Hopp til hovedinnholdet

Alvorleg plommesjukdom på frammarsj i Noreg

IMG_0203_cropped

I Noreg blei sharkaviruset først påvist i Sogn og Fjordane i 1998. Då blei det det satt i gong eit kartleggings- og utryddingsprogram som varte frå 1998 til 2013. Målet var å utrydde sharkaviruset frå frukthagar med kommersiell plommedyrking i Noreg. Foto: Siri Elise Dybdal

Ei ny kartlegging i 2023 har påvist det skadelege viruset sharkavirus i 33 av 139 undersøkte frukthagar og planteskular i norske plommeområde. Sjukdommen kan føre til svært alvorlege skadar og store tap i produksjonen av plomme, aprikos og fersken.

Sharkavirus er skildra som den alvorlegaste sjukdomen på steinfrukt som plomme, aprikos og fersken i Europa. Viruset har gjort størst skade i Aust- og Sentral-Europa, men det har også vore eit problem i Tyskland, England og Frankrike. Nyleg har det òg dukka opp i Middelhavslanda. I Norden har vi klart å halde viruset under kontroll. Men sharkaviruset spreiar seg fortsatt i dårleg kontrollerte frukthagar i Noreg, og kjem også truleg framleis inn i landet gjennom dårleg kontrollert import av smitta tre til nye plantingar.

I Noreg blei viruset først påvist i Sogn og Fjordane i 1998. Då blei det satt i gong eit kartleggings- og utryddingsprogram som varte frå 1998 til 2013. Målet var å utrydde sharkaviruset frå frukthagar med kommersiell plommedyrking i Noreg.

I fjor utførte NIBIO og Mattilsynet ei ny kartlegging med uttak av bladprøvar frå plommetre i viktige fruktdistrikt og planteskular rundt om i landet. Målet var å sjekke status for sharkavirus i Noreg 10 år etter førre kartlegging.

Resultata frå 2023 viser at sharkavirus framleis er til stades i alle fruktdistrikt. Dei fann sjukdomen både i stadar med tidlegare funn, men også i stadar der vi ikkje har hatt funn før no.

Plommesorten 'Victoria' viser veldig tydelege symptom på fruktene, med ringar, linjer og innsenkingar. Bladsymptoma på denne sorten er derimot svake. Fruktsymptoma gjev dårleg utvikla frukt som kan falle av. Fruktkjøtet får ein brun eller brunraud misfarging og brune og svarte flekker. Også på steinen kan det vere flekker og ringar. Foto: Dag Ragnar Blystad
Plommesorten 'Victoria' viser veldig tydelege symptom på fruktene, med ringar, linjer og innsenkingar. Bladsymptoma på denne sorten er derimot svake. Fruktsymptoma gjev dårleg utvikla frukt som kan falle av. Fruktkjøtet får ein brun eller brunraud misfarging og brune og svarte flekker. Også på steinen kan det vere flekker og ringar. Foto: Dag Ragnar Blystad

 

Bekymringsfullt

I alt vart 139 frukthagar i 11 fylke undersøkt. I 33 av desse blei det gjort funn av sharkavirus. Litt under halvparten av desse var nye funnstader. Vestland fylke hadde flest kartlagde frukthagar, og 19 funn av viruset, inkludert 10 nye funnstader. Plommesortane med flest påvisingar var 'Mallard', 'Jubileum' og 'Valor'.

Dag Ragnar Blystad, seniorforskar ved NIBIO, seier smittesituasjonen som kjem fram gjennom 2023-kartlegginga viser ei utvikling som er bekymringsfull. Særleg sidan det i fleire av dei tidlegare fruktområda framleis er smitta tre. I tillegg er det mange nye frukthagar med tre som er infiserte med sharkavirus.

– Det viser seg at det ikkje blir mindre, men meir sharkavirus. Det tyder på at viruset aukar i utbreiing om det ikkje blir følgt opp tett frå Mattilsynet og dyrkarane si side, slik det var i dei første kartleggingsåra.

– Det store spørsmålet er kor skadeleg viruset vil vere over tid? Vil det bli ein betydeleg skadegjerar? Det er fleire bladlusartar som er smittespreiarar – og desse har vi i norske plommehagar. Då er det godt potensiale for denne skadegjeraren å spreie seg, påpeikar han.

 

Vanskeleg å oppdage

Ifølgje Blystad kan det vere litt vanskeleg å oppdage sharkavirus fordi symptoma kan likne på andre typar skadar.

– Plommesortane er også forskjellege når det kjem til kor sterke symptom dei får. Nokre sortar er veldig følsame, og då vil fruktene falle av trea før dei er modne, eller få stygge ringflekker. I verste fall vil fruktene ha lågare sukkerinnhald og ikkje smake like godt. Andre sortar får nesten inga synlege symptom, forklarar han.

Viruset spreier seg med bladlus og smitta materiale som blir brukt til å lage nye plantar. Eit tre som blir smitta med bladlus eit år, vil vise symptom på den greina der smitten starta året etter. Det kan ta 3-5 år før eit tre er heilt smitta og viser symptom på alle greinene sine, fortel Blystad.

– Symptom er lettast å sjå når du held blada slik at lys kjem gjennom. Du vil sjå ringar som kan vere gule, brune, eller heilt svarte. Inni ringane er kanten skarpare enn på utsida. På blada kan du sjå ein eller fleire slike ringar eller flekker som spreier seg. Flekkar og ringar frå andre virus er vanlegvis tydelegare avgrensa på både innsida og utsida, seier plantehelseforskaren.

– Sharkavirus blei i starten ofte funne på sorten 'Mallard' i Noreg. Bladsymptoma på denne sorten er ganske tydelege. Sorten 'Victoria' derimot, viser veldig tydelege symptom på fruktene, med ringar, linjer og innsenkingar. Bladsymptoma på denne sorten er derimot svake. Fruktsymptoma gjev dårleg utvikla frukt som kan falle av. Fruktkjøtet får ein brun eller brunraud misfarging og brune og svarte flekker. Også på steinen kan det vere flekker og ringar.

– Sorten 'Reeves' viser også tydelege fruktsymptom, men sorten 'Opal' viser nesten inga symptom på verken blad eller frukt, seier Blystad.

 

Tiltak

For å bli kvitt sharkaviruset må infiserte tre ryddast og øydeleggast. Tiltaka vil variere etter kor alvorleg smitten er, og om det er fare for at bladlus spreier viruset til nabofelt.

– Dersom det er bladlus i område med smitte, må ein nedkjempe bladlus heilt til smitten er borte frå området, påpeikar seniorforskaren.

Han framhevar at det er svært viktig at nytt plantemateriale er friskt, og at fruktdyrkarane tar godt tak i dette.

– Dei må setje seg inn i kva som kan fungere som smittekjelder. Dyrkarane er truleg ikkje nok merksame på dei framtidige utfordringane sharkavirus kan gje, då symptoma i enkelte sortar kan vere diffuse og tolkast som noko anna enn virus, avsluttar Blystad.

​  Seniorforskar ved NIBIO, Dag Ragnar Blystad, seier smittesituasjonen som kjem fram gjennom 2023-kartlegginga viser ei utvikling som er bekymringsfull. Foto: Siri Elise Dybdal  ​
​ Seniorforskar ved NIBIO, Dag Ragnar Blystad, seier smittesituasjonen som kjem fram gjennom 2023-kartlegginga viser ei utvikling som er bekymringsfull. Foto: Siri Elise Dybdal ​
Sharkavirus

Sharkavirus (Plum pox virus, PPV) er ein karanteneskadegjerar som har blitt funnen i plomme, fersken og aprikos i Noreg. Ein karanteneskadegjerar er ein skadegjerar, som til dømes eit virus, insekt eller ein plantesjukdom, som er så farleg for planter at det blir sett strenge reglar for å hindre spreiing. Det kan krevje spesielle tiltak for å oppdage, kontrollere eller utrydde slike skadegjerarar. I Europa er sharkavirus rekna som årsak til den mest alvorlege sjukdomen i steinfrukt.
Sharkaviruset blei første gong påvist i Noreg i 1998.

Viruset spreier seg med bladlus og smitta planter eller planter som blir brukte til å lage nye planter. Det er fleire bladlusartar som kan fungere som vektor (vektor er som oftast eit insekt, som spreier ein sjukdom eller eit virus frå ei plante til ei anna), mellom anna dei fire artane av bladlus som er vanlege på plomme her i landet: Liten plommebladlus, stor plommebladlus, mjøla plommebladlus og humlebladlus. I tillegg er ferskenbladlus ein effektiv vektor. Også havrebladlus kan fungere som vektor.

Infiserte tre må ryddast og øydeleggjast, og ein må vurdera nedkjemping av bladlus. Tiltaka vil variere i strengheit etter nivået i kjeda: kvistbankar - planteskular - frukthagar, og etter plassering, det vil seie om det er fare for bladlusspreiing av viruset mellom nabofelt.

Sharkavirus blei i starten ofte funne på sorten 'Mallard' i Noreg. Bladsymptoma på denne sorten er ganske tydelege. På blada kan du sjå ein eller fleire slike ringar eller flekker som spreier seg. Bladsymptoma viser seg etter avbløming, og er under norske tilhøve mest tydelege i juli–august. Symptoma er lettast å sjå når ein held blada slik at ein får noko gjennomfallande lys. Foto: Dag Ragnar Blystad
Sharkavirus blei i starten ofte funne på sorten 'Mallard' i Noreg. Bladsymptoma på denne sorten er ganske tydelege. På blada kan du sjå ein eller fleire slike ringar eller flekker som spreier seg. Bladsymptoma viser seg etter avbløming, og er under norske tilhøve mest tydelege i juli–august. Symptoma er lettast å sjå når ein held blada slik at ein får noko gjennomfallande lys. Foto: Dag Ragnar Blystad
Sharkaviruset spreier seg med bladlus og smitta materiale som blir brukt til å lage nye plantar. Eit tre som blir smitta med bladlus eit år, vil vise symptom på den greina der smitten starta året etter. Det kan ta 3-5 år før eit tre er heilt smitta og viser symptom på alle greinene sine. Foto: Dag Ragnar Blystad
Sharkaviruset spreier seg med bladlus og smitta materiale som blir brukt til å lage nye plantar. Eit tre som blir smitta med bladlus eit år, vil vise symptom på den greina der smitten starta året etter. Det kan ta 3-5 år før eit tre er heilt smitta og viser symptom på alle greinene sine. Foto: Dag Ragnar Blystad

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.