Hopp til hovedinnholdet

Soppangrep på vill barlind

Barlind med bær, Mærrapanna, 1. okt. 2024, Venche Talgø

Barlind er vindpollinert, og frøa blir spreidde ved hjelp av fuglar. Stoffet taxin gjer at heile treet er giftig (nåler, kvistar og frø), bortsett frå den raude frøkappa. Fuglane et bæra, men fordøyer berre frøkappa, medan frøet går ufordøyd gjennom systemet og blir spreidd. Tidlegare har ein trudd at hjortedyr toler gifta frå barlind, men det er observert forgifting hos elg og rådyr på Austlandet, truleg etter beiting i hagar. Foto: Venche Talgø

I Noreg er barlind rekna som ein sårbar art. Nyleg blei ein skadeleg sopp påvist på vill barlind i Østfold og no ønskjer forskarane tilbakemelding om observasjonar av soppen andre stader i landet.

I juli 2024 vart soppen Cryptocline taxicola for første gong funnen på europeisk barlind i ein viltveksande bestand i Mærrapanna naturreservat. Reservatet, på om lag 96 dekar, ligg ved Oslofjorden like sør for Hankø i Fredrikstad kommune. Denne bestanden av barlind er ein av dei største i Søraust-Noreg.

Angrep av den skadelege soppen fører til at enkelte nåler eller heile skot visnar. Denne skadegjeraren vart påvist i Noreg for over 20 år sidan, men då på barlind i grøntanlegg. Dette er første gongen ein har sett soppen angripe ein naturleg bestand.

Ved Mærrapanna naturreservat såg forskarane berre brune nåler og skot med angrep. Dette skuldast nok at skaden var observert relativt seint i vekstsesongen. Foto: Venche Talgø
Ved Mærrapanna naturreservat såg forskarane berre brune nåler og skot med angrep. Dette skuldast nok at skaden var observert relativt seint i vekstsesongen. Foto: Venche Talgø

 

Har gjort skade i hagar

– Det har vore ein del angrep på barlind i hagar og grøntanlegg både på Aust- og Vestlandet etter at soppen vart funnen i Noreg i 2001. Men dette er altså første funn på viltveksande barlind, bekreftar Venche Talgø, forskar ved NIBIO.

Ifølgje Talgø kan angrepsgraden variere frå år til år. Sporane vert spreidde ved hjelp av regn, vassprut, vind eller ved direkte kontakt med infiserte planter. Dei sterkaste angrepa vart registrert på Austlandet i 2016.

– Dei siste funna på barlind i grøntanlegg gjorde vi i august i 2024 i kommunane Ås, Oslo og Kongsvinger, men dette var tilfeldige observasjonar og ikkje noko systematisk kartlegging, påpeikar ho.

 

Sårbar art

NIBIO-forskaren fortel at europeisk barlind er ein sårbar art i Noreg. Ho veks seint og er eit varmekjært tre som toler skugge godt. Arten høyrer naturleg heime i den norske floraen, men finst berre i mindre viltveksande bestandar langs kysten av Sør-Noreg, i lågareliggjande dalstrok på Sør-Austlandet og i kyststrok frå Østfold til Møre og Romsdal.

I Mærrapanna naturreservat står barlinda som undervegetasjon til svartor og andre treslag. Reservatet vert omtala som svartor-sumpskog, og Talgø seier det er uvanleg at barlind veks i eit så fuktig område. Dette, saman med fuktig havluft, gjev ideelle tilhøve for soppvekst.

– Som for soppangrep generelt på bartre, angrip C. taxicola dei mjuke nålene og skota under bryting tidleg om våren, altså før det vert utvikla eit vernande vokslag på nålene og skota vert vedaktige.

– Frå grøntanlegg kjenner vi til at nåler og årsskot på barlind med angrep av C. taxicola først vert gulaktige og etter kvart visnar heilt. Ved Mærrapanna naturreservat såg vi berre brune nåler og skot med angrep. Dette skuldast nok at skaden var observert relativt seint i vekstsesongen, seier forskaren.

 

Nyttig tre

Barlind er viktig for det biologiske mangfaldet vårt. Trea kan bli svært gamle. Det er spekulert på om nokre tre kan verte oppimot 2000 år gamle. Barlind frå ulike stadar i Noreg er også genetisk ulike fordi det er liten utveksling av pollen og frø. For å ta vare på den totale genetiske variasjonen, er det difor viktig å bevare tre frå fleire område i Noreg.

Barlind har også vore eit nyttig tre for menneske gjennom historia. Heile planta, bortsett frå den raude fruktkappen, inneheld giftstoffet taxol. I dag blir det faktisk forska på om denne gifta kan brukast til kreftmedisin. Stoffet hemmar nemleg celledeling.

Barlind har også eit svært dekorativt virke, og har vore brukt til eksklusive møblar, dreiing og reiskapar. Basten vart til dømes brukt til tauverk, akkurat som lind. Difor namnet barlind. Det seige og harde virket gjer at barlind har vore ettertrakta som emne til bogar, truleg heilt frå vikingtida. Barlind vart også brukt til hesjestaur og gjerdepålar fordi veden rotnar seint.

 

Stadig nye skadegjerarar

– Vi trur ikkje at trea nødvendigvis tar stor skade av soppen, og sannsynlegvis vil det ikkje vere ein trugsel for bestanden. Moderate skadar er meir forventa, men vi veit ikkje om det kan gå gale på sikt.

– Vi veit til dømes ikkje om denne soppen påverkar gjenveksten. Då eg besøkte området, såg eg ikkje barlind som spirte i skogbotnen. Men barlind er kjent for å ikkje regenerere seg så lett. Småplanter kan også ha blitt beita ned av rådyr eller råka av andre skadegjerarar, påpeikar Talgø.

– Frå Sverige vert det meldt at dei største truslane mot viltveksande barlind i dag er skogsdrift og rådyrskade, legg ho til.

Kor lenge soppen C. taxicola har vore til stades på barlind i Mærrapanna naturreservat er uråd å seia, men det er rimeleg å tru at smitten har spreidd seg dit frå planta, infisert barlind i nærliggjande bustad- eller hytteområde.

– Det er ei kjent sak at mange plantesjukdomar følgjer plantemateriale, ikkje minst via den omfattande importen vi har av prydplanter. Det er eit alvorleg problem at vi stadig ser nye artar som spreiar seg til naturlege bestandar, understrekar Talgø.

 

Kan vere verre i ville bestandar

Internasjonalt er denne soppen rapportert både frå USA, Nord-Afrika og fleire land i Europa. I Algerie er soppen nyleg funnen i ein naturleg bestand av barlind. Sidan C. taxicola berre drep skot og mindre kvist på barlind og aldri heile plantene, vil skadane neppe verta omfattande.

– Likevel kan truleg smittepresset verte større i naturlege bestandar enn i grøntanlegg fordi ein der ikkje skjer bort infiserte skot. Det er som sagt kjent at europeisk barlind har dårleg naturleg forynging. For å få skikkeleg svar på kva konsekvensar angrep av C. taxicola har på viltveksande barlind, bør både dette feltet i Østfold og andre naturlege bestandar fylgjast opp, seier Talgø.

Ho oppfordrar folk til å ta kontakt med forskarkollega Martin Petterson (martin.pettersson@nibio.no) dersom ein observerer symptom på vill barlind andre stader i landet.

– Sjå etter døde skot og om det er tett i tett med prikkar (sporehus) på nålene, (tilsvarande biletet under). Hugs å angi funnstad, dato og legg gjerne ved foto.

Dødt skot og tett med sporehus (svarte prikkar) på mange brune nåler etter at denne barlinda fekk angrep av soppen Cryptocline taxicola i ein vill bestand i Mærrapanna naturreservat. Juli 2024. Foto: Venche Talgø
Dødt skot og tett med sporehus (svarte prikkar) på mange brune nåler etter at denne barlinda fekk angrep av soppen Cryptocline taxicola i ein vill bestand i Mærrapanna naturreservat. Juli 2024. Foto: Venche Talgø

 

15.jpg

 

Dette er første funn av den skadelege soppen Cryptocline taxicola på viltveksande barlind i Noreg, bekreftar Venche Talgø, forskar ved NIBIO. Foto: Sølvi Svendsen
Dette er første funn av den skadelege soppen Cryptocline taxicola på viltveksande barlind i Noreg, bekreftar Venche Talgø, forskar ved NIBIO. Foto: Sølvi Svendsen
Barlind er vårt mest varmekjære bartre og finst langs kysten frå svenskegrensa til Molde. Dette blir aldri noko stort tre, det veks sakte og blir sjeldan meir enn 10-12 meter høgt. I Eldre Edda blei barlind nemnt som emne for bogar. Veden er uvanleg tung, sterk og elastisk og blir no brukt i møblar og finare snikkararbeid. Foto: John Yngvar Larsson
Barlind er vårt mest varmekjære bartre og finst langs kysten frå svenskegrensa til Molde. Dette blir aldri noko stort tre, det veks sakte og blir sjeldan meir enn 10-12 meter høgt. I Eldre Edda blei barlind nemnt som emne for bogar. Veden er uvanleg tung, sterk og elastisk og blir no brukt i møblar og finare snikkararbeid. Foto: John Yngvar Larsson

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

I juli 2024 vart soppen Cryptocline taxicola funnen på europeisk barlind (Taxus baccata) i eit viltveksande bestand i Mærrapanna naturreservat som ligg ved Oslofjorden i Fredrikstad kommune. Angrep av soppen fører til at enkelte nåler eller heile skot visnar. Det er over 20 år sidan soppen vart påvist for fyrste gong i Noreg, men då på barlind i grøntanlegg. Dette er fyrste registrering på viltveksande barlind i Noreg.