Færre, men større bruk i Nord-Noreg
Dei siste 20 åra har det vore ein betydeleg nedgang i aktive gardsbruk i Nord-Noreg. Omtrent halvparten er lagd ned. Likevel er produksjonen framleis relativt stabil på grunn av større bruk og auka yting per dyr, men det kan forandre seg.
Det er eit uttalt politisk mål at det skal vere eit aktivt landbruk over heile landet. I 2022 blei det over jordbruksavtalen igangsett ei områderetta satsing: Berekraft i matproduksjon og verdiskaping i Nord. NIBIO fekk i oppdrag å bidra med forsking og kunnskapsutvikling, og har mellom anna talfest utviklinga i det nordnorske landbruket frå 2002 og fram til i dag. Resultata er publisert i rapporten «Indikatorar for status og utvikling i nordnorsk jordbruksdrift».
– Her blir ei rekkje problemstillingar adressert. Når blir det så lite areal tilgjengeleg for dei som er igjen at det blir umogeleg å halde oppe dagens drift? Risikerer vi å kome til eit vippepunkt der det ikkje berre er talet på landbrukseigedommar i drift som tippar bratt nedover, men også jordbruksareal i drift? spør NIBIO-forskar Ulrike Bayr.
I rapporten er det brukt ein indeks basert på indikatorane aktive jordbruksbedrifter, aktive landbrukseigedommar, bruk av utmarksbeite og del jordbruksareal i drift for å undersøkje statusen for jordbruket i Nord-Noreg.
– Resultata viser at fleire område allereie i 2010 kunne vurderast som sårbare (på vippepunktet), og utviklinga fram mot 2021 viser ein auke i talet på sårbare område, særleg i Aust-Finnmark og langs kysten av Nord-Troms, held Bayr fram.
Grovfôr og husdyrhald
Grovfôrproduksjon og husdyrhald er produksjonane med størst betydning i Nord-Noreg. Mjølkeproduksjon står for den største verdiskapinga i jordbruket. Dei siste 20 åra er talet på mjølkekyr redusert med ein tredjedel, men produksjonen av mjølk har halde seg stabil sidan ytinga har auka. I løpet av perioden har det gjennomsnittlege talet på dyr per bruk dobla seg. Den trenden gjeld også for saueproduksjon.
Talet på geit har hatt ein betydeleg nedgang sidan 2002, men som med ku har ikkje produksjonen av geitemjølk falle tilsvarande. Dette på grunn av auka yting per geit. Det største geitefylket i landet er Troms.
– Det kjem sjølvsagt av dei naturgitte forholda i nord med relativt korte og kjølige somrar. Sjølv om mengda er liten, går det også føre seg produksjon av grønsaker og bær enkelte stadar.
– Potet er ein viktig produksjon i nord og har ei langt større geografisk utbreiing enn andre grønsaker. Utvikling av nye produksjonsmetodar som dyrking i tunnel har også gjort det enklare å drive med produksjon av grønsaker og bær under dei nordnorske forholda, seier Ulrike Bayr.
Utmarksbeite kan auke med to tredjedelar
Potensialet for utmarksbeite i Nord-Noreg er svært høgt. NIBIO si kartlegging av beiteressursane i utmarka viser at dei nordlege fylka har dei største utmarksbeiteressursane i heile landet. Samtidig finn vi her mest utmarksbeite med høg beitekvalitet. Trass i dette er det berre ein tredjedel av dei tilgjengelege utmarksressursane som er utnytta i dag.
– Totalt ser vi at det store fleirtalet av dei undersøkte områda i Nord-Noreg oppfyller minstekravet om bruk av utmarksbeite, både med og utan reindrift inkludert. Dette understrekar den store betydninga beitenæringen har i dei nordlege delane av landet, der grovfôrbasert husdyrproduksjon utgjer heile 99 prosent av den totale jordbruksproduksjonen, held Bayr fram.
Mykje leigejord er ei ulempe
Sjølv om jordbruksproduksjonen held seg oppe ved hjelp av færre, men større bruk, ligg det eit usikkerheit i at stadig meir jord blir leigeareal.
Ei stor utfordring for bruk med mykje leigeareal er at avstandane mellom areala fort kan bli store.
– Då blir det dyrt og tidkrevjande å ta vare på alle areala på same måten. Dette aukar sannsynet for at dei areala med mindre fordelaktige eigenskapar blir tatt ut av drift, og at drifta i staden blir konsentrert på dei mest produktive areala. Med tanke på mattryggleik og beredskap vil jo også dei marginale jordbruksareala vere ein viktig arealressurs i framtida, held Bayr fram.
Utfordringar i framtida
Dei siste 20 åra har talet på aktive jordbruksbedrifter i nord blitt nesten halvert.
– Det er lite som tyder på at denne trenden vil snu med det første. Den største utfordringa for nordnorsk landbruk framover vil derfor vere å stanse nedlegginga av fleire gardsbruk. I mange bygder er det i dag berre eit eller to aktive bruk igjen. Viss den siste bonden i bygda gir seg, er det eigenleg allereie for seint. Då vil store mengder jordbruksareal gå ut av drift, fordi det ikkje er nokon igjen til å overta areala. Spesielt viktig er det å ta vere på dei små- og mellomstore bruka, det er dei som har hatt den største nedgangen. Mindre bruk er betre tilpassa det nordnorske landskapet, og dei klarer ofte å utnytte arealressursane på ein betre og meir berekraftig måte, seier Bayer.
Klimaendringane vil også påverke landbruket i nord.
– Tidlegare rapportar viser til at klimaendringane kan by på nye mogelegheiter, men også på utfordringar. Klimaendringane vil føre til ein lengre vekstsesong og dermed gjere det mogeleg å dyrke meir og heilt nye sortar. Ein mogeleg auke i produksjon av potet, grønt og bær i nord vil vere svært positivt for å auke sjølvforsyningsgraden.
– På den andre sida kan eit varmare klima bidra til spreiing av plantesjukdommar og skadegjerarar lengre nordover, og meir nedbør kan auke faren for jorderosjon. Uansett vil det vere svært viktig å jobbe meir med klimatilpassing i jordbruket framover, avsluttar Bayr.
KONTAKTPERSON
Ulrike Bayr
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 480 94 762 ulrike.bayr@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
KONTAKTPERSON
Ulrike Bayr
Forsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 480 94 762 ulrike.bayr@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
Rapporten gir en oversikt over status og utvikling i nordnorsk jordbruk i perioden 2002-2022. Beregningene er gjort basert på eksisterende kartdata og data fra søknader om produksjonstilskudd. Den generelle trenden i Nord-Norge er en nedgang i jordbruksareal i drift i første del av perioden (2002 til 2012), men liten endring de siste ti årene (2012-2022). Det har samtidig vært en betydelig nedgang i antall aktive gårdsbruk gjennom hele perioden. Rapporten viser videre potensialet for jordbruksproduksjon i landsdelen, hvordan jordbruksarealene faktisk brukes og hvordan jordbrukslandskapet har forandret seg.