Mykje jobb ligg bak det grøne glitrande juletreet

COLOURBOX18166010

Visste du at eit juletre må vekse i 7-10 år før det er klart for sal? Juletreproduksjon er arbeidskrevjande, og det finst ingen garantiar for at trea blir vakre og salbare. Foto: www.colourbox.com

 

Visste du at eit juletre må vekse i 7-10 år før det er klart for sal? Juletreproduksjon er arbeidskrevjande, og det finst ingen garantiar for at trea blir vakre og salbare. Men takka vere 20 år med kunnskapsutvikling kan vi i dag kjøpe juletre for ein kvar smak - dyrka i Noreg.

Tidlegare blei juletre i Noreg henta i skogen. I dag kjem ein stor del av juletrea frå eigne plantefelt som er etablerte for å dyrke juletre. Det gjer det lettare å stelle trea i dei 7-10 åra dei må stå og vekse til ferdige juletre.

Nokre vil framleis ha tradisjonell gran, men det er aukande etterspurnad etter andre artar. I dag dyrkar faktisk norske produsentar rundt 60 % edelgran av ulike artar og 40 % gran.

– Juletreproduksjonen krev ein stor arbeidsinnsats størsteparten av året – frå planting, ugrasreinhald og formklipping til gjødsling og kontroll av skadegjerarar, seier forskar Inger Sundheim Fløistad ved NIBIO.

Dette skifte mot juletre som ein profesjonell produksjon, har også ført til eit stort behov for kunnskap om skadegjerar og kontrolltiltak. Ved NIBIO har forskar Venche Talgø og kollegaene hennar gjennom mange år systematisk kartlagt utfordringar knytt til plantehelse i juletreproduksjonen.

 

Tjue års kartlegging

– Juletredyrkarane har sjølve søkt mykje kunnskap om dyrkingsprosessar, medan NIBIO har gått i brodden for plantehelse. På dette området ligg vi faktisk no svært langt framme i verda og vi får stadig førespurnadar frå inn- og utland, seier forskar Venche Talgø.

Ho fortel at NIBIO har gjort ei grundig kartlegging av sjukdomar og problem i juletreproduksjonen gjennom 20 år. Mange av desse sjukdomane er felles for både Noreg, Europa og USA.

Eit døme på ein slik sjukdom er edelgranbarkreft (Neonectria neomacrospora):

– Vi byrja for alvor å arbeide med denne soppsjukdomen her i Noreg i 2008, men fann ikkje noko om han frå andre land. Seinare har det synt seg at sjukdomen er utbreidd i fleire land, og NIBIO har vore med på å kartleggje sjukdomen både i Danmark og USA, seier Talgø. Ho forklarar at slik kartlegging er svært viktig fordi ein som dyrkar må vite kva ein har å gjere med for å kunne setje inn dei riktige tiltaka.

 

Integrert plantevern

Juletredyrkarane følgjer strategien om integrert plantevern.

– Integrert plantevern i juletreproduksjon betyr at du så mykje som mogleg må bruke kulturtekniske tiltak og unngå plantevernmiddel. Dette kan til dømes vere å setje inn førebyggjande tiltak som reint frø- og plantemateriale eller å halde feltet luftig og reint for ugras, forklarar forskar Inger Fløistad.

– Det har veldig mykje å seie for dyrkarane å få denne kunnskapen som vi har kome fram til gjennom ulike forskingsprosjekt, eller skaffa oss gjennom internasjonalt samarbeid. NIBIO har eit godt samarbeid med rådgjevingstenesta Norsk Juletre, som har bygd opp stor kompetanse og vidareformidlar kunnskapen til dyrkarane.

 

Tjue år med dyrking av edelgran i Noreg

For norske dyrkarar var edelgran noko heilt nytt for 20-30 år sidan. Fram til då hadde det hovudsakleg vore import av edelgran til Noreg.

– På slutten av 1990-tallet  byrja dyrkarar for alvor å snuse på edelgranproduksjon. Det er altså berre snakk om drygt 20 år sidan denne produksjonen byrja å få eit visst omfang. NIBIO har arbeidd mykje med edelgran på skadegjerar sida, spesielt med sjukdomsorganismar og ugras. Det var ikkje berre å plukke opp informasjon om dette frå andre, og edelgrana har heilt andre utfordringar enn tradisjonell gran. Her har dyrkarane måtte lært mykje både om plantehelse og det dyrkingstekniske. Innan begge desse felta har samarbeid med danske kollegaer vore uhyre viktig, seier NIBIO-forskarane.

I dag har vi god kontroll på juletreproduksjonen sett frå eit plantehelseperspektiv. Dersom dyrkarane følgjer råda dei får, stiller dei sterkt, meiner Talgø og Fløistad, som saman står bak handboka «Skader i juletrefelt».

 

Kjøp norsk juletre

– Eg håper folk er bevisste og kjøper norskproduserte tre i staden for importerte tre. Dei norske trea er både kortreiste og hausta seinare, noko som gjer at dei vil halde seg betre. Det er også viktig for å støtte næringa, meiner Talgø.

Sjølv veit forskaren kva slags tre som skal pryde stova i år:

Vi skal ha fjelledelgran! Det er fordi fjelledelgran har ei naturleg fin vekstform, luktar veldig godt og held på nålene, avsluttar ho.

KONTAKTPERSON
Plantehelseaaret2020-logo-V-wb.gif
20041212ef032.jpg
NIBIO har gjort ei grundig kartlegging av sjukdomar og problem i juletreproduksjonen gjennom 20 år. Foto: Erling Fløistad
juletre_besch.jpg
Pyntet juletre (edelgran) med levende lys. Foto: Frauke Hofmeister

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.