Fekk pris for bevaring av rips, roser og rabarbra
Halldis Myhre Tvete og Kari Bentzen fekk Plantearvenprisen 2019 for reetablering av hagen ved Ringebu Prestegard. Dei to eldsjelene har lagt ned eit stort arbeid i å finne og ta vare på historiske pryd- og nytteplantar med lokal tilhøyrsle.
Plantearvenprisen blir delt ut av Norsk genressurssenter til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg innsats for bevaring og bruk av genetisk plantemangfold.
Forbilde for hagerestaurering
Juryen skriv om Tvete og Bentzen at dei: «mottar prisen for sin innsats med reetablering av hageanlegget ved Ringebu Prestegard i Gudbrandsdalen. Et omfattende og verdifullt arbeid er lagt ned i oppsporing av lokale sorter av bær, stauder og roser, til bruk i reetableringen av hagen.»
Innsamlingsarbeidet har gitt viktig norsk plantemateriale til dei nasjonale klonarkiva, skriv juryen. Plantegenetikar Morten Rasmussen i Norsk genressurssenter forklarer:
- Klonarkiva si rolle i bevaringsarbeidet er å ta vare på norsk mangfald av kulturplanter som ikkje formeirer seg med frø. Det betyr at ein må bevare sortar og arter gjennom podekvistar, stiklingar og liknande. Slik blir plantene tatt vare på for framtida.
Rasmussen er samd med juryen i at hagegruppas arbeid i prestegardshagen er blitt eit viktig forbilde for hagerestaurering i Noreg.
Svimle og overraska
Det er ikkje er første gong dei to prisvinnarane blir premierte for arbeidet sitt. Likevel var overraskinga stor da dei vart ropt fram for å motta Plantearvenprisen 2019 under ei samling for dei norske klonarkiva på Bygdøy Kongsgård gartneri i går.
- Prisen er eit teikn på at arbeidet blir vurdert som viktig. Det er moro å oppleve at innsatsen vår blir verdsett på denne måten, seier Halldis Myhre Tvete.
- Eg er heilt svimmel, og rørt, bryt Kari Bentzen ut. Ho er snar med å leggje til at prisen skulle vore delt med fleire, for hagen hadde ikkje blitt til utan bidrag frå mange – ikkje minst ei aktiv hagegruppe. Einar Høystad er og ein ho løfter fram.
Høystad er leiar av Stiftelsen Ringebu Prestegard. Han har mellom anna bakgrunn frå utviklingsarbeid innan landbruk for NORAD og FN, og har dei siste åra vore sterkt engasjert i arbeid med unge asylsøkjarar i Gudbrandsdalen. Som ledd i integrerings- og kulturarbeidet i Ringebu er ein del av prestegardshagen no sett av til å bli ‘verdshage’ med plass til matvekster og blomar frå mange land.
Hage med historisk sus
Prestegardshagen er bokstavleg talt bygd opp att frå grunnen. Den siste presten som budde på garden flytta i 1991. Da var hagen pløgd opp, og få spor av gamle hageplanter var å sjå.
- Restaureringsarbeidet starta med ei historisk gransking som landskapsarkitekt Ingeborg Mellgren Mathiesen hadde ansvar for i 2005. Det mest handfaste ho fann var to kart frå 1876, fortel Kari Bentzen.
Prestegarden med tun og bygningar er nemleg freda, og hagen definert med ‘status for bevaring.’ Dermed var ei historisk utgreiing og ein plan nødvendig før noko kunne gjerast med hagen.
- I karta som vart funne, var det teikna inn eit lite område sør for bygningane med eit sirkelrundt teppebed. Etter råd frå landskapsarkitekten som sto bak fornyingsplanen, delte vi dette bedet inn i felt som ei bløtkake, stykke for stykke med ulike sommarblomar.
- Slik kan vi seie at akkurat dette er ein del av hagen som er tilbakeført, seier ho, og legg til at bedet seinare er gjort litt om på i struktur av praktiske omsyn.
Arbeidet med hagen har fram til i dag støtta seg på fornyingsplanen som landskapsarkitekt Mellgren Mathiesen utarbeidde i 2006.
- For lokalsamfunnet er det fantastisk at bygda har fått hand om ein slik eigedom som Ringebu Prestegard. Her er program frå juni til september, til glede for fastbuande og tilreisande. I dei vakre bygningane er det galleri, konsertar, kafé og andre aktivitetar, fortel Halldis Myhre Tvete. Også om vinteren er det enkelte arrangement, etter avtale.
- No er hagen blitt garden verdig, og bidrar med blomar, frukt, bær og grønsaker som er samla frå traktene rundt. Gamle kulturplantar frå gamle gardar er tatt vare på for framtida. Prestegarden tilbyr gode solforhold og god jord.
- Så flott å ha ein slik plass! seier ein tydeleg stolt og glad prisvinnar.
Planter med lokale røter
I arbeidet med genressursar er det sentralt å ta vare på genetisk plantemateriale tilpassa ulike lokale tilhøve. Genetisk mangfald handlar om å vere rusta. Rusta til å møte endringar i temperatur, nedbørsmengder og vekstforhold.
- Det er i dette perspektivet registreringsarbeidet for hageanlegget ved Ringebu Prestegard gjer seg vel fortent til Plantearvenprisen, seier Morten Rasmussen ved Norsk genressurssenter.
Gamle og lokale roser, bærsortar og staudar er blitt ført tilbake til prestegardshagen. Samtidig er relevant materiale frå desse kulturplantene blitt formeira og sendt til dei norske klonarkiva.
- Sortane frå Gudbrandsdalen inngår no i det norske bevarte mangfaldet. Slik har Halldis og Kari vore med å sikre norsk plantemangfald for ettertida.
Rasmussen forklarer at Ringebu prestegardshage er som eit back-up-arkiv for dei norske plantesamlingane. Dersom noko av materialet skulle forsvinne frå klonarkiva, kan nytt formeiringsmateriale hentast frå Ringebu.
KONTAKTPERSON
Nina Svartedal
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 993 89 469 nina.svartedal@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Plantearvenprisen 2019
Plantearvenprisen 2019 er delt mellom prisvinnarar i to kategoriar. Den første tildelinga fann stad 5. november ved eit arrangement for dei nasjonale klonarkiva på Bygdøy Kongsgård gartneri. Den andre tildelinga skjer seinare og vil bli kunngjort da.
Plantearvenprisen blir delt ut årleg av Norsk genressurssenter til personar, institusjonar eller organisasjonar som har gjort ein særleg fortenestefull innsats for bevaring og bruk av genetisk mangfald innan planter for matproduksjon, land- og hagebruk. Vurderinga legg vekt på innsats innan eitt eller fleire av desse områda:
- Aktiv bevaring av verdifullt plantemateriale gjennom innsamling, kontinuerleg stell og vedlikehald av plantemateriale eller av verdfulle vaksestader.
- Aktiv innsats for å overvake og ta vare på artar og genotypar av nytteplanter i naturområde der desse er trua.
- Særleg viktig forsking på, og foredling av, nye sortar gjennom bruk av mangfald til nytte for norsk matproduksjon.
- Aktive bidrag til auka bruk av gamalt plantemateriale f.eks. innan foredling, som bidrag til spreiing av plantegenetisk mangfald, til restaurering av vaksestader for verdfulle planter i kultur eller natur, eller til bruk av historisk plantemateriale i ny samanheng.
- Opplysning og informasjonsverksemd som fremjer interessa for bevaring og bruk av plantemangfald og for plantearven på ein positiv måte.
- Andre forhold som kan bety noko for bevaring og bruk av plantegenetiske ressursar.
Prisen er eit Plantearven-trykk laga av kunstnaren Otto Østenstad frå Ås.
Norsk genressurssenter
Norsk genressurssenter koordinerer kompetanse og aktiviteter innan bevaring og bruk av nasjonale genetiske ressursar. Se lenke til rapporten "Nøkkeltall om bevaringsverdige husdyr, skogtrær og kulturplanter 2018" nederst i saken.
Rapporten gir oversikt over status for bevaringsverdige husdyr, skogtre og kulturplanter. Sentrale omgrep i genressursarbeidet for husdyr, planter og skogtre er definert og forklart.
KONTAKTPERSON
Nina Svartedal
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 993 89 469 nina.svartedal@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
Rapporten gir oversikt over status for bevaringsverdige husdyr, skogtrær og kulturplanter. Sentrale begreper i genressursarbeidet for husdyr, planter og skogtrær er definert og forklart. For de bevaringsverdige husdyrrasene viser rapporten utviklingen over flere år for storfe, sau, kystgeit og hest og utviklingen av produksjonstilskuddsordningen for bevaringsverdige husdyrraser. Det er drøyt 30 arter av naturlig hjemmehørende skogtrær i Norge. Rapporten gir oversikt over hva vi har av informasjon om deres genetiske diversitet og bevaringsbehov samt bruk. Flere av disse artene finnes i ulike bevaringsområder spredd over hele landet. Bevaring av vegetativt formerte plantegenetiske ressurser skjer i feltgenbanker i såkalte klonarkiv. Rapporten viser hvor disse ligger i landet og hva som er bevart i slike klonarkiv. Rapporten viser også bruksomfanget av norsk plantemateriale, enten det er nyutviklede sorter i kommersiell bruk eller sorter som er hentet fra ulike genbanker.