Hopp til hovedinnholdet

Gjev råd til bonden om bruk av dronar i presisjonsjordbruk

DSC_0759_cropped

Malin Larsen Græsdahl, avdelingsingeniør ved NIBIO, har laga ein brukarguide som gjev praktiske råd om korleis ein skal få god kvalitet på data samla inn med drone på åkeren. Droneguiden er laga i forbindelse med prosjektet PRESIS. Foto: Siri Elise Dybdal

Dronar med multispektrale kamera kan bli eit viktig verktøy for å ta riktige avgjersler om gjødsling og plantevern i åkeren. Ein ny guide frå NIBIO gjev råd om bruk.

Presisjonsjordbruk handlar om å bruke ny teknologi for å tilpasse behandlinga av jord og plantevekst etter behov fordi det kan vere store variasjonar innanfor same jordet.

For bonden betyr riktig mengde gjødsel og plantevern på rett stad betre effektivitet i gardsdrifta samstundes som det potensielt kan redusere miljø- og klimabelastningar.

Dronar med multispektrale kamera kan bli viktige verktøy for innhenting av informasjon om variasjonane i åkeren, fordi dei er meir effektive og presise enn mange av dagens arbeidsmetodar.

I forbindelse med prosjektet PRESIS har NIBIO no produsert ein brukarguide som gjev praktiske råd om korleis ein skal få god kvalitet på data samla inn med drone.

mg202008_DSC_6808.jpg
Data som vert samla inn via dronen, vil bli lasta opp via gardskart.nibio.no eller ei anna teneste, og vil bli prosessert gjennom løysingar utvikla av NIBIO med råd om kva som må gjerast. Foto: Morten Günther

Betre for gardsdrift og miljø

– I PRESIS jobbar vi med å utvikle eit heilskapleg system som skal sørgje for at alle norske gardbrukarar kan få tilgang på brukarvenlege, teknologiske tenester som er godt testa og tilpassa norske forhold. Mellom anna utviklar vi tildelingskart for gjødsling i korn. Det vil gjere det enklare for bonden å ta informerte avgjersler, seier Malin Larsen Græsdahl, avdelingsingeniør ved NIBIO.

Ho påpeikar at det er mange tonn med nitrogen som går inn i jordbruket.

– Gjennom presis og målretta bruk kan ein til dømes redusere avrenning og få betre utnytting av gjødsla.

 

Detaljert bilete

Desse tenestene vil vere viktige verktøy for bonden. Bilete frå dronar med multispektrale kamera kan raskt gje eit meir detaljert bilete av situasjonen på jordet enn det dagens metodar tillèt. Græsdahl fortel at det er utvikla fleire ulike dronemodellar som kan nyttast, men dei er framleis relativt dyre.

– Nokre bønder vil nok sjølv kjøpe slike dronar, men tanken vår er at ein skal kunne bestille droneflyging over åkeren dersom ein ikkje vil flyge sjølv. Data som vert samla inn via dronen, vil lastast opp via gardskart.nibio.no eller ei anna teneste, og vil bli prosessert gjennom løysingar utvikla av NIBIO med råd om kva som må gjerast.

 

Nytt i landbruket

Tidlegare har ein mellom anna nytta satellittbilete for å få informasjon om åkeren.

– Satellittbilete er gode til sitt bruk, men desse er mindre detaljerte og karta som kjem fram, er ofte berre basert på ein enkel vekstindeks. Med drone kan du få ei heilt anna oppløysing som viser centimeterbilete av åkeren. Det kan også nyttast handhaldne og traktormonterte N-sensorar for å innhente informasjon, men då brukar ein enten utruleg mykje meir tid eller meir pengar. Ei overflyging med drone tek nokre minutt, seier Græsdahl.

Ho fortel at dronar har vore nytta ein del innanfor skogbruket.

– Men i landbruket er dette nytt, seier avdelingsingeniøren.

 

Gode råd

– Men det er viktig å vite korleis ein skal bruke drone. Det er mange faktorar som spelar inn på biletkvaliteten, seier Græsdahl, som har skrive droneguiden:

– Lysforhold er vesentleg. Vi har sagt at den beste tida å fly er mellom klokka 10 og 17 på dagtid. Når det gjeld ver, er det mest gunstige eit uniformt dekke av skyer. Haugskyer som driv over sola vil gje skyggebelastningar på bileta. Dessutan kan ein få refleksjon frå skyene. Det er også viktig å ta regn og vind inn i vurderinga. Dronar toler ikkje vatn. Det er heller ikkje bra om det er dropar på vegetasjonen, fordi dette reflekterer tilbake og øydelegg bileta. Er det dessutan for mykje vind vil dronen bruke tid på å stabilisere seg og du får hakking i bileta, fortel ho.

Eit anna eksperttips er å nytte eit referansepanel.

– Eit referansepanel er ei kvit plate som du set opp på ein flat stad i åkeren. Ta bilete før og etter flyging. Det gjer det mogleg å knytte dato, klokkeslett og staddata til lysforholda. Så kan dette kalibrerast etterpå, tilrår avdelingsingeniøren.

9-11-12.jpg
DSC_0810.JPG
Dronar med multispektrale kamera kan bli viktige verktøy for innhenting av informasjon om variasjonane i åkeren. Dette fordi dei er meir effektive og meir presise enn mange av dagens arbeidsmetodar. Foto: Siri Elise Dybdal
Fakta om PRESIS

PRESIS er eit femårig samarbeidsprosjekt med eit samla budsjett på 20 millionar kroner. Det lange namnet er: «Presisjonsjordbruk ut i praksis – forskingsbasert utvikling og kvalitetssikring av klimavenlege tenester som er lønnsame for bonden».

Hovudmålet med prosjektet er å utvikle et heilskapleg system som skal sørgje for at alle norske gardbrukarar som ønskjer det, får tilgang på brukarvenlege, teknologiske tenester som er godt testa og tilpassa norske forhold, og som sikrar bonden sjølv eigarskap til og lagringsløysningar for innsamla data. Dette er informasjonstenester som har potensial til å redusere unaudsynte klima- og miljøbelastningar frå jordbruket, og/eller gi auka effektivitet og betre driftsøkonomi på gardsnivå.

Prosjektet er finansiert over jordbruksavtalen og er eit samarbeid primært mellom NIBIO, Bondelaget, Bonde- og Småbrukarlaget og NLR.

DSC_0607.JPG
I PRESIS-prosjektet skal NIBIO vere med å vidareutvikle teknologiske løysingar for enda betre presisjonsjordbruk, og samstundes sørgje for at løysningane kjem ut i praksis til gardane. Foto: Siri Elise Dybdal

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.