Er plommedyrking bingo eller bedriftsøkonomi?
Vatning og biebruk bidrar meir til avlingsvolum og økonomi enn gjødsling og plantevern. Det er blant funna i ein toårig studie av dyrkingspraksis, avlingar og økonomisk resultat i norsk plommeproduksjon.
Kartlegging av dyrkingspraksis har vore del av det fireårige prosjektet Auka volum av smakfulle norske plommer, der målet har vore å stimulera til auka plommeproduksjon med god fruktkvalitet og god økonomi for produsentane.
– Til sjuande sist er det naturgitte forhold og plommedyrkaren sjølv som betyr mest for avling og økonomi, seier NIBIO-økonom Torbjørn Haukås som har leia undersøkinga.
– Men sjølv om individuelle val er viktige for avkastninga i avlingsnivå og kroner, finn vi og ein del andre fellesnemnarar blant resultata.
Av dei 35 dyrkarane som deltok, har 15 registrert informasjon frå produksjonen sin over to år, 19 registrerte i eitt år. I tillegg til den kvantitative datafangsten, er det gjennomført samtalar med dyrkarane mellom anna for å avdekke kva som driv motivasjonen deira.
Sortsval er viktige
Erfaringane frå dyrkarane viser stor breidde i avling, kvalitet og resultat. Avlingsvariasjonar er typisk for plommeproduksjon – mellom ulike distrikt, mellom år og mellom dyrkarar. Det kan verke som det sikraste i plommedyrking er at det usikkert.
Plommer er sårbare for ver og vind. Låg temperatur, særleg under blomstringa, kan gjere stor skade og medføre redusert fruktsetjing. På den andre sida er plommer ein kultur som treng lite kjemisk plantevern samanlikna med eple, for eksempel. Tilgang på vatn, spesielt i tørre periodar, ser ut til å ha større resultateffekt enn stor planteverninnsats.
Arbeidsinnsats og areal er kritiske faktorar som betyr mykje for avlingsvolum og økonomisk resultat:
– Derfor er oversikt over arbeidsforbruk og oversikt over areal viktige for vurderinga av kva plommesortar ein skal satse på. Har ein lite areal, vil det vere fornuftig å satse på yterike sortar som Reeves og Opal, kommenterer Haukås.
– Dersom målet er å få best betalt per innsett arbeidstime, er Excalibur og Reeves betre val enn Opal som er ein meir arbeidskrevjande sort. Marknadstilhøva er sjølvsagt også viktige for valet.
Han legg til at ein bør kombinere fleire sortar for best mogleg å fordele arbeidskapasiteten på ulike modningstidspunkt. Gjennom sesongen er innhaustinga den mest arbeidskrevjande oppgåva.
Sorten Opal: best pris, svakast resultat
Skilnader i arbeidsbehov, avlingsnivå og marknadsforhold kjem tydeleg fram gjennom materialet i den ferske rapporten. Torbjørn Haukås gir nokre praktiske døme:
– Dyrkingsdata frå 2018 og 2019 viser at Reeves gav størst gjennomsnittleg avling per dekar med 1 010 kilo, medan Opal gav 854 kilo og vart nummer tre av dei ti sortane.
– Opal gav likevel høgast marknadsinntekt, som er kilopris multiplisert med avlingsnivå. Grunnen er at sorten er tidleg moden, kjem tidleg ut til forbrukarane og gir betre pris enn dei seinare sortane. Dette var særleg synleg i dei to registreringsåra 2018 og 2019, som begge var gode.
– Men, om vi ser på resultat etter fråtrekk av arbeid- og maskinkostnad, endrar bildet seg igjen. Da gav Excalibur best økonomisk resultat med 14 200 kroner per dekar, medan Reeves gav 13 500. Opal gav berre 1 500 kroner per dekar. Dette føreset ein timepris på kr 300. Ved lågare timepris endrar bildet seg noko til fordel for meir yterike og arbeidskrevjande sortar.
Forklaringa på forskjellane i økonomisk resultat, er primært arbeidsinnsatsen. Av dei ti registrerte sortane, toppar Opal lista for arbeidstimar brukt til tynning, 34 timar per dekar. Reeves og Excalibur låg på omsynsvis 9,5 og 2,0 timar.
I arbeidsforbruk til skjering og forming låg dei tre sortane nærare kvarandre, med 9,8 timar til Opal, 7,1 til Excalibur og 12,0 til Reeves. Meir detaljert oversikt finst i rapporten.
– Kunnskap om sortsforskjellar i arbeidsforbruk, avlingsvolum og marknadspris er verdfull informasjon for å ta kloke bedriftsøkonomiske val ved planting av nye felt, seier Haukås.
Betydningsfullt nybrottsarbeid
Skal plommedyrkaren legge best mogleg til rette for eigen økonomi og berekraft, krevst stabile og rike avlingar pluss etterspørsel år for år. God kvalitet over tid er nødvendig for å sikre plommene avsetning. Smak, utsjånad og kort tid frå hausting til omsetning er ein del av kvaliteten.
– Berre gjennom nøgde kundar som kjem tilbake neste sesong og den neste for å kjøpe norske plommer, kan vi sikre framtida til norsk plommeproduksjon, seier FoU- og innovasjonssjef Ellen-Margrethe Hovland i Gartnerhallen.
– Detaljert informasjon på sortsnivå som vi har fått gjennom dette kartleggingsarbeidet, er svært nyttig kunnskap for våre plommedyrkande eigarar. Jo meir ein veit, jo meir kan ein planlegge for og ta omsyn til i produksjonen.
Hovland seier at nybrottsarbeid som dette er av stor verdi for vidare utvikling i næringa. Norsk fruktproduksjon har i ei årrekke vore i jamn vekst.
– Framleis er det stort vekstpotensial for norske plommeprodusentar. Det er både eit ønskje i marknaden og eit politisk mål å auke norsk fruktproduksjon vidare, seier Hovland.
Ho føyer til at løysinga ikkje nødvendigvis er meir av det same, men heller å gjere ting annleis og tenke nytt. Volumet i den norske produksjonen er no så stort at tilfanget av plommer enkelte veker i høgsesongen er større enn salet i daglegvarebutikkane.
Samarbeid gir ny innsikt
Hovland peikar på at samarbeidet mellom ulike aktørar er verdfullt for å skaffa fram relevant informasjon som kan bidra til nødvendig nyutvikling.
– Skal målet om vidare vekst skje, er det viktig å tenke utvida sesong. Sortsmangfaldet spelar her ei nøkkelrolle. Informasjonen som NIBIO har presentert, er derfor svært nyttig for produsentane sjølve og produksjonsplanleggjarane i Gartnerhallen.
Om plommevolumet skal auke utan å skape overproduksjon, kjem kunnskap om styrkar og utfordringar ved dei enkelte sortane vel med.
– Sjølv om mykje sortskunnskap alt er godt kjend blant produsentane, blir det noko anna å sjå informasjonen systematisert og dokumentert på denne måten. Forskjellane mellom sortane kjem mykje tydelegare fram. Det gjer det enklare for alle å planlegge ein portefølje av sortar som er arbeidsmessig overkommeleg, marknadsmessig handterleg og samtidig økonomisk lønnsam, avsluttar Hovland.
KONTAKTPERSON
Prosjektfakta
Artikkelen er skriven med utgangspunkt i ein delrapport til prosjektet «Auka volum av smakfulle norske plommer». Det er eit innovasjonsprosjekt gjennomført i åra 2017-2021.
Føremålet er å stimulera til auka produksjon av norske plommer med god fruktkvalitet dyrka på ein effektiv måte. Det inneber mellom anna å finna fram til prosessar for berekraftig produksjon som gir god økonomi for produsentane. Genetisk kartlegging for optimal krysspollinering har vore ein del av prosjektet saman med å undersøke blømingstider, pollenkvalitet og frøing hjå ulike plommesortar. Målet er å finna optimale pollineringssystem for årviss og god fruktsetjing.
Dyrkingssystem som gir god produksjonsøkonomi er blitt kartlagt, og likeeins beremåten hjå ulike sortar for å optimalisera treforminga og skjeringa. Feltforsøka er gjennomførde over fire år.
Sju fruktlager har deltatt i prosjektet med fem dyrkarar kvar frå sine distrikt. Av desse 35, har 15 registrert produksjonsdata over to år. Alle deltakarane er også blitt intervjua for å supplere kvantitativ informasjon med kvalitativ.
Prosjekteigar er Ullensvang fruktlager i samarbeid med NLR Viken, Hardanger Fjordfrukt, Nå Fruktlager, Sognefrukt, Innvik Fruktlager, Telefrukt Fellespakkeriet og dyrkarane deira.
NIBIO Ullensvang er FoU-ansvarleg ved Mekjell Meland. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd.
Intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald
I «Intensjonsavtalen for eit sunnare kosthald» som er inngått mellom matvarebransjen, daglegvarebransjen, serveringsbransjen og helsemyndigheitene, er det mål om 20 prosent auka forbruk av grønsaker, frukt og bær, grove kornvarer og sjømat innan 2021. Avtalen vart inngått i 2016. I rapporten «Grøntsektoren mot 2035» utarbeidd i 2020 av Rådgivende utvalg for innovasjon, vekst og økt norskandel i grøntsektoren på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet, oppgir utvalet ein vekstambisjon på 75 prosent i forbruket av frukt og grønt innan 2035. Mål for norsk andel av forbruket er ein auke på 50 prosent frå dagens nivå.
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
Plommearealet i Norge har auka mykje dei siste 20 åra, men det er stor variasjon når det gjeld avling og økonomi blant produsentane. Ved bruk av registreringar frå fleire plommeprodusentar, har ein kartlagt faktorar som kan forklare årsaker til variasjon blant produsentane . Resultata frå to registreringsår viser at sorten Reeves gav høgast avling, medan Edda gav oppnådde høgast pris. Ser ein på marknadsinntekt per dekar (avling per dekar*pris) kjem Mallard best ut. Tek ein omsyn til arbeids- og maskinkostnader vil derimot Excalibur vere den sorten som gjer best resultat. Avling er viktig for det økonomiske resultatet, men mange arbeidstimar kan påverke resultatet negativt. Bruk av vatning og bier ser ut til å påverke avlingsresultata positivt, medan tal behandlingar med gjødsel og plantevern ser ut til å ha mindre effekt. Produsentar med gode avlingsresultat jobbar med fruktdyrking på heiltid, har lang erfaring og innhentar ny kunnskap frå ulike kjelder. Gode produsentar jobbar strukturert og utfører arbeidsoppgåvene til rett tid.