Gledeleg framgang for gamle kurasar
Tolmod, kunnskap og systematisk arbeid har gitt utteljing for Noregs bevaringsverdige storferasar. Frå å vere nær utryddingstrua ved inngangen til 1990-talet, er dei i dag - med eitt unntak – ikkje lenger «kritisk trua».
Frå øvste politiske hald har det lenge vore ei prioritert oppgåve å legge til rette for fornuftig re-etablering av dei gamle, norske storferasane. Dette har og vore viktig for Norsk genressurssenter og alle raselaga.
Dei seks bevaringsverdige storferasane er telemarkfe, vestlandsk fjordfe, vestlandsk raudkolle, sida trønderfe og nordlandsfe (STN), dølafe og østlandsk rødkolle. Tidleg på 1990-talet hadde alle rasane, så nær som STN, så små populasjonar at dei var kritisk trua .
Veldig vekst
I 2020 hadde fem av rasane oppnådd store nok populasjonar til å vere i kategorien trua. Berre vestlandsk raudkolle er framleis kritisk trua, det vil seie at rasen har færre enn 300 avlshodyr. Kategorien trua inneber at populasjonen har mellom 300 og 3000 hodyr.
– I over ein mannsalder har målet vore å få opp igjen berekraftige populasjonar og samtidig bidra til å auke genetisk variasjon, fortel Nina Svartedal (før: Sæther) som er fagleiar i Norsk genressurssenter.
– No nærmar vi oss trygg grunn og kan glede oss over utviklinga.
Figuren nedanfor viser at dei bevaringsverdige kurasane har mangedobla talet på avlskyr frå 1990 til 2020.
– Alle rasane har auka i perioden, fortel Svartedal. Dei har hatt litt ulike løp, og nokre har takla ein heftigare veksttakt enn andre, men alle har dei ‘lang hals’ i søylene som viser utviklinga dei siste åra. Det betyr god framgang for alle.
Østlandsk rødkolle og vestlandsk fjordfe er dei to rasane med størst auke. Frå å vere nær utrydda i 1990, talde østlandsk rødkolle i 2020 473 avlskyr. For vestlandsk fjordfe var talet rett over 1 000 i 2020.
– Når det gjeld STN som vi først fekk sikre populasjonstal på i 2010, så antar vi at rasen aldri var så få i talet som dei andre rasane. Likevel viser også STN fin framgang, kommenterer Svartedal.
Tre prinsipp for vellykka avl
Bak framgangen for dei gamle storferasane ligg 30 år med systematisk avlsarbeid som no kan dokumentere positivt resultat.
– Alle som har hatt og har bevaringsverdige storferasar, har drive eit imponerande forsvarleg avlsarbeid, seier Nina Svartedal entusiastisk.
– Dette trass i ein nesten umogleg situasjon der små, og til dels ekstremt små, populasjonar var utgangspunktet. Tidleg på 1990-talet var dei få gardbrukarar med skjøre nettverk, dei hadde verken raselag eller sosiale medium å støtte seg til. Slike er kome til seinare.
Svartedal peikar på sterkt samhald blant bøndene, lojalitet til kvarandre, kunnskapsdeling og fornuftig bruk av avlsfaglege råd som sentrale for det vellykka avlsarbeidet. Tre prinsipp har vore berande:
– Unngå innavl og nære slektskapsparingar. Bruk så mange ulike dyr – av same rase, sjølvsagt – i avlen som mogleg. Spesielt er variasjon i oksar viktig for å unngå for mange halvsøsken. Og for det tredje, ver nøye med å sortere ut dei dårlegaste dyra.
Samtidig som dei dårlegaste dyra må sorterast ut, er det viktig å selektere breitt når det gjeld arveeigenskapar. Ein kan ikkje plukke avlsdyr berre frå ‘topp-ti-prosent-gruppa’ slik ein til dømes gjer i avl av NRF eller Holstein som begge er store rasar.
– Når rasane er små, og berre få individ er berarar av ulike eigenskapar, er breidda viktigare enn spissinga, forklarar genressurseksperten.
Kuregisteret si nøkkelrolle
Lojalitet til avlsprinsippa og god slektsoversikt har vore viktig for dagens status og for at genetisk variasjon er tatt vare på. Slektskapsdatabasen Kuregisteret har sørga for nødvendig informasjon.
Registeret vart etablert i 1990 og inneheld oversikt over dyretal, kjønn og ‘familieband’ innan rasane. Norsk genressurssenter har ansvar for oppdatering av Kuregisteret.
Rådgjevar Anna Caroline Holene ved Norsk genressurssenter gir råd til bøndene når dei skal velje okse til kua si. Ho er og fagleg sparringpart for raselaga når dei søker gardsoksar som skal gå inn i seminproduksjon.
– Data frå Kuregisteret utgjer grunnlag for avlsrettleiing til både bønder og raselag. Dermed kan produsentane ta kunnskapsbaserte avlsval, noko som har vore heilt avgjerande for dei sterke tala vi ser på som ein suksess i dag.
Kva er så kjelda til denne prinsippfaste lojaliteten Nina Svartedal viser til?
– Eg trur ei genuin interesse er noko av drivkrafta. Engasjement pluss kunnskap er ei god oppskrift.
Ho legg til at den norske bonden generelt er både kunnskapsrik og tolmodig, to vesentlege eigenskapar for å lykkast i dette arbeidet. Fagleg kompetanse, tid og tolmod trengst for eit godt avlsresultat når utgangspunktet er smått.
Gamal innavl er betre enn ny
Til grunn for berekraftig avslarbeid ligg genetisk variasjon og fornuftig tempo i populasjonsauken. Når populasjonane er små, som i dei gamle, norske storferasane, vil innavl alltid vere ei utfordring.
Innavl er uønska av fleire årsaker. Skavankar, svak helse og sjukdom er generelt kjende konsekvensar. For mjølkekyr er også nedsett avdrått, eller mjølkeproduksjon, ei dokumentert følgje. Redusert tilvekst og fruktbarheit, i tillegg til færre levedyktige avkom er også omfatta av det som blir kalla innavlsdepresjon.
– Innavl eller paring av dyr i nær slekt treng ikkje medføre problem, men det er ei høgrisikosport, seier Nina Svartedal.
Ho forklarer at innavl som skjer raskt er mest risikabelt fordi graden av nære slektskapsparingar aukar med tempoet. Da aukar også innavlingseffekten raskt. Når avlen skjer meir sakte, vil mutasjonar og naturleg seleksjon føre til ei viss genetisk utvasking og ein del uheldige trekk forsvinn undervegs. Derfor er gamal innavl ikkje like skadeleg som ny. Nyare innavl vil ofte innebere at halvsøsken eller søskenbarn får avkom og med slik paring aukar risiko for innavlsdepresjon.
– Genetisk distanse frå opphavet er nødvendig for å sikre berekraft. Variasjon er nødvendig for å overleve, seier ho.
For å unngå uønska negative konsekvensar, trengst slektskapsoversikt og mål for graden av innavl. Målet for innavlsutviklinga i ein populasjon er effektiv populasjonsstørrelse.
Forenkla forklart er effektiv populasjonsstørrelse ein tenkt populasjon der like mange av begge kjønn får like mange avkom. Ein reknar med at når den effektive populasjonsstørrelsen er høgare enn 50 individ, og helst høgare enn 100, så er ikkje innavlsauke ein trussel.
– Det spesielle avlsarbeidet som må gjerast i slike små populasjonar, er blitt følgd og har kasta av seg i ønska resultat.
Av illustrasjonen ovanfor ser vi at ikkje alle rasane er komne over 50 i effektiv populasjonsstørrelse. Ifølgje Svartedal, er ikkje dette kritisk så lenge trenden for rasane med færre enn 100 har ein aukande tendens.
– Resultatet av det gode avlsarbeidet må ikkje bli ei sovepute, men heller vere inspirerande for framhald i arbeidet med å halde den genetiske variasjonen oppe, avsluttar fagleiaren i Norsk genressurssenter.
– Framfor alt gjennom framhald i bruk av tilstrekkeleg mange oksar i avlen, legg ho smilande til.
KONTAKTPERSON
Nina Svartedal
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 993 89 469 nina.svartedal@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Fakta
Graden av trua er basert på arten sin reproduksjonskapasitet og definert gjennom retningslinjer frå FAO slik for «artar med låg reproduksjons-kapasitet» - i dette tilfellet storfe:
Antal avlshodyr:
Kritisk trua: < 300
Trua: < 3000
Sårbar: < 6000
Avlskyr – er alle kyr som er minst 87,5 % rasereine og har registrert kalving i Kuregisteret i løpet av dei to siste åra. Inkluderer og toårige kviger.
Mjølkekyr – produserer mjølk (avdrått) heile eller delar av året.
Ammekyr – er dyr i kjøtproduksjon. Mjølka frå ammekua er det berre kalven som får nytte av. Vanlegvis går kalven saman med mora i seks til ni månadar før den blir ala fram for sal til slakt eller som livdyr.
Metoden til Gutierrez et al 2008 er brukt av Norsk genressurssenter for å estimere innavlsutvikling og effektiv populasjonsstørrelse for dei seks bevaringsverdige storferasene.
Fakta om økonomi
Det blir gitt produksjonstilskot til bevaringsverdige storferasar på kr 3 460 per dyr. Dersom produsenten er organisert i Urfe SA kvalifiserer det for ytterlegare kr 1 500 – 2 000 per dyr ved levering til Nortura.
KONTAKTPERSON
Nina Svartedal
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 993 89 469 nina.svartedal@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
The Norwegian Genetic Resource Centre estimated the inbreeding rate and thereby the effective population size for all of Norway’s cattle breeds at risk, using the method by Gutierrez et al 2008. When the conservation efforts began in 1990, these breeds were very small in number. However, the current population status shows that the breeds have been wisely managed.
Abstract
Ved å bruke metoden til Gutierrez et al 2008 har Norsk genressurssenter estimert innavlsutviklingen og dermed den effektive populasjonsstørrelsen for alle av de bevaringsverdige storferasene. Til tross for at bevaringsarbeidet i 1990 startet med svært få individer har populasjonene etter 30 år vist at de er blitt forvaltet på en fornuftig måte.