Hopp til hovedinnholdet

PLANTEARVEN-prisen tildelt innsats for ny pæresort og gamle roser

Salvesen og Åsen i hagen til og roseprat med Anne Tafjord Kirkebø i Bergen_Foto Kolbjørn Kirkebø

Prisvinnerne Per Harald Salvesen og Per Arvid Åsen i hagen til Anne Tafjord Kirkebø i Bergen. Foto: Kolbjørn Kirkebø.

Tre entusiastar mottok i går PLANTEARVEN-prisen for arbeidet dei på ulike vis har gjort for å ta vare på verdfulle norske nytteplantar og genmateriale.

- Per Harald Salvesen og Per Arvid Åsen får PLANTEARVEN-prisen 2017 mellom anna for det enorme arbeidet dei har gjort for å samle og kategorisere norske roser, seier seniorrådgjevar Morten Rasmussen i Norsk genressurssenter.

Stein Harald Hjeltnes fekk 2016-prisen for arbeidet sitt med frukt- og bærforedling.

- Hjeltnes har vore sentral i utviklinga av den nye norske pæresorten Celina som og er i ferd med å få eit internasjonalt namn, fortel Rasmussen.

Fordi PLANTEARVEN-prisen 2016 vart tildelt, men ikkje utdelt, deltok fjorårets prisvinnar ved utdelinga som fann stad under eit arrangement på Gardermoen i går 14. november.

Stein Harald Hjeltnes og prisutdeler Elisabeth Morthen_Foto Cathrine Brekke
Stein Harald Hjeltnes og prisutdeler Elisabeth Morthen. Foto: Cathrine Brekke.

Norsk genressurssenter står bak den årlege PLANTEARVEN-prisen som er etablert for å ‘hedre og påskjønne personer og organisasjoner som gjør en innsats for bevaring av planter og bruk av genetisk mangfold.’

- Innsatsen dei blir belønna for kan vere opplysning, engasjement og tiltak for å bevare og bruke genressursar, seier Morten Rasmussen. Han er og sekretær for Genressursutvalget for nytteplanter som innstiller prisvinnarane.

Omfattande rosesamling

Årets prisvinnarar, Per Harald Salvesen og Per Arvid Åsen, har i mange år reist landet rundt på leiting etter roser som har vore viktige i norsk kulturhistorie. Rosene har dei funne i gamle hagar, på gardsbruk og i tettstader, i parkar og på kyrkjegardar.

- Gjennom arbeidet sitt har dei to samla to-tredelar av grunnstamma som utgjer samlinga av norsk historisk rosemateriale, seier Morten Rasmussen.

Per Harald Salvesen og prisutdelar Torill Linnerud_Foto Cathrine Brekke
Per Harald Salvesen og prisutdelar Torill Linnerud. Foto: Cathrine Brekke.

For vinnarane kom prisen som ei overrasking:

- Vi er overraska, og veldig stolte og glade over å motta denne prisen for arbeidet vårt, seier Per Arvid Åsen etter prisutdelinga.

Han fortel at dei held fram med å samle og kategorisere gamle roser, og at det nye no er DNA-testing.

- Gjennom DNA-analyser av arvestoffa i rosene kan vi finne slektskap og ‘foreldreskap’ – og på den måten slå fast kva plantar som høyrer til kor, fortel Åsen. 

Det kan vere vanskeleg å skilje rosesortar frå kvarandre kun ved å sjå på dei. DNA-analyser er derfor ein viktig reiskap i arbeidet med å identifisere gamle rosesortar. 

Per Ivar Åsen og prisutdelar Torill Linnerud_Foto Cathrine Brekke
Per Ivar Åsen og prisutdelar Torill Linnerud. Foto: Cathrine Brekke.

Ny pæresort med suksess

Stein Harald Hjeltnes har i ei årrekke vore med å foredle fram nye frukt- og bærsorter. Samtidig har han har hegna om og bidratt til å ta vare på dei gamle. 

- Stein Harald Hjeltnes fekk PLANTEARVEN-prisen i 2016 for arbeidet sitt med frukt - og bærforedling. Og fordi han er ein engasjert talsmann for norsk produksjon og framavl, seier Morten Rasmussen.

Dessutan har Hjeltnes gjort eit stort arbeid med å beskriva dei fleste norske sortar av frukt og bær, til stor nytte for forskarar, rådgjeving og næringa elles, fortel Rasmussen.

Slik kunnskap er viktig å halde i hevd gjennom bruk fordi  skriftlege skildringar av sortar kan opplevast som vanskelege å forstå for folk når dei for eksempel  lurer på kva slag epletre dei har i hagen sin.

Hjeltnes  arbeider og med oppbygging av ein sortsdatabase for norske og fleire internasjonale frukt- og bærsortar. Her samlast opplysningar mellom anna om kvar dei ulike sortane kjem frå, og om dei er utprøvd i Noreg. Slik informasjon er verdfull  både for forskning og rådgjeving.

Torill Linnerud frå Norsk roseforening delte ut PLANTEARVEN-prisen for 2017, og Elisabeth Morthen, adm.dir. i Gartnerhallen, delte ut prisen for 2016.

MEIR OM PRISVINNARANE

Per Harald Salvesen (per.salvesen@uib.no) - er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og tidlegare direktør for stiftinga Det norske Arboret på Milde i Bergen. Han er utdanna botaniker ved Universitetet i Oslo, og var stipendiat ved Norges landbrukshøyskole, plantefysiologi.

Salvesen har mellom anna forska på historia bak hageplantar som er ført inn til landet, og plantevariasjon i hagar i Norden. Det er her arbeidet med dei norske rosene kjem inn.

Han blir omtalt som ein entusiastisk og dyktig formidlar som aldri seier nei til ein invitasjon om å vise rundt i gamle parkar og hagar.

 

Per Arvid Åsen (per.arvid.aasen@uia.no) - er forskar og førstekonservator i botanikk ved Naturmuseum og botanisk hage, Universitetet i Agder. Han har gjennom ei årrekke arbeidd med historiske plantar, og omtalar dei som ‘levande kulturminne.’

Ved botanisk hage i Kristiansand har Åsen vore primus motor for "Tusenårshagen." Her blir kunnskap om gamle hageplanter frå Agder formidla ved å vise dei fram i bed frå vikingtid, renessanse, romantikken, 1800-tallet og 1900-tallet. Andre hageanlegg  Åsen har hatt ansvar for er Sørlandsrosehagen, Georginehagen og sist Klosterhagen.

For tida er Åsen i sving med å kartlegge kva for planteartar som framleis finst ved fyrstasjonar rundt i Noreg. Kva for plantar vart dyrka her, til pryd og til nytte? Svar på spørsmåla er undervegs. Han har tidlegare gitt ut boka Norske klosterplanter - levende kulturminner fra middelalderen. Det kjem truleg  ei ny bok om ‘fyrplantar’ neste haust.

 

Stein Harald Hjeltnes (stein.harald.hjeltnes@graminor.no / shh@njos.no ) - har doktorgrad i planteforedling og er sortsforedlar ved Graminor si avdeling på Njøs i Sogn og Fjordane. Han er og dagleg leiar i Njøs Næringsutvikling, eit selskap eigd av bedrifter med interesser i frukt- og bærnæringa i fylket.

På Njøs driv dei sortsutvikling i frukt og bær, forskning og utvikling gjennom lokale, nasjonale og internasjonale prosjekt. Det handlar om nyskaping og næringsutvikling i frukt og bær. Hjeltnes er ei drivande kraft i dette utviklingsarbeidet.

Hjeltnes er og norsk representant i fleire arbeidsgrupper i nordiske og europeiske nettverk for plantegenetiske ressursar.

TIDLEGARE PRISVINNARAR

Prisen vart oppretta i 2006 og dei tidligare prisvinnarane er:

2006      Erling Olsen, Anne Brit Ellingsen og Judith van Koesveld
2007      Andreas Hørthe, Magne Gullord og Even Bratberg
2008      Knut Langeland og Styrkar Foss
2009      Brynhild Mørkved, Bent Nielsen og Naturvernforbundet i Buskerud
2010      Idar Henry Jansen
2011      Johan Swärd
2012      Stephen Barstow
2013      Mari Marstein og Arild Larsen
2014      Knut Aastveit
2015      Ellen Svalheim

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.