Hopp til hovedinnholdet

Alt du lurer på om plantevernmiddel

ef-20060830-084121

I Nord-Europa er det berekna at ugras og planteskadegjerarar kan gi eit potensielt avlingstap på 60 %. Bruk av plantevernmiddel er eit viktig tiltak som norske bønder har for å hindre eit så stort avlingstap. Foto: Erling Fløistad

I Noreg har me eit mål om å gjere samfunnet mindre avhengig av kjemiske plantevernmiddel og samtidig redusere risikoen ved bruk av slike middel. Men kva er eigentleg plantevernmiddel? Her får du ein oversikt over det viktigaste du treng å vite om temaet.

Kor mykje plantevernmiddel bruker me i Noreg?

I følgje ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå frå 2022, er 32 % av jordbruksarealet i Noreg sprøyta med kjemiske plantevernmiddel. Jordbruksarealet omfattar areal som er brukt for å produsere korn, grønsaker, potet og gras. I snitt vart det brukt kjemiske plantevernmiddel på 91 % av areala brukt til produksjon av korn, grønsaker og potet. I underkant av 6 % av eng og beitearealet vart behandla med kjemiske plantevernmiddel.

Bruk av kjemiske plantevernmiddel medfører ein risiko for helse og miljø. Derfor er bruken av dei strengt regulert, og det blir arbeida for å finne alternative middel med låg helse- og miljørisiko. Foto: Kathinka Lang
Bruk av kjemiske plantevernmiddel medfører ein risiko for helse og miljø. Derfor er bruken av dei strengt regulert, og det blir arbeida for å finne alternative middel med låg helse- og miljørisiko. Foto: Kathinka Lang

 

Kva er plantevernmiddel?

Vidare kan ein stille seg det enkle, men svært viktige spørsmålet: Kva er eit plantevernmiddel? På nettsidene til Mattilsynet, som forvaltar regelverket rundt plantevernmiddel i Noreg, finner me denne definisjonen: «Plantevernmidler brukes til å verne planter og såvare (frø) mot skadedyr, soppsykdommer og ugress.» Dermed kan ein intuitivt dele dei inn i tre grupper – middel mot skadedyr, mot soppsjukdommar og mot ugras. Frå statistikken over kan ein lese at av den totale mengda av kjemiske plantevernmiddel brukast 64 % mot ugras, 20 % mot sopp og 2 % mot insekt.

Det finst ulike alternativ til tradisjonelle kjemiske sprøytemiddel. Mellom anna finst det rovinsekt som kan ete skadeinsekt. Her blir bladlus etne av gallmygglarver. Foto: Erling Fløistad
Det finst ulike alternativ til tradisjonelle kjemiske sprøytemiddel. Mellom anna finst det rovinsekt som kan ete skadeinsekt. Her blir bladlus etne av gallmygglarver. Foto: Erling Fløistad

 

Er plantevernmiddel farlege?

– Om plantevernmiddel er farlege eller ikkje avheng av kva type plantevernmiddel det er snakk om. Det ein som regel tenker på som plantevernmiddel kallar vi kjemiske plantevernmiddel, forklarer Birgitte Henriksen, avdelingsleiar i NIBIO si avdeling for soppsjukdommar i skog-, jord- og hagebruk.

– Den negative effekten kjemiske plantevernmiddel kan ha på menneske avheng mellom anna av kva type organismar middelet er meint mot. Ofte er det slik at desto likare oss menneske desse organismane er, desto meir skadeleg er middelet for oss. Difor er ugrasmiddel generelt minst skadeleg for menneske, etterfølgd av soppmiddel og til sist insektmiddel, som generelt sett er mest skadeleg for menneske, utdjupar Henriksen.

 

På oppdrag frå Mattilsynet, undersøker NIBIO kontinuerleg matvarer frå norske butikkar for rester av plantevernmiddel. Dette er eit viktig tiltak for å sikre at maten som blir seld i Noreg er trygg å ete.

Plantevernmiddel kan ikkje berre utgjere ein risiko for menneske, men også for miljøet rundt.

– Plantevernmiddel vil påverke livet i lokale miljø, både i jord og vatn, og kan være skadeleg for det biologiske mangfaldet, fortel Tore Bonge-Hansen. Han er leiar for NIBIO si avdeling for pesticid og naturstoffkjemi.

– Dessverre er det mykje vi ikkje veit om korleis plantevernmiddel påverkar miljøet. Derfor arbeider vi med overvaking av både jord og vatn knytt til landbruksareal. Overvakinga hjelper oss å forstå korleis plantevernmiddel blir transportert i miljøet, og korleis dei påverkar livet i vatn, i jorda og på land.

For å redusere risikoen for helse og miljø blir dei midla som blir brukt i Noreg nøye testa og vurdert, og bruken er strengt regulert av Mattilsynet. Mange kjemiske plantevernmiddel er utvikla for spesifikt å virke mot visse skadeorganismar, nettopp for å gjere dei mindre risikofylte. Det blir arbeida hardt for å halde bruken av plantevernmiddel så låg som mogleg. Plantevernmiddel skal berre brukast dersom det er naudsynt for å hindre ein for stor reduksjon i avlinga si størrelse eller kvalitet.

I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå blei det i 2022 i snitt brukt kjemiske plantevernmiddel på 97,4 % av arealet brukt til produksjon av gulrot i Noreg. Foto: Erling Fløistad
I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå blei det i 2022 i snitt brukt kjemiske plantevernmiddel på 97,4 % av arealet brukt til produksjon av gulrot i Noreg. Foto: Erling Fløistad

 

Kvifor bruker me plantevernmiddel?

I landbruket blir plantevernmiddel brukt for å sikre gode og friske avlingar. Kulturplantene våre har mange fiendar, som anten kan konkurrere med plantene om ressursar, ete plantene eller gjere dei sjuke. I Nord-Europa er det berekna at ugras og planteskadegjerarar kan gi eit potensielt avlingstap på 60 %. Bruk av plantevernmiddel er eit viktig tiltak som norske bønder har for å hindre eit så stort avlingstap. I tillegg til redusert avling kan skadegjerarar øydeleggje kvaliteten på avlinga. Mellom anna finst det sopp som kan produsere giftstoff i korn, slik at det ikkje blir forsvarleg å bruke det til menneskemat, eller som kan øydeleggje avlingar som ligg på lager.

 

Finst det alternative plantevernmiddel?

– Fordi kjemiske plantevernmiddel kan være farlege for menneske, dyr og/eller miljø er det eit ønske om å finne alternativ til tradisjonelle kjemiske middel, som har lav helse- og miljørisiko, seier Anette Sundbye. Ho er forskar i NIBIO og har arbeidd mykje med alternative plantevernmiddel.

– I tillegg er det mange kjemiske plantevernmiddel som dessverre blir trekte frå marknaden eller mister godkjenninga si av ulike årsaker. Dette kan gjere konvensjonell plantedyrking utfordrande. For å unngå at bønder gir opp å produsera enkelte plantekulturar må me få på plass fleire gode alternative middel, utdjupar ho.

Under det litt ulne omgrepet «alternative plantevernmiddel» finst middel med ulike mekanismar for å hindre avlingstap. Slike middel verkar indirekte eller direkte hemmande på uønskte organismar, og dei har vanlegvis eit naturleg opphav. Dei kan for eksempel innehalde animalske, botaniske eller mineralske stoff, eller nyttige mikroorganismar. Andre er naturlege eller syntetiske stoff som kan stimulere planta sitt eige immunforsvar.

– Vanlegvis har slike alternative middel ein lågare effekt enn kjemiske plantevernmiddel og dei er ofte meir arbeidskrevjande å bruke, med hyppigare intervall mellom behandlingane. Dette kan skape frustrasjon hos produsentane, forklarer Sundbye.

Trass i at øl først og fremst er ein populær drikkevare, er det også oppført på Mattilsynet si liste over basisstoff som kan brukast som alternative plantevernmiddel. Foto: Erling Fløistad
Trass i at øl først og fremst er ein populær drikkevare, er det også oppført på Mattilsynet si liste over basisstoff som kan brukast som alternative plantevernmiddel. Foto: Erling Fløistad

 

Korleis kan vi redusere behovet for kjemiske plantevernmiddel?

NIBIO arbeider med å redusere behovet for plantevernmiddel på ulike måtar. Mellom anna vert det arbeidd mykje med integrert plantevern (IPV).

– Integrert plantevern handlar om å vurdera alle tiltak som finst for å hindre utviklinga av skadegjerarproblem, forklarer NIBIO-forskar Nina Trandem.

– Kjemiske plantevernmiddel skal berre nyttast når andre tiltak ikkje gir gode nok resultat.

Alle som bruker yrkespreparat av plantevernmiddel er plikta å følgje prinsippa for integrert plantevern. Det første prinsippet er bruk av førebyggjande tiltak.

– Det førebyggjande arbeidet er heilt sentralt i å redusera bruken av plantevernmiddel, forklarer Trandem.

– For å gi kulturen ein best mogleg start, er det først og fremst viktig å bruke friskt plantemateriale som utgangspunkt. Det er også svært viktig å etablere eit godt vekstskifte for å hindre at skadegjerarar har vertsplanter tilgjengeleg over fleire sesongar. Slike førebyggjande tiltak er spesielt viktig for å avgrense organismar det ikkje finst kjemiske middel mot. Dette gjeld stadig fleire skadegjerarar etter kvart som mange plantevernmiddel mister godkjenninga si.

Eit anna prinsipp i IPV er overvaking av skadegjerarar. Gjennom varslingstenesta VIPS arbeider NIBIO med å lage modellar som føreseier risikoen for angrep av viktige skadegjerarar i ulike kulturar, basert på vêrdata. Slike varsel bidreg til å rettleie produsentar i når det vil være behov for å sprøyte kulturen, for å sikre ein effektiv bruk av plantevernmiddel.

Det finst også andre metodar som må vurderast, før plantevernmiddel tas i bruk. Marianne Stenrød, direktør for NIBIO si divisjon for bioteknologi og plantehelse, fortel at NIBIO har fleire prosjekt som undersøker effekten av ulike alternative tiltak.

– Nokre prosjekt undersøker ulike alternative plantevernmiddel, medan andre undersøker mekaniske metodar for å nedkjempe uønskte organismar. Mellom anna er varmebehandling med vassdamp eit lovande tiltak mot visse insekt, sopp og nematodar, både i jord og i levande planter. Biologisk kontroll er også eit viktig alternativ, og NIBIO arbeider med korleis mellom anna sopp, bakteriar og insekt kan nyttast i plantevern.

Trass i førebyggjande tiltak og alternative metodar blir det i mange tilfelle likevel vurdert at det er naudsynt å bruke kjemiske middel. NIBIO arbeider med nye teknologiske løysingar som i slike tilfelle skal gjere bruken av plantevernmiddel meir presis. Ved bruk av maskinlæring og bildegjenkjenning er det mellom anna mogleg å utvikle sprøyter som kjenner att ugras, og berre sprøyter sjølve ugraset. NIBIO deltek også i prosjekt som arbeider med sensorar som skal kunne oppdage planteskadegjerarar i felt, mellom anna ved bruk av lukt. Dette skal sikre ein meir presis bruk av plantevernmiddel.

Ein redusert bruk av plantevernmiddel er gunstig for alle parter, trekk Birgitte Henriksen frem:

– Å unngå unødvendig bruk av plantevernmiddel gjer det mindre belastande både for menneske og miljø. I tillegg kostar bruk av plantevernmiddel både tid og pengar. Enno viktigare er det at ved redusert bruk kan vi oppretthalde effekten av plantevernmidla betre. Det er nemleg med plantevernmiddel som med antibiotika – bruker du det for mykje blir skadeorganismane motstandsdyktige (dei utviklar resistens). Ved å unngå unødvendig bruk av plantevernmiddel bevarer vi effekten av dei inntil når vi verkeleg treng å bruke dei, for å sikre trygg matproduksjon.

Integrert plantevern IPV Kjemisk bekjempelse
Plantevern i kjøkkenskapet

Det er godt mogleg at du allereie har ting i kjøkkenskapet som kan fungera som eit alternativt plantevernmiddel. Det finst ei rekke slike basistoff, som primært blir brukt til anna enn plantevern. Basisstoffa har ein låg helse- og miljøfare, og er som regel tillat å bruke i økologisk landbruk. På Mattilsynets liste over basisstoff finn vi kjende produkt som eddik, natron, solsikkeolje og øl.

Å behandle planter med vassdamp har vist seg å kunne vera eit effektivt tiltak mot ulike soppsjukdommar og skadeinsekt. På biletet er ei jordbærplante som har blitt behandla i ein PlanteSauna. Foto: Erling Fløistad
Å behandle planter med vassdamp har vist seg å kunne vera eit effektivt tiltak mot ulike soppsjukdommar og skadeinsekt. På biletet er ei jordbærplante som har blitt behandla i ein PlanteSauna. Foto: Erling Fløistad

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.