Hopp til hovedinnholdet

Per Anker Pedersen fekk Plantearvenprisen 2020

IMG_4718_cropped

Årets prisvinnar Per Anker Pedersen, førsteamanuensis ved NMBU, og Nina Sæther, leiar for Norsk genressursenter i NIBIO. Det er Norsk genressurssenter som tildeler Plantearvenprisen - eit grafisk blad av kunstnaren Otto Østenstad frå Ås.  Foto: Kjersti Kildahl.

Per Anker Pedersen, førsteamanuensis ved NMBU, fekk Plantearvenprisen 2020 for sitt omfattande arbeid for å auke mangfald og innslag av norske plantar ved grøntanlegg.

Plantearvenprisen blir delt ut av Norsk genressurssenter ved NIBIO til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfald.

Pedersen sitt arbeid for å sikre større plantevariasjon og tilgang på norske vekstar til bruk i grøntanlegg vart spesielt vektlagt ved tildelinga.

- Hans engasjement for å utvide bruken av planter frå norsk flora, har bidratt til å bevare genetisk viktig plantemateriale, seier leiar for Norsk genressurssenter, Nina Sæther.

IMG_4675_cropped.jpg
Seniorrådgjevar Bell Batta Torheim i Landbruks- og matdepartementet deltok virtuelt per skjerm. Ho stod for årets prisutdeling og har her akkurat sagt namnet på vinnaren. Applaus! Foto: Kjersti Kildahl.

Levande og langvarig engasjert

Alt tidleg på 1990-talet var Per Anker Pedersen i gang med å samle og velje ut norske planter for utprøving i grøntanlegg. Arbeidet vart seinare organisert i prosjekta Planter for norsk klima og Utvalg av norske trær til grøntanlegg og revegetering. Begge vart leia av Pedersen.

Nina Sæther fortel om eit levande engasjement for norsk natur som kjem til uttrykk i utvalsarbeidet til Pedersen:

- Han har ei ekte planteinteresse som blir synleg i alt han gjer. Ein ting er det han gjorde i arbeidstida, men han brukte og feriar til å oppsøke plantesamlingar rundt i landet.

- Mitt inntrykk er at han opplever norsk natur med ein innvevd fagleg refleks for kva som kan vere interessante planter å ta i bruk i norske grøntanlegg.

I Treforsøksparken ved NMBU som Pedersen har hatt fagleg ansvar for, veks i dag meir enn 100 ulike treslag. Dei blir brukte til forsking, undervisning og demonstrasjonar for å stimulere til meir bruk av norske plantar i grøntanlegg og ved landskapspleie.

Parken har mellom anna ei verdfull samling av norske viltvekssande treslag og store buskar som er eigna for etablering i grøntanlegg eller til revegetering etter naturinngrep.

DSCF0576.JPG
Den virtuelle overføringa er nett ferdig og prisvinnar Per Anker Pedersen får gratulasjonar og nokre ord ein-til-ein med prisutdelar Bell Batta Torheim per Nina Sæther sin telefon. Foto: Kjersti Kildahl.

Glad vinnar korrigerte

På linje med mykje anna som skjer virtuelt på grunn av korona, var årets prisutdeling nettbasert. Den skjedde under eit fagseminar i regi av NMBU, NIBIO og FAGUS - paraplyorganisasjon for grøn sektor.

Via ein skjerm på veggen kunne seniorrådgjevar Bell Batta Torheim i Landbruks- og matdepartementet sprekke nyheita om Plantearvenprisen 2020.

Ein glad vinnar tok podiet:

- Eg må begynne med å korrigere, sa han i god akademikarånd, til latter frå salen.

- Utan gode kollegaer og eit velfungerande fagleg samarbeid hadde eg ikkje stått her i dag. Det samspelet er avgjerande for inspirasjon og framdrift – for å skape resultat, rett og slett.

Pedersen takka for prisen og merksemda som ei slik tildeling gir arbeidet han no er i ferd med å avslutte for eigen del. Han går av med pensjon i løpet av året.

- Mitt håp er at den kunnskapen som er akkumulert gjennom innsamling, utprøving og erfaring over tid, vil vere eit grunnlag å byggje ny kunnskap på vidare. Det synest eg er fint å tenke på.

 

Har sett spor etter seg

Prisutdelar Bell Batta Torheim seier Plantearvenprisen er «ein ypparleg anledning til å anerkjenne eldsjeler som er så viktige for forvaltninga av genetisk mangfald.»

- Årets vinnar har gjennom ein lang yrkeskarriere bidratt til å auke kunnskap og bruk av planter frå norsk natur i grøntanlegg. Gjennom mellom anna Treforsøksparken har han sett solide spor som vil vare lenge etter at han no avsluttar yrkeskarrieren sin.

Norsk genressurssenters grunngiving for tildeling av Plantevernprisen 2020

0.173 MB pdf

PLANTEARVEN-prisen
OM PLANTEARVENPRISEN

Plantearvenprisen blir delt ut årleg av Norsk genressurssenter til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort en særleg fortenestefull innsats for bevaring og bruk av genetisk mangfald innan planter for matproduksjon, land- og hagebruk. Vurderinga legg vekt på innsats innan eitt eller fleire av desse områda:

  • Aktiv bevaring av verdifullt plantemateriale gjennom innsamling, kontinuerleg stell og vedlikehald av plantemateriale eller av verdfulle vaksestader.
  • Aktiv innsats for å overvake og ta vare på artar og genotypar av nytteplanter i naturområde der desse er trua.
  • Særleg viktig forsking på, og foredling av, nye sortar gjennom bruk av mangfald til nytte for norsk matproduksjon.
  • Aktive bidrag til auka bruk av gamalt plantemateriale f.eks. innan foredling, som bidrag til spreiing av plantegenetisk mangfald, til restaurering av vaksestader for verdfulle planter i kultur eller natur, eller til bruk av historisk plantemateriale i ny samanheng.
  • Opplysning og informasjonsverksemd som fremjer interessa for bevaring og bruk av plantemangfald og for plantearven på ein positiv måte.
  • Andre forhold som kan bety noko for bevaring og bruk av plantegenetiske ressursar.

Prisen er eit Plantearven-trykk laga av kunstnaren Otto Østenstad frå Ås.

NBMUplantesamlinger02_MR181010_Foto Morten Rasmussen_cropped.jpg
Per Anker Pedersen i eit utprøvingsfelt med vierartar (Salix) som han har samla frå norsk natur. Felta er ein del av hans omfattende utvalsarbeid for norske treslag. Foto: Morten Rasmussen.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.