Ung bonde satsar på vestlandsk fjordfe

DSCF2905

Vestlandsk fjordfe i fjøset til Morten Skare. Han kjøpte sine første 16 dyr av vestlandsk fjordfe i 2016. I dag har han 26 på båsen. 13 av dei skal kalva til våren. Nokre ser forventningsfullt på bonden som syslar der borte. Dei veit at det gjerne vankar klapp og milde ord når han igjen vender deira veg. Foto: Kjersti Kildahl

I 1990 var vestlandsk fjordfe ein kritisk trua storferase. I dag ser situasjonen langt lysare ut takka vere godt avlsarbeid og driftige bønder med vilje til å satsa på dei bevaringsverdige rasane. Viktig er det og at marknaden etterspør kjøt og livdyr frå desse.

Ammekubonde Morten Skare (30) i Hardanger er både kunnskapsrik og tolmodig. Sidan han var smågut, drøymde han om å bli bonde. Verken foreldra eller andre i nær familie hadde gard å tilby, men motivasjonen vart ikkje sløkt av den grunn.

– Eg hugsar læraren min sa at det var som å ønskje seg å bli 'konge utan land.' Da eg fekk tilbod om å kjøpe det nedlagde gardsbruket Sjusete til takst i 2013, kunne draumen realiserast. 

Han fekk hand om garden, men fordi drifta var opphøyrd, vart krav om lausdrift utløyst da Skare ville starte med storfe. Han måtte derfor tenke nytt om val av dyr og driftsform for investering i lausdriftsfjøs ville blitt for mykje på toppen av gardskjøpet.

Vestlandsk fjordfe i utmark_Foto Privat.jpg
Dyra til Morten Skare på beite i utmarka som ligg til garden hans. Vestlandsk fjordfe er småvaksne samanlikna med andre storferasar som t.d. NRF. Dei finst både som horna og kolla (utan horn) og med ulike fargar og mønster. Foto: Privat

– Vestlandsk fjordfe vart svaret. Eg tykte dyra var så flotte, og fjordfe måtte vel vere tingen her ved fjorden, eller … det vil seie, 250 meter over Hardangerfjorden. Dessutan kunne satsinga mi bidra til å auke ein gamal nasjonal rase; noko eg syntest var motiverande i seg sjølv.

Fordi vestlandsk fjordfe er bevaringsverdige og fordi drifta omfatta få dyr, fekk Skare dispensasjon frå lausdriftskravet.

I tillegg til at dyra er fine, har den unge bonden erfart at dei er svært godlynte og har eit framifrå flokkinstinkt. Det kjem vel med både i fjøset og på utmarksbeitet:

– Finn du ei, så finn du alle når dei er på beite. I tillegg til godt lynne, utnyttar dei fôret godt, gir lite tråkkskadar og har generelt god helse. Dessutan ‘tar dei lett kalv.’ Ikkje er det mykje styr med dei heller, sjølv om dei kan vere litt eigenrådige, legg han til.

Det er grunnen til at han likar å prega dyra sine sjølv frå dei er kalvar og ikkje kjøper dei ferdig prega som vaksne.

I avlsarbeidet sitt er det lynnet han vektlegg mest. Han meiner det blir feil å spissa utvalet på fysiske atributtar så lenge rasen er så liten.

Snart ti år seinare er han svært glad for valet av vestlandsk fjordfe og kunne ikkje ønskje det annleis.

 

Strykande sal av kjøt og livdyr

Også marknadsmessig skulle valet hans vise seg å vere godt. Etter å ha leigd ut garden dei tre første åra, fekk den ferske ammekubonden tak i 16 dyr tidleg i 2016. Om våren året etter, kom fem kalvar. I haust har han 26 dyr på båsen, 13 av dei skal kalve til våren.

Sluttprodukta levert frå Sjusete gard er delt likt mellom dyr til slakt og livdyr. Kjøt til slakt er fordelt med om lag 70 prosent gjennom Nortura Urfe og 30 prosent til privat sal. Det han sel sjølv, blir slakta og handtert ved eit lokalt slakteri ein times køyretur lenger aust. Salet går lett både av slakt og livdyr.

– Nyleg la eg ut fire kalvar for sal via vårt avlsforum på Facebook. Tre timar seinare var dei selde. Alle kjøparane var frå Vestlandet. Det er eit veldig sug i marknaden for tida, fortel Skare.

– Eg kunne sikkert seld det dobbelte både av kjøt og livdyr, men garden har ikkje fôrgrunnlag for så stor drift. Ikkje har driftsbygningen rom for fleire dyr heller. Eg prioriterer å drive på vestlandsk vis, så noko storskala blir det ikkje her. Mykje grovfôr og litt ‘mjøl’ tenkjer eg er berekraftig drift ved eit bruk som dette.  

Helst såg han at ‘mjølet’ var basert på norsk korn av omsyn til berekraft og utnytting av ressursane i landet vårt. Han legg sjølv vekt på ei gardsdrift i balanse med det som kan beitast og haustast av grovfôr ved bruket, i tillegg til noko proteintilskot i form av kraftfôr – eller ‘mjøl,’ som han seier. 

Draumen på lang sikt er å få hand om ein mjølkekvote eller to for å drive mjølkeproduksjon med vestlandsk fjordfe, og få ny driftsbygning. Da vil kjøtproduksjon utgjere mindre og mjølk bli hovudinntekt. Tida vil vise.

Pop-utv 1990-2020 storferaser_oversikt.png
Figuren viser utvikling i antal avlskyr av dei bevaringsverdige storferasane, 1990-2020. Kjelde: Kuregisteret, Norsk genressurssenter
KONTAKTPERSON
12-15.jpg
Norsk genressurssenter Les meir om vestlandsk fjordfe
Fakta

I dagens miljødiskurs er landrasane av enkelte stemmer blitt løfta fram som ein del av løysinga på klimasmart landbruk. Dei norske landrasane som nokre kallar dei gamle bevaringsverdige kurasane, er mindre av vekst enn for eksempel Norsk rødt fe (NRF). Dei veg rundt 400–450 kilo og gir noko mindre avdrått enn NRF. Likevel kan dei gi konkurransedyktig økonomi, avhengig av ressursane på garden.  Dyra er fôringseffektive og fungerer derfor godt på mindre produktive beite som i utmark. Flokkeigenskapane er gode og dei gir lite tråkkskadar.

Vestlandsk fjordfe er den nest største av dei bevaringsverdige storferasane våre. Den nasjonale populasjonen har hatt ei svært positiv auke frå 49 avlskyr i 1990 til 1018 avlskyr i 2020.

IMG_9825_Morten Skare justert_Foto Kjersti Kildahl.jpeg
Stille stemning i fjøset når grovfôr er servert og floren ferdig kosta. Foto: Kjersti Kildahl
DSCF2867.JPG
Morten sin far Ole Skare er sprek pensjonist som gjerne gir sonen ei hand der ho trengst. Foto: Kjersti Kildahl

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

Ved å bruke metoden til Gutierrez et al 2008 har Norsk genressurssenter estimert innavlsutviklingen og dermed den effektive populasjonsstørrelsen for alle av de bevaringsverdige storferasene. Til tross for at bevaringsarbeidet i 1990 startet med svært få individer har populasjonene etter 30 år vist at de er blitt forvaltet på en fornuftig måte.

Sammendrag

The Norwegian Genetic Resource Centre estimated the inbreeding rate and thereby the effective population size for all of Norway’s cattle breeds at risk, using the method by Gutierrez et al 2008. When the conservation efforts began in 1990, these breeds were very small in number. However, the current population status shows that the breeds have been wisely managed.