Hopp til hovedinnholdet

Kan plantevernmiddel skade nytteinsekt nært frukthagar?

Eple Blom James Blomsterflue 20.05.2012-mh-prd-euw-011_cropped

I fruktdyrking er det svært viktig å oppretthalde ein god diversitet av nytteinsekt for å sikre produksjonen. Blomsterfluene er nytteinsekt som har stor positiv betydning for landbruket og er dei viktigaste pollinatorane etter biene. Foto: Finn Måge

Vi veit lite om korleis plantevernmiddel påverkar insekt som lever i åkerkanten. No skal forskarar ved NIBIO sjå på kva slags effekt plantevernmiddel har på pollinatorar og nytteinsekt i slike kantsoner.

Dei siste åra har det vore mykje fokus på plantevernmiddel og effekten dei har på pollinerande insekt og artsmangfald. Det er godt kjent at slike sprøytemiddel kan transporterast vekk frå sprøyta område både nedover mot grunnvatnet og drensvatn og via overflata til overflatevatn. Men i Noreg veit vi lite om i kva slags grad plantevernmiddel transporterast til vegetasjon og jord i åkerholmar og kantsoner i og rundt sprøyta landbruksareal.

Slik vegetasjon er viktig habitat med mat, beskyttelse og overvintringsplasser for nyttedyr. I tillegg til pollinering kan desse nytteinsekta vere viktige i nedkjemping av skadedyr og kan brukast som biologisk kontroll i integrert plantevern.

No skal forskarar ved NIBIO undersøke i kor stor grad desse områda eksponerast for plantevernmiddel i løpet av ein vekstsesong ved å ta prøver frå luft, jord og vegetasjon. I tillegg vil dei samle insekt i kantsonene rundt utvalde sprøyta områdar for å sjå på samansettinga av artar og måle nivå av plantevernmiddel i insekt.

VeikantBlomsterengNordNorge_JuttaKapfer.jpg
I Noreg veit vi lite om i kva slags grad plantevernmiddel transporterast til vegetasjon og jord i åkerholmar og kantsoner i og rundt sprøyta landbruksareal. Slik vegetasjon er viktig habitat med mat, beskyttelse og overvintringsplasser for nyttedyr. Foto: Jutta Kapfer Bøhn

Skal undersøke rundt eplehagar

– Lite eller ingen forsking er gjort for å undersøke den totale belastninga av plantevernmiddel på nytteinsekt i kantsonene i Noreg. Utanlandske studiar indikerer at rester av plantevernmiddel i kantsoner kan gje negativ påverknad på både plante- og dyreliv, seier Roger Holten, prosjektleiar og forskar ved NIBIO.

– Det er aukande interesse for å etablere blomsterstriper i jordbrukslandskapet, gjerne inntil åkerkantar, for å leggje betre til rette for pollinerande insekt, seier han.

Holten fortel at NIBIO stadig får henvendingar rundt denne problematikken.

– Difor er planen no å ta prøver av luft, jord vegetasjon og insekt for å sjå om vi finn nokon samanhengar. Vi vil også sjå om det er nokon forskjell i sprøyta og usprøyta områder.

Forskarane vil utføre undersøkingar i felt ved NIBIO i Ullensvang, der dei har både ordinær og økologisk produksjon av eple.

– Frukthagar med eple er eit godt utgangspunkt fordi dei blir sprøyta gjentatte gongar gjennom ein sesong, og på ein måte som gjer at det kan bli meir avdrift i omkrinsen og høgare eksponering enn i andre kulturar. Insektmiddel er også meir brukt i frukt enn for eksempel i korn. I fruktdyrking er det i tillegg vesentleg å oppretthalde eit stort mangfald av nytteinsekt for å sikre produksjonen, påpeikar han.

Åkerhumle og epleblomster i Opedal_Hatteland_cropped.jpg
Utanlandske studiar indikerer at rester av plantevernmiddel kan gje negative effektar på både plante- og dyreliv. Foto: Bjørn Arild Hatteland

Vil ta prøvar gjennom sesongen

Ifølgje NIBIO-forskaren er det vist at det er eksponering over tid som kanskje betyr mest for effektane ein ser på insektpopulasjonar.

– Vi ønskjer å ta jamlege prøvar av luft, vegetasjon og overflatejord i kantsoner i eplehagar gjennom to vekstsesongar i tre til fire fruktfelt på Vestlandet.

– Luftprøvane vil vi hente inn ved hjelp av passive prøvetagarar for å få eit bilete på den gjennomsnittlege eksponeringa i luft gjennom ein sesong. Desse prøvetakarane må stå ute over lang tid, minimum ein månad, for å sikre at nok luft passerer gjennom dei, forklarar Holten.

 

Skal følgje med på blomsterfluer

Forskarane skal bruke blomsterfluer som indikator-art i prosjektet. Blomsterfluene er nytteinsekt av stor positiv verdi for landbruket. Faktisk er desse fluene dei viktigaste pollinatorane etter biene.

– Blomsterfluer har ein dobbel-funksjon. I tillegg til å pollinera mange planter som er avhengig av insektpollinering, inkludert matvekstar, er dei naturlege fiendar av mange skadedyr. På larvestadiet er blomsterfluene predatorar og har særleg bladlus på menyen, noko som gjer dei til ein viktig del av den biologiske kontrollen av skadedyr i integrert plantevern, forklarar Holten.

 

Driftsform kan påverke

Roger Holten påpeikar at produksjons- og driftsformene vi har innan landbruket kan ha bidratt til nedgangen vi ser i insektpopulasjonane i verda.

– Driftsform inneber korleis vi plantar til dømes i monokulturar, der all kantvegetasjon forsvinn. Vi har hatt monokulturar gjennom mange år der ein legg bekker i rør som lettar produksjonen og gjer det enklare å drive, men som har bidratt til mindre artsmangfald i jordbruksområde. I tillegg kjem faktorar som bruk av plantevernmiddel og klimaendringar. Alt spelar saman.

Holten trur likevel det er i ferd med å endre seg.

– Det er til dømes stadig meir fokus på blomstervegetasjon i landbruket. Men det er eit tog det tar tid å snu og framleis er det nokon kunnskapshol som må fyllast.

Målgruppa for prosjektet er ifølgje Holten først og fremst dei som bruker av plantevernmiddel og produsentar.

– Vi håpar at kunnskapen frå prosjektet kan bidra til å auke bevisstheit og kunnskap rundt desse problemstillingane hjå dei som påverkast direkte av reduksjonen av desse nyttige insektpopulasjonane.

– Resultata frå dette prosjektet kan også danne utgangspunkt for vidare liknande undersøkingar i andre dyrkingskulturar på eit seinare tidspunkt, avsluttar han.

 

12.jpg

 

Organisering og samarbeidspartnarar

Prosjektarbeidet vil bli gjennomført i samarbeid mellom NIBIO - Avdeling for Pesticider og naturstoffkjemi: Roger Holten (prosjektleiar), Sven Odenmarck, Ivo Havranek og Kathinka Lang og Gunda Thöming (avdeling skadedyr og ugras)  NIBIO Bergen: Bjørn Arild Hatteland og NIBIO Ullensvang (Thomas Harris), NILU (Helene Lunder Halvorsen). .

Prosjektet er finansiert gjennom Handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmidler (2021-2025).

Frukt Sprøyte 06.05.2014 C_cropped.jpg
No skal forskarar ved NIBIO undersøke i kor stor grad kantsoner eksponerast for plantevernmiddel i løpet av ein vekstsesong ved å ta prøver frå luft, jord og vegetasjon. Foto: Finn Måge

 

Frukt Måge Epletre 09.11.jpg
Epletre. Foto: Finn Måge

 

20230630_125310.jpg
Roger Holten, prosjektleiar og forskar ved NIBIO. Foto: NIBIO

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.