Det er ikkje berre i kjøtdisken du kan støtta norsk landbruk

NIBIO-forskar Anna Milford på feltarbeid hjå ein småskala grønsaksprodusent i Ulvik. Milford er oppteken av å finna løysingar som er bra for båe helse, miljø og norske bønder. Foto: Katinka Kilian, Undeland Gard, Ulvik
Dei nye norske kostråda oppmodar nordmenn til å eta meir frukt, grønt og fisk. Raudt kjøt bør avgrensast til maks 350 gram for veka med minst mogleg prossesert kjøt. Ei spørjeundersøking med 1000 deltakarar tyder på at dei som er opptekne av å eta norsk, ikkje er på bølgelengde med dei nye råda.
Dei nye norske kostråda har vorte mykje diskutert sidan dei blei offentleggjort i august i fjor. I følgje Helsedirektoratet vil dei som følgjer råda redusera risikoen for dei fleste livsstilssjukdomane, samstundes som kroppen får dei næringsstoffa den treng. Dei nye råda tilrår eit balansert kosthald med auka inntak av frukt, bær, grønsaker, grovt brød og andre fullkornsprodukt, i tillegg til fisk og sjømat, linser og bøner. Inntaket av feite meieriprodukt, raudt kjøt (særskilt prossesert) og sukker bør i følgje råda minska.
Kunnskap om kva som påverkar folks matvanar er viktig for å kunna motivera folk til å gjera positive endringar i kosthaldet. Internasjonal forsking peiker mellom anna på at haldningar til helse og miljø påverkar kva folk tar med seg frå matbutikken. NIBIO-forskar, Anna Birgitte Milford, har avdekka fleire haldningar som kan påverka norske matvanar.
Milford har gjennomført ei spørjeundersøking gjennom marknadsanalysebyrået Kantar, der dei såg på samanhengen mellom folks haldningar og inntak av raudt og kvitt kjøt, fisk og vegetariske ferdigprodukt.
– Me var særskild opptekne av om det fanst ein samanheng mellom støtte til norsk matproduksjon og kosthaldsval. Det gjorde det. Jo meir opptekne folk var av å kjøpa norsk, desto hyppigare var inntaket av raudt kjøt i snitt, fortel Milford.

Kva kjem fyrst, meiningar eller kosthald?
Undersøkinga seier ikkje noko om årsakssamanheng. Det er med andre ord ikkje mogleg å vita om folk støttar norsk landbruk for å ha ein god grunn for å eta raudt kjøt, eller om dei et raudt kjøt fordi dei ynskjer å støtta det norske landbruket.
– Det me veit er at mange av dei som føretrekk norsk mat, vel mat som er mindre i tråd med kosthaldsråda enn dei som ikkje er like opptekne av å eta norsk, seier Milford.
– Det er mykje som er positivt med at så mange nordmenn støttar norsk landbruk. Likevel kan resultata vera eit tankekors. Det er viktig at folk veit at dei støttar norsk landbruk også når dei et meir norsk plantekost, seier ho.
Støtt norsk landbruk ved å velja norsk frukt og grønt
I dag vert 50 % av grønsakene og 95 % av frukt og bær importert. I 2023 blei berre 2,3 % av norsk jordbruksareal nytta til potet, grønsaker, frukt og bær. Det er eit stort potensial for å auka norsk produksjon av frukt og grønt. Kart frå NIBIO syner at det er mogleg å dyrka grønsaker i mange fleire område enn det gjerast i dag.
Lagringsteknologien for rotgrønsaker vert stadig betre. Det same gjeld for eple, der norske vintereple kan lagrast heilt fram mot sumaren året etter hausting. I tillegg har me moglegheit til å dyrka tomat, agurk, paprika og salat i veksthus heile året. Gartnerhallen, som er den største organisasjonen for norske grøntprodusentar, informerer om at mange grønsaksbønder ynskjer å levera meir, men at det ikkje er mogleg på grunn av manglande etterspurnad.
– Norske forbrukarar kan støtta norsk landbruk ved å eta meir grønsaker og frukt som er produsert i Noreg, seier Milford.
– I dag et nordmenn i snitt 3,3 porsjonar frukt og grønt medan anbefalinga er 5-8 porsjonar per dag. Meir grønt i kosten fører til betre helse, og meir norsk grøntproduksjon gir auka sjølvforsyning, seier Milford.

Ferdigprodukt frå norsk korn og belgfrukter
Nordmenn vert òg oppmoda til å eta meir grove kornprodukt og belgfrukter, som til dømes erter og bøner. Fleire rapportar frå NIBIO syner at det er mogleg å dyrka meir erter og bøner i Noreg. Det er òg mogleg å nytta meir norsk korn direkte til menneskemat. Per i dag vert om lag 85 % av det norske kornet nytta til dyrefôr. Ei utmaning er at nordmenn et lite bygg, rug og havre. Desse kornslaga veks betre i norsk klima enn matkveite.
– Dersom folk ynskjer å fylgja råda om å eta meir korn og bøner, og i tillegg ynskjer å eta norsk, kan ein utvikla smakfulle ferdigprodukt av norske råvarer. Då ville det verta lettare for forbrukarar å velja både plantebasert og norsk, seier Milford.
– Ein moglegheit er å utvikla marknaden for vegetariske ferdigprodukt. Det finst allereie ein del vegetariske ferdigprodukt av korn og bøner, men dei er laga av importerte ingrediensar. Det treng ikkje vera slik. Det er fullt mogleg å laga gode vegetarprodukt av norsk korn, erter og bøner. Etter kvart kan kanskje fleire vil sjå slike produkt som eit positivt tilskot til det kosthaldet dei har no, oppmodar Milford.
Haldningar og matvanar
I spørjeundersøkinga vart deltakarane spurde kor einige dei var i ulike utsegn, på ein skala frå ein til sju. Ein fjerdedel var heilt eller delvis ueinige i at høgt kjøtforbruk kan vera skadeleg for helsa, og like mange var heilt eller delvis ueinige i påstanden om at redusert kjøtforbruk er eit effektivt miljøtiltak. Dei som var ueinige i desse utsegna hadde eit hyppigare inntak av raudt kjøt i snitt.
– Ein kan spørja seg kvifor såpass mange ikkje er samde i dei to utsegna over. Me har hatt kostråd som av omsyn til helse, har tilrådd redusert inntak av raudt og prosessert kjøt sidan 2011, seier Milford.
– Det finst og omfattande forsking som syner at eit meir plantebasert kosthald er mindre belastande for miljøet. Eit døme er ein studie frå 2024 der eit forskarteam ved universitetet i Oslo nytta norske data for miljø og energi. Dei fann ut at ei endring av norske matvanar i tråd med kostråda, vil redusera miljøpåverkinga frå norsk kosthald med inntil ein tredel, seier Milford.

Både husdyrhald og planteproduksjon kan ha positiv og negativ påverknad på miljø. Landbruket jobbar saman med forsking og rådgjevingsteneste for å auka dei positive og redusera dei negative konsekvensane frå all matproduksjon.
I studien fann dei og ein samanheng mellom hyppigare kjøtforbruk og dei som svara at Noreg er eit grasland som er best eigna for husdyrproduksjon.
– Som sagt kan me ikkje ut frå denne spørjeundersøkinga seia at det er haldningane i seg sjølv som fører til hyppigare kjøtforbruk, men det finst mykje forsking som tyder på at haldningar påverkar matvanar. Dersom haldningane fører til at folk et mindre grovt og grønt, kan det vera viktig å spreia meir heilskapleg informasjon om samanhengane mellom matproduksjon, helse og miljø, seier Milford.
– Det er mogleg å dyrka betydeleg meir matvekstar enn me gjer no. Noreg er altså ikkje berre eit grasland. Ein tredel av jordbruksareala vert nytta til kornproduksjon som i hovudsak går til dyrefôr, seier ho.
Kraftfôr frå inn- og utland
Felleskjøpet har gjort berekningar av kor mykje kraftfôr det går med til å produsera kjøt og mjølk. Dei ti siste åra har det vorte nytta mellom 5 og 6,7 kilo kraftfôr for å produsera eitt kilo storfekjøt. I tillegg et storfe mykje gras som er dyrka i Noreg.
Tal frå Animalia frå 2020 syner at kraftfôr til drøvtyggjarar er laga av om lag halvparten norsk korn. Den andre halvparten av kraftfôret består mellom anna av raps, mais og soya som i stor grad er importert frå utlandet. Bak eit kilo storfekjøt kan det vera frå 2 til 2,7 kilo importert kraftfôr. Dersom ein tar med grovfôret, får mjølkekyr i snitt 18 % importert fôr, intensivt fôra oksar får 14 % og mindre intensivt fôra ammekyr berre 3 %. Gjennomsnitt for svin-, kylling- og eggproduksjon er høvesvis 29 %, 60 % og 46 % importert fôr.
Kraftfôrmengd per kilo kjøt varierer mellom rasar, dyreslag og produksjonsopplegg. Gris treng 3-4 kg kraftfôr per kilo kjøt, og kylling og egg om lag 3 kilo. Gris og høns et vanlegvis berre kraftfôr. Kraftfôret inneheld i hovudsak korn og soyabøner som kunne ha vore ete av menneske.
– Det krev mykje meir areal å produsera kjøt enn plantemat. Eit område kan difor fø langt fleire menneske om det vert nytta til matvekstar enn til dyrking av husdyrfôr. Korleis me nyttar areala påverkar òg miljø og naturmangfald, seier Milford.
.jpg)
Komplisert for landbruk i utkant-Noreg
Dersom folk et meir plantekost, trengst det mindre areal for å produsera same mengd kaloriar til mat. Dette kan koma i konflikt med eit av måla for norsk landbrukspolitikk: Landbruk over heile landet. Dersom ein ikkje gjer endringar i landbrukspolitikken, vil lågare forbruk av norsk kjøt frå drøvtyggjarar, føra til at jordbruksareal går ut av drift. Det gjeld særskilt i vest, nord og høgt til fjells. I desse landsdelane stemmer nemleg ofte påstanden om at areala er mest høvelege for å dyrka gras.
Husdyrhald har mange positive verknader for økonomien i distrikta og for kulturlandskapet, noko som er viktig for det biologiske mangfaldet. Drøvtyggjarar kan dessutan nytta fôr frå utmarka, noko menneske ikkje kan. Dette er aspekt som er viktige å ha med i ein heilskapleg vurdering.
– Dersom kjøtforbruket vert så lågt som kostråda tilrår, vil båe arbeidsplassar, busetjing og kulturlandskap verta påverka. Ein bør sjå på korleis ein nyttar verkemidla i jordbruket slik at folk kan endra kosthaldet i den retninga som er tilrådd, samstundes med at ein varetek andre samfunnsmål, som til dømes landbruk og busetting i distrikta, seier Milford.
– I dag fører norsk landbruk til høg fôrimport. Me nyttar og areal som er eigna for matvekstproduksjon til å produsera kjøt. Norske forbrukarar må få vita at dei kan vera på bøljelengde med kostråda og samstundes støtta norsk landbruk. Me må jobba for å finna gode løysingar som tek omsyn til båe helse, miljø og norske bønder, avsluttar Milford.
KONTAKTPERSON


Meir om undersøkinga
Forskar Anna Birgitte Milford frå NIBIO og Sara Wangui Muiruri, PhD «research fellow» hjå NIBIO, har analysert resultata frå ei spørjeundersøking med om lag 1000 deltakarar. Sjølve undersøkinga vart gjennomført av marknadsundersøkingsfirmaet Kantar. Den var del av eit større prosjekt som handlar om moglegheiter for produksjon av plantebaserte, proteinrike produkt basert på norske ingrediensar.
Deltakarane vart spurde:
- om kor ofte dei et kvitt og raudt kjøt, fisk og plantebaserte ferdigprodukt
- om dei identifiserer seg som veganarar, vegetarianarar eller om dei et eit kjøtredusert kosthald
- om ein rekke ulike haldningar til mat, helse og miljø
- om kjøn, bustad m.m.
Særskild viktig for resultata i undersøkinga var spørsmåla knytt til norsk landbruk og kjøtforbruk. Dei som deltok oppgav kor einige dei var med ulike utsegn på ein skala frå ein til sju. Positive utsegn om støtte til norsk landbruk fekk ein skår mellom 4,9 og 5,7 i denne undersøkinga. Ein var lågast og seks var høgaste verdi.
Andre funn frå spørjeundersøkinga var at menn i snitt åt meir raudt kjøt en kvinner. Det gjorde og folk i distrikta. Yngre og eldre var meir tilbøyelege til å eta meir plantebasert mat.
Forfattarane peiker på at sjølve spørjeundersøkinga vart gjort under covid-19 perioden, noko som kan ha hatt innverknad på svara.
Resultata frå spørjeundersøkinga vart analysert i 2024 og publisert i Elsivier tidsskriftet: Appetite med tittelen: «The impact of consumers’ preferences for domestic food on dietary sustainability».
KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.