Kantsoner langs vassdrag – naturen si eiga løysing for vasskvalitet og mangfald
Johnny Håll frå NIVA og Eva Skarbøvik frå NIBIO er to av forskarane i SABICAS. I videoen fortel dei om korleis kantsoner langs bekkar og vassdrag gagnar både landbruk og natur. Foto: Kathrine Torday Gulden
Kantsoner med naturleg vegetasjon langs bekkar og elvar er viktige både for natur og landbruk. Dei gir leveområde for dyreliv, vernar mot erosjon og reduserer avrenning. I ein ny video forklarar forskarar i SABICAS kvifor desse sonene bør vernast.
Kantsonene langs norske elvar og bekkar er heilt avgjerande for livet – både i vatnet og på land. Det grøne beltet gir skjul og mat til fisk, fuglar og insekt, vernar mot erosjon og bidreg til å halde vatnet reint.
– Kantsoner er eit tiltak som tek utgangspunkt i naturens eigne prosessar. Slike naturbaserte løysingar kan redusere risiko for flaumskadar, hindre erosjon og samstundes bevare artsmangfald, fortel biolog Johnny Håll ved NIVA, som leiar prosjektet SABICAS.
I prosjektet undersøker forskarane korleis naturbaserte løysingar kan bidra til betre forvalting av norske vassdrag, samtidig som dei tek omsyn til andre behov i samfunnet, til dømes landbruk.
Avgjerande for naturmangfaldet
Håll forklarar at variasjon og kontinuitet i kantvegetasjonen er nøkkelen til eit rikt naturmangfald.
– Nokre artar av vassinsekt som er viktige for aure og laks, legg egg på greiner og stokkar som stikk ut i elva. Trea gir òg skjul og leveområde for fisk, blautdyr og insekt. Dei skapar skugge som hindrar at vatnet blir for varmt, seier han.
Dette er ekstra viktig i ei tid med stigande temperaturar. Laksefisk toler dårleg varmt vatn, men tre langs breidda kan redusere oppvarminga nok til at fisken overlever.
– Det er eit spennande samspel mellom artar på land og i vatn, der til dømes vassinsekt kan vere avhengige av kantsona på land i eit utviklingsstadium, legg Nikolai Friberg til.
Friberg er ferskvassøkolog og leiar ein ny eining ved Universitetet i Aarhus som arbeider med naturbaserte løysingar.
– Også døde tre og greiner, både i elva og på land, er ein viktig del av dette samspelet og bør difor ikkje fjernast frå kantsonene, påpeiker han.
Naturleg sikring mot erosjon
Seniorforskar i NIBIO, Eva Skarbøvik, fortel at kantsoner gjer meir enn å gi liv – dei vernar òg landskapet.
– Mange lauvtre har gode rotsystem som hindrar erosjon i kantane. Trea og buskane stabiliserer elvebredder, reduserer erosjon og filtrerer avrenning, noko som gir mindre nedslamming og betre vasskvalitet nedstraums, forklarar ho.
Ein del grunneigarar vel stein som sikring mot erosjon, men Skarbøvik påpeiker at tre gir langt fleire fordelar. Tre langs bekkar og elvar er òg tilrådd som førsteval i NVEs Sikringshandbok.
– Kantsoner er eit felles gode og ansvar. Å verne om og styrkje kantsonene er å investere i framtidas vasskvalitet og naturmangfald – ei løysing som gagnar alle, seier ho.
KONTAKTPERSON
Eva Skarbøvik
Seniorforsker
-
Divisjon for miljø og naturressurser
(+47) 416 28 622 eva.skarbovik@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Invitasjon til fagtreff i april 2026
I SABICAS, som går føre seg fram til sommaren 2026, er det to nedbørsfelt som blir undersøkt: Haldenvassdraget i Søraust-Noreg og Gausa i Innlandet. Målet er å utvikle ein verktøykasse for naturbaserte løysingar som kan brukast av forvaltning og lokalsamfunn. Gjennom feltarbeid og «levande laboratorium» blir òg lokale involvert i arbeidet.
Den 27. april arrangerer Vassforeninga eit fagtreff om resultata frå prosjektet.
Les meir og meld deg på her: https://www.tekna.no/kurs/naturbaserte-losninger-i-et-nedborfeltperspektiv-49287/
SABICAS
SABICAS er eit forskings- og samarbeidsprosjekt mellom fleire partnarar som arbeider med forsking, forvaltning og naturmangfald. Arbeidet blir leia av Norsk institutt for vannforskning (NIVA).
Prosjektperiode: 2021 – 2026
Nettside: www.sabicas.no
Kontakt: sabicas@niva.no
Prosjektet er finansiert av Norges forskingsråd.
KONTAKTPERSON
Eva Skarbøvik
Seniorforsker
-
Divisjon for miljø og naturressurser
(+47) 416 28 622 eva.skarbovik@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.