Hopp til hovedinnholdet

Plommeviklar og plommeveps har ført til store tap i år

Gunnhild4

Gunhild Jaastad er forskar på skadedyr og ugras i skog-, jord- og hagebruk ved NIBIO. Foto: Siri Elise Dybdal

Både plommeviklar og plommeveps har skapt utfordringar for plommedyrkarar i fleire deler av landet denne sesongen. Det er eit stort behov for nye planteverntiltak mot desse skadedyra, seier forskar Gunnhild Jaastad frå NIBIO.

I år er det funne mykje plommeveps og plommeviklar i fleire distrikt. Dette er ei kostbar utfordring for plommenæringa, for det er få effektive tiltak tilgjengeleg. I Viken fortel Norsk Landbruksrådgiving (NLR) at fortvila plommeprodusentar må luke ut store parti av avlinga på grunn av angrep av plommeviklar. Også delar av Vestlandet har hatt problem i år. I Valldal og i Ryfylke er det plommevepsen som har vore den største utfordringa.

Plommeviklar er ein sommerfugl som er avhengig av høg sommartemperatur for å sverme og leggje egg. Viklaren har difor vore mest vanleg på Sør- og Austlandet. I år er det også oppdaga skade av plommeviklar på Vestlandet. Kanskje er dette ein skadegjerar som vert viktigare framover?

Også plommeveps, brun eller svart, kan år om anna føre til stor økonomisk skade på plommeavlingane. Nokre plommesortar er meir utsette for skade enn andre. Svake angrep av plommeveps kan sjåast på som tynning av karten.

Det er få tiltak tilgjengeleg for bekjemping, og i økologisk dyrking er det førebels ingen effektive tiltak å sette inn. Meir forsking på tiltak mot både plommeveps og plommeviklar er ønska av næringa.

Utanpå plomme 6.jpg
Ein kan sjå skade både på umodne og modne plommer. Plommeviklar kan kjennast på eit eller fleire stikkhol i skalet . Sjølve stikket er mørkt, medan det ofte dannar seg eit grått felt rundt holet. Det grå feltet blir tydlegare dess meir moden plomma er. På modne plommer kan ein i tillegg kjenna det ved at plommene vert mjukare og slepp steinen. Foto: Trude Magnussen

Slit med viklar

– Plommeveps har vore eit problem i år i nokre få felt, men vi slit enda meir med plommeviklaren, seier Gaute Myren, rådgjevar på frukt i NLR Viken.

– Det er forskjell på vepsen og viklaren - plommevepsen er ei utfordring, men den tynnar på ein måte ut. Viklaren slit vi med no fordi larvene kjem med i produktet. Vi greier ikkje alltid å få den bort frå salgsplommene. Det er ein krisesituasjon, seier Myren.

Han fortel at dei har følgt med på utviklinga i mange år ved hjelp av fermonfeller ute i hagar.

– I 2022 har det vore jamt høg fellefangst frå juni til august, og heile tida over skadeterskelen for å setje inn tiltak. I fjor var det ein topp i juni, så forsvann den litt, og så kom ein ny topp i august. Viklaren fører til store økonomiske tap. Feltundersøking viste at det i eit felt var skade på opptil 40 % av plommene i år, seier Myren.

Utfordringa for dyrkarane ligg også i å få plukka vekk plommer med larver:

– Det er ikkje alltid lett å kjenne igjen at det er larver i plommene. Dette er ei kjempeutfordring. Det finst eit godkjent plantevernmiddel som truleg har god effekt mot plommeviklar, men dette middelet kan berre nyttast kvart tredje år og det er ikkje andre tiltak som er effektive, seier NLR-rådgjevaren.

larve1.jpg
Det tydlegaste teiknet på at det er larver i plommene er at ein finn avføring frå larva rundt steinen. Dersom larva er liten, går det brune gangar i fruktkjøtet inn frå stikkholet . Foto: Trude Magnussen

Fleire tilhøve spelar inn

Rune Vereide, rådgjevar på frukt og bær i NLR Vest, fortel at også delar av hans distrikt har vore råka i år:

– Det har vore problem med både veps og viklar i Ryfylke. I Sogn har ein hatt ein del angrep av viklar, men vi har ikkje hatt angrep i Nordfjord, så det kjem an på kor ein er. Vi har sett litt i auke i fermonfeller, men det er utfordringar knytt til fellene. Det har vore vanskeleg å få samsvar med fangst i feller og angrep i felt, seier han.

I Valldal i Møre og Romsdal har det no i eit par år vore store problem med plommeveps som har ført til store økonomiske konsekvensar.

– Den har no etablert seg som ein skadegjerar i område. Det er tre produsentar der som dyrkar økologisk, noko som betyr at dei ikkje kan sprøyte med insektmiddel som ein elles tilrår, påpeikar Vereide.

Captured 10 29082022.jpg
Forskarane ved NIBIO lurar på om det er to generasjonar i året då dei finn både store og små larver i plommene i slutten av august . Larvene er 10 – 12 mm lange når dei er ferdig utvikla . Tidlege stadia er kvite til lysegule med mørk brunt hovud. Foto: Trude Magnussen

Treng å forske på nye tiltak

Gunhild Jaastad er forskar på skadedyr og ugras i skog-, jord- og hagebruk ved NIBIO. Ho seier plommeviklaren aukar i Telemark, Viken og Sogn.

– I Hardanger har den ikkje vore eit problem fram til no, men i dei to siste vekene har vi gjort funn av larver i plommer også her. Vi har funne både store og små larver, og det er ikkje alltid lett å sjå inngangshola til larvene.

Tidlegare år har plommedyrkarane nytta plantevernmiddelet Calypso (tiakloprid), men frå sesongen 2021 er dette borte frå verktøykassa. Det er naudsynt å finne alternative og effektive tiltak mot plommeviklar, seier Jaastad.

– Frå sesongen 2023 har ikkje fruktprodusentane andre middel mot larver enn Mospilan (acetamiprid), og det kan berre nyttast tredje kvart år. Har produsenten problem med både plommeveps, plommeviklar og andre larver kvart år, så vil det heilt klart ikkje lønne seg å dyrke plommer, fortel Jaastad.

Jaastad meiner at det hastar med å finne effektive tiltak mot plommeviklar og plommeveps. Det trengs forsking og utvikling for å finne gode tiltak. Det bør mellom anna undersøkjast om botaniske, fysiske eller biologiske tiltak kan utviklast og nyttast mot desse viktige skadegjerarane.

Captured 8 29082022.jpg
Eldre stadia av larva vert rosa – raude også dei med tydeleg mørkt hovud Foto: Trude Magnussen
Plommeveps

Plommevepsene (Hoplocampa minuta) og (H. flava) kan år om anna føre til stor økonomisk skade på plommeavlingane. Særleg i Ryfylke er plommevepsen eit problem, men utviklinga dei siste åra tyder på at plommevepsen er på vandring nordover. Nokre plommesortar er meir utsette for skade enn andre. Sortar som blømer tidleg (t.d. Mallard) og seint (t.d. Valour) er mindre utsette enn sortar som til dømes 'Victoria' og 'Althans', truleg fordi dei blømer utanfor hovudflygeperioden til plommevepsen. Svake angrep av plommeveps kan sjåast på som tynning av karten.

Symptom

Egga vert putta inn i ei egglomme ved basis av eit begerblad. Dei nyklekte larvene borar seg inn i fruktknuten og øydelegg karten. Kvar larve kan øydeleggje 3-5 plommer. Etter å ha hola ut ein kart og ha skifta skal, borar larva seg inn i ein ny kart. Når larva er fullvaksen slepp den seg ned på jorda og spinn seg inn i ein kokong der den overvintrar.

Blom
Egglommene kan sjåast ved basis av begeblada der egga vert lagde.

Frukt
Inngangshola til plommevepslarvene i karten er lette å sjå. Desse er runde og ein ser litt avføring frå larvene rundt inngangsholet. Ofte er mange eller alle frukter i ein klase angripne. Angripne frukter modnar raskare enn friske frukter.

Kvite limfeller verkar tiltrekkjande på vaksne plommeveps, og desse kan nyttast for å finne om plommeveps er tilstades i hagen og kor mykje veps det er. I Sveits er skadeterskelen sett til 80-100 veps per felle dersom ein har 2-3 feller per sort (30-50 m mellom kvar felle).

Kjelde: Plantevernleksikonet

Plom Skade Plommeveps E 12.06.2011.jpg
Larve av plommeveps. Foto: Finn Måge
Plommeviklar i frukt

Plommeviklar (Cydia funebrana) overvintrar som fullvaksen larve i silkekokong under laus bark eller andre liknande stader. Larvene forpuppar seg tidleg på våren. Dei vaksne plommeviklarane svermar 2-3 veker seinare, frå seint i mai til ut i juli. Hoene legg flate, fargelause egg på karten. Larvene borar seg inn i fruktene like etter at dei klekkjer frå egga. Dei et fruktkjøtet rundt steinen, og forlèt frukta når dei er fullvaksne. Lenger sør i Europa har plommeviklaren to generasjonar kvart år, det er enno usikkert om det kan førekome i Noreg.

Då plommeviklarlarvene lever mesteparten av livet inni plommene, er ikkje nebbteger, gullaugelarver, marihøner m.fl. viktige naturlege fiendar for larvene. Virus, bakteriar og sopp som kan smitte egg og unge larver er truleg naturlege fiendar til plommeviklaren.

Symptom:

Frå inngangsholet til larvene tyt det ofte ut gummiflod, men ofte er det naudsynt å skjære opp plommene for å finne larvene. Larvegangen vert fort brun. Larvene et fruktkjøtet rundt steinen, og avføring frå larvene vert liggjande der. Utgangsholet til larva er rundt og ca. 2 mm i diameter. Det kjem ikkje ut avføring frå inngangs eller utgangshol. Angripne frukter modnar tidlegare og fører til tidleg kartfall.

Det er ikkje utvikla ei nasjonal varsling for plommeviklar, men det er feromonfeller tilgjengeleg på marknaden. Desse kan ein nytte for å finne om plommeviklar finst i hagen, kor stor populasjonen er og når sverming og egglegging startar.

Kjelde: Plantevernleksikonet 

IMG_20220831_130240.jpg
Plomme med viklar: Plomma ser normal ut utanpå, men naudmodnar nokre dagar før resten. Ein må skjere gjennom for å finne larven. Foto: Gaute Myren
IMG_20220831_130355.jpg
Avføring rundt steinen. Dersom larva er liten, går det brune gangar i fruktkjøtet inn frå stikkholet Larva i seg sjølv kan vera vanskeleg å finna om den er nyklekka. Foto: Gaute Myren

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.