Hopp til hovedinnholdet

Gråskimmelvarsel kan redusere sprøyting

20220527_110422_cropped

Jordbærdyrkar Per Fredrik Saxebøl i Frogn trur varslinga på VIPS for gråskimmel kan ha potensiale til å vere med på å redusere sprøyting. Foto: Siri Elise Dybdal

Sprøyting mot gråskimmel kan halverast om jordbærdyrkarane følgjer VIPS-varsel. Det viser forsking ved NIBIO i samarbeid med Norsk Landbruksrådgjeving (NLR).

– Varsel om gråskimmel er noko alle bønder bør vere interesserte i, seier jordbærdyrkar Per Fredrik Saxebøl i Frogn. Han er nett ferdig med årets utplanting på garden utanfor Drøbak. Det har så langt vore lite sprøytebehov, fortel han.

Saxebøl følgjer varslinga på VIPS for gråskimmel. Han trur absolutt at varslinga kan ha potensiale til å vere med på å redusere sprøyting.

– Og det er bra, ikkje berre for å ta vare på miljøet og hindre resistensutvikling. Sprøyting er også ein stor kostnad for oss. Varslingstenesta er eit godt verktøy som kan gjere at du ikkje sprøyter om du er i tvil. Men Saxebøl nyttar også eigen erfaring når han vurderer behovet. I år vart det ei sprøyting før ein regnversperiode på tidlegbær.

– Det sit nok langt inne for dei fleste å ikkje sprøyte då, fordi det kan ha store økonomiske konsekvensar om ein ikkje gjer det, påpeikar han.

 

Fleire tiltak

Alt i alt blir det gjerne tre sprøytingar mot gråskimmel i ein sesong. Men jordbærbonden nyttar også mange andre førebyggjande tiltak mot gråskimmel, mellom anna luftige, smale planterader på drill. Men eit av dei viktigaste tiltaka er sortsvalet, understrekar Saxebøl. I Drøbak er det Korona-jordbær som er mest etterspurde.

– Men dette er dessverre ein sort som er svært utsett for gråskimmel, difor prøver vi også ut andre sortar. I år har vi åtte forskjellige, seier han.

Arne Stensvand 1_cropped.jpg
– I 2022 skal det vere med 20 vêrstasjonar i gråskimmel-varslinga i VIPS, fortel NIBIO-forskar Arne Stensvand. I tillegg til varsel om infeksjonsfare, vert det også lagt ut 48-timars førebyggjande varsel. Foto: Siri Elise Dybdal

Vidareutvikla modell

NIBIO-forskar Arne Stensvand fortel at sprøyting etter varsel av gråskimmel i jordbær vart prøvd ut i Noreg i eit samarbeid mellom NIBIO og NLR frå 2001-2009. Ein modell utvikla i Ohio i USA kom best ut, men det var ein del utfordringar som gjorde at den ikkje kom i bruk. Seinare vart varslingsmodellen forbetra ved University of Florida, og dette har fått namnet ‘Strawberry Advisory System’ (SAS).

– For å teste om vi kunne bruke SAS-varslinga under norske tilhøve, har NIBIO og NLR hatt feltforsøk der sprøyting etter varsel har vore samanlikna med rutinesprøyting.

– I forsøka tidleg på 2000-talet var det gjennomsnittleg to sprøytingar etter varsel mot 3,8 standardsprøytingar, altså nesten ei halvering av sprøyting etter varsel. Det er same reduksjon vi ser med SAS-varslinga. I fjor hadde vi eitt forsøk i Lier der SAS viste at det ikkje var behov for sprøyting i det heile. Så inga sprøyting ga i realiteten det same resultatet som fire sprøytingar, seier Stensvand.

Stensvand påpeikar at resistens hos soppen mot soppmidla er ein svært viktig grunn til å redusere sprøytinga.

- Framleis er det nokre preparat som verkar, og dersom ein kan sprøyte ein gong i staden for to vil det forlenge livet til desse midla.

 

Ikkje stole blindt på varsel

I 2022 skal 20 vêrstasjonar vere med i gråskimmel-varslinga i VIPS. I tillegg til varsel om infeksjonsfare med grunnlag i data frå desse stasjonane, vert det også lagt ut 48-timars førebyggjande varsel basert på estimering av vêrdata frå Meteorologisk institutt.

– Utfordringa no er å følgje med om varsel er i samsvar med realiteten, påpeikar forskaren.

Rune Vereide, rådgjevar i NLR Vest seier det har vore nokre tekniske utfordringar knytt til varselet i hans område, men no skal dette fungere betre.

– I forsøk og utprøving av SAS har vi observert at det kan vere mykje å hente på innspart sprøyting. Det har vore litt problem med fuktmålingar, men no håpar vi at prognosane blir meir føreseielege og korrekte. Då kan dette vere eit spanande hjelpemiddel, seier Vereide.

Åker1.jpg
Redusert sprøyting er ikkje berre bra for miljøet og resistensutvikling, men sprøyting er også ein stor kostnad for mange jordbærdyrkarar. Foto: Siri Elise Dybdal
Jordbær med et bær med gråskimmel_cropped.jpg
Gråskimmel finst over alt der det er plantevekst - frå jordbær og bringebær til tomatar og roser. I jordbær er det blomane som infiserast av soppen. Dette fører til at bæra rotnar. Foto: Siri Elise Dybdal

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.