk shizo), mangold og ulike typer mizuna (sennepsaktige salatar). Dette er vekstar som er mykje brukt i asiatiske land. Bakgrunnen er at ein ønskjer å sjå på potensiale for å utvide grønsakssesongen med ein «skuldersesong» frå seinsommar til tidleg vinter – spesielt i Sør-Noreg der ein har eit godt klima.

-Heile landet har grønsaksdyrking om sommaren, men det er også mogleg å få til friske, ny-hausta grønsaker i haustsesongen mange stadar, seier forskar Siv Lene Gangenes Skar ved NIBIO Landvik.

Ho fortel at ideen til prosjektet kom frå ein studie frå 2009 som såg på potensiale med asiatiske grønsaker i Norge.

-Vi såg då at fleire av desse tolte ein del frost. Her i sør kan vi gjerne ha fem kuldegrader ein dag og ti varmegrader den neste. Grønsakene sto litt pjuske når det var frost, men var heilt fine igjen neste dag. Vekstpunktet fraus ikkje, forklarar Skar.

Det gjev unike moglegheiter til å utvide grønsakssesongen. Egna planter står ute på feltet gjennom vinteren, for å gje produksjon tidleg neste vår.

-Vi har utført vekstforsøk på tre utvalde stadar i landet (ved Landvik, Ås og Tromsø) med ulike årsvariasjonar når det gjeld daglengde og temperatur. Vi valde sortane etter evne til å tolerere kulde i tillegg til rask utviklingstid.

Det blir tidlegare lave temperaturar i Nord-Noreg og til dels på Austlandet, slik at den optimale vekstperioden er noko kortare enn på Sørlandet.

-Testane som blei utført i Tromsø, Ås og Grimstad, viste at ein skulderproduksjon er mogleg. Ein bør sjå nærare på optimale såtidspunkt og sortsutvalet må vere tilpassa klimasonene produksjonen skal skje. Det er også viktig å vurdere nøye planteutvalet på kvar lokasjon med hensyn til klima og marknadsmoglegheiter, avslutter ho. 

KONTAKTPERSON
12-13.jpg
3328222085[1].jpg
Forskar Siv Lene Gangenes Skar ved NIBIO Landvik. Foto: NIBIO.
IMG_9321_cropped.jpg
Pac Choi er en av dei kuldetolerante sortene som blir testa på Landvik. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.
IMG_9319_cropped.jpg
Sennepssorten Scarlet Frills frå Landvik. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.
IMG_9317_cropped.jpg
Minutina er ei plante som er i same slekt som groblad og smalkjempe som vi kjenner frå viltvoksende arter, gjerne i plenen. Dei dannar rosettar som blada kan haustast frå om igjen og om igjen. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.
IMG_2369_cropped.jpg
Feltarbeid i forsøksfeltet på Landvik. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.
Bilder overført 10.aug 2009 asiatiske grønnsaker_fagdager 299.jpg
Shungiku er ein etande krysantemum, opphavleg frå områda rundt Middelhavet, men spreitt til Asia i antikken. Han er ein populær grønsak i Kina, Japan og Søraust-Asia. Foto: Siv Lene Gangenes Skar.
mms_img13489596478058071251.jpg
Elise Krey Pedersen haustar søtpotet frå forsøksfelt ved NIBIO Landvik tidlegare i år. Foto: Ingunn M. Vågen.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

Kuldetolerante grønnsaker er planter som har utviklet beskyttelse av vekstpunktet mot kulde og frost. Selv med noen frostnetter er, fortsetter disse plantene å vokse når temperatur og lys om dagen, tillater det. Det gir unike muligheter til å utvide grønnsakssesongen, og gi en «skuldersesong» fra sensommer til tidlig vinter. Egnede planter står ute på feltet gjennom vinteren, for å gi produksjon tidlig neste vår. Fordelene med produksjon av kuldetolerante grønnsaker, er innføring av en ny «skuldersesong», redusert næringstap fra jorda, lite utfordringer med skadedyr, gi et større mangfold innen nyhøstete vintergrønnsaker til forbruker, øke verdigrunnlaget for dyrkere og øke regionale muligheter for sysselsetting. Det er utført vekstforsøk på tre utvalgte steder i landet med ulike årsvariasjoner, med hensyn til daglengde og temperatur. Grønnsakssorter ble valgt ut etter evne til å tolerere kulde i tillegg til rask utviklingstid. Mange av disse grønnsakene har en stor utfordring med stokkrenning, men løsningen ble sen såing, fra slutten av juli til begynnelsen av august. Det blir tidligere lave temperaturer i Nord-Norge og og til dels på Østlandet, slik at den optimale vekstperioden er noe kortere enn på Sørlandet. Det ble testet om forkultivering inne av småplanter for utsetting på felt, kunne bidra til å gi større planter før høsting. I våre forsøk etablerte de direktesådde grønnsakene seg raskest og fikk størst avling. Grønnsakene fikk også en mildere og søtere smak om de ble høstet etter en liten kuldeperiode.