Hopp til hovedinnholdet

Almesjuka spreier seg på Vestlandet

IMG_6899_cropped

Almesjuka vert spreidd av ei barkbille som ber soppen, og ved at infeksjonen vert overført frå rot til rot mellom tre. Seniorforskar Isabella Børja forklarar at billene vert tiltrekte av friske tre, særleg i greinvinklar, der dei gjer næringsgnag. Foto: Siri Elise Dybdal

Almesjuka har nådd Vestlandet. Langs Sognefjorden er det funne omfattande skadar på alm, og NIBIO-forskar Isabella Børja åtvarar om at sjukdomen kan spreie seg raskt dersom det ikkje vert sett inn tiltak.

Langs Sognefjorden har det dei siste åra dukka opp mange døande tre i lier og fjellsider. Store almetre står att med visne kroner og greiner, og mykje tyder på at dei er ramma av almesjuka. Prøver tekne langs fjorden har alt stadfesta at den alvorlege sjukdomen har nådd Vestlandet.

Almesjuka kan føre til visning og at heile tre døyr. Lenger sør i Europa, mellom anna i Nederland og Storbritannia, har sjukdomen fleire stader skada og drepe opptil 90 % av almeskogen. I Noreg førte sjukdomen til dramatiske øydeleggingar av almeskog på Austlandet på 1980- og 90-talet.

Sidan 2023 er han no også påvist på 29 lokalitetar langs Sognefjorden og på 17 nye stader på Sørlandet. Forskarane seier situasjonen er urovekkjande og åtvarar om at sjukdomen kan utgjere ein langt større trussel mot norske almar enn tidlegare antatt.

Detalj av typiske symptom på almesjuke: Greiner visnar tidleg på sommaren, blada er først gule, deretter brune. Foto: I. Børja
Detalj av typiske symptom på almesjuke: Greiner visnar tidleg på sommaren, blada er først gule, deretter brune. Foto: Isabella Børja

 

Kom med båt

Almesjuka vert forårsaka av soppen Ophiostoma som spreier seg på tre måtar: med biller som fraktar soppsporer frå tre til tre, gjennom kontakt mellom røtene til nabotre, eller med menneske som fraktar smitta plantemateriale eller insekt.

Soppen kom til Noreg alt i 1963, truleg med båttransport av tømmer til Oslo. Det var først på 1980- og 90-talet at almesjuka spreidde seg for alvor. Då dukka det opp ein meir aggressiv almesjuke-soppart som øydela mange almeskogar på Austlandet. Sjukdomen vart etablert på begge sider av Oslofjorden, og i Lier måtte over 1400 sjuke tre fjernast. Dette utløyste omfattande kartleggingar tidleg på 1990-talet.

Seinare har det vore utbrot i Kristiansand og Bergen, men desse vart raskt stansa ved å felle smitta tre. No er almesjuka igjen på framferd på Vestlandet.

Venstre: utbredelse av almesyke 1963-2019. Midten: Spredning 2020-2023. Høyre: Spredning 2024.
Venstre: Utbredelse av almesyke 1963-2019. Midten: Spredning 2020-2023. Høyre: Spredning 2024.

 

Overraska

– Dei første symptoma på angripne tre er ganske iaugefallande, seier Isabella Børja, seniorforskar ved NIBIO.

– Almesjuka byrjar med at enkelte greiner plutseleg får gule blad som raskt vert brune og krøllar seg saman midt i ei elles grøn krone. Skogsalm (Ulmus glabra), som finst over heile Noreg, er særleg utsett, opplyser ho.

– Då vi analyserte prøver frå Vestlandet trudde vi ikkje det var mogleg at denne soppen kunne spreie seg over slike avstandar, men analysane viser at det er den mest aggressive soppen som har kome hit, truleg via menneske og transport av virke med båt eller bil, seier Børja.

Ho fortel at masterstudenten Ole Jakob Bae Næss ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) kartla området og fann ut at sjukdomen alt var ganske utbreidd.

– Han tok prøver av 29 tre langs indre delar av Sognefjorden og 17 tre på Sørlandet i kommunane Vennesla, Kristiansand, Arendal og Gjerstad. Alle hadde soppen, opplyser ho.

Venstre: Under barken ser ein larvegongar og utflyvingshol etter liten almesplintborar (Scolytus laevis). Høgre: Brun ring under barken: Teikn på treet sitt forsvar etter infeksjon med almesjuke-sopp. Treet forsvarar seg ved å tette vassleidningar med fenolstoff (brun farge) og stoppar vassføringa. Infiserte greiner visnar. Foto: Isabella Børja
Venstre: Under barken ser ein larvegongar og utflyvingshol etter almesplintborar (Scolytus laevis). Høgre: Brun ring under barken: Teikn på treet sitt forsvar etter infeksjon med almesjuke-sopp. Treet forsvarar seg ved å tette vassleidningar med fenolstoff (brun farge) og stoppar vassføringa. Infiserte greiner visnar. Foto: Isabella Børja

 

Lita bille er syndebukken

Sjølv om det er soppen som forårsakar almesjuka, er det barkbiller i slekta Scolytus som spelar ei nøkkelrolle i infeksjon og spreiing av sjukdomen. I Noreg er det den vesle almesplintboraren  (Scolytus laevis) som spreier almesjuka. Billene finst i store delar av landet, men soppen er ikkje overalt. Der soppen er til stades, festar spora seg på billene sine kroppar og vert spreidde vidare.

– Billene flyg om førsommaren, etter periodar med temperaturar rundt 21 grader, og oppsøker almetre, gjerne heilt friske tre, for å gjere næringsgnag i greinvinklar, før dei seinare legg egg i svekka almetre, forklarar Børja.

Mens billene gnagar, gnir dei av seg soppsporane, som spreier seg raskt og effektivt med vasstraumen oppover i treet, og med næringstransporten nedover. Treet prøver å forsvare seg ved å tette vassleidningane og produsere giftstoff, noko som gir brunfarge og forsvarsringar. Dette er eit sikkert teikn på almesjuka.

Etter smitte utviklar blada gul farge og visnar i løpet av to veker. Blada vert seinare brune midt på sommaren. Sjukdomsbiletet med gule, visne greiner i ei elles grøn krone, er typisk for almesjuka, ifølgje seniorforskaren.

Store tre kan smittast gjennom røtene, frå sjuke nabotre, noko som er endå farlegare, sidan det kan påverke vassføringa i hovudstammen.

– Då viser avdøying og gule greiner seg oftast i den nedste delen av krona, forklarar Børja. Fordi almesjuka er vanleg på store tre er det som regel kostbart å fjerne desse. Om barken vert ståande att, kan billene halde fram med å spreie sjukdomen.

Almesplintborar (Scolytus laevis) gjer næringsgnag i tynne greinvinklar og overfører soppsporer inn i vassleidningar i veden. Foto: Isabella Børja
Almesplintborar (Scolytus laevis) gjer næringsgnag i tynne greinvinklar og overfører soppsporer inn i vassleidningar i veden. Foto: Isabella Børja

 

Svært uroa

Børja er no uroa for spreiinga på Vestlandet.

– Det er observert fleire tre i bratte lier som viser teikn til almesjuka, men det er vanskeleg å undersøkje alle desse nærare.

Ho seier at utan tiltak kan sjukdomen truleg halde fram med å spreie seg.

– Billene flyg, og menneske bidreg til spreiinga. Dersom vi er flinke til å fjerne tre og bark, kan vi likevel bremse utviklinga, påpeikar ho.

– Det er viktig å unngå transport av trevirke med bark. Når folk tek med seg trevirke frå vissen alm til hytta på Sørlandet eller lèt stammen tørke, spreier billene seg vidare. Store tre er dyre å felle, og ofte får dei stå att som skulpturar. Om barken vert fjerna eller krona flisa opp i små bitar, kan smittefaren reduserast. Problemet er at det ikkje alltid er lett å få barken av, og små bitar som står att kan vere nok til at billene kan gøyme seg, seier ho.

Alm er også verdifull som møbelved, han er ofte utan råte, og vert brukt til dreiing og snekring.
– Når sjuke tre vert sanerte, er det freistande for snikkarar og treskjerarar å ta virket i bruk. Men dersom barken ikkje vert fjerna, følgjer smitten med. Ofte er det uvitskap som gjer at dette skjer, ikkje vond vilje, påpeikar Børja.

 

Klimaet kan gi betre vilkår for almesjuka

Ifølgje seniorforskaren viser klimaanalysar at barkbillene som spreier sjukdomen kan få større utbreiing framover.

– Førebels er det berre almesplintborar (S. laevis) som spreier sjukdomen i Noreg. I Sverige har dei derimot også to andre artar (S. scolytus og S. multistriatus) – særleg den eine er meir effektiv som spreiar.

– Så langt har vi ikkje oppdaga desse her i Noreg, men Bae Næss undersøkte i masterstudien sin korleis desse billene ville kunne etablere seg under framtidige klimatiske forhold. Han fann at klimaet alt i dag gir gode vilkår for desse artane på Austlandet. Det er også mogleg at billene får fleire generasjonar per år, påpeikar ho.

Børja understrekar derfor at det er særs viktig med tiltak som fjerning av smitta tre, særleg på nye stader der almesjuka ikkje finst frå før.

– Store tre er særleg utsette for almesjuka. Det betyr at mindre tre kan vekse, men dei når aldri full storleik. I staden kan almekratt vekse fram, forklarar ho.

Europeiske og amerikanske almar er svært mottakelege for sjukdomen. Soppen stammar truleg frå Asia, der trea har utvikla eit sterkare forsvar.

– Dette er grunnen til at sjukdomsforløpet er så aggressivt i Europa. Tre kan døy i løpet av eitt til to år. Fordi almesjuka spreier seg med biller, vert heldigvis spreiinga seinare enn sjukdomar der soppen spreier seg med vind. Men når billene først er smitta, vert konsekvensane store, avsluttar seniorforskaren.

15.jpg

 

Alm

Alm er utbreidd over store delar av Noreg, med viltveksande førekomstar heilt opp til Nord-Noreg. På grunn av almesjuka vart treet raudlista i 2006.

Alm er viktig for biologisk mangfald og i kulturlandskapet. Alm vert rekna som eit viktig habitat for fleire andre artar, mange av dei trua og avhengige av alm for å overleve. Mellom anna huser treet minst 47 raudlista artar av vedbuande sopp.

Alm er eit populært park- og bytre. I dag vert han hovudsakleg brukt i grøn infrastruktur, men historisk har almen også vore viktig for matsikkerheita i Norden. I tronge tider laga ein fram til slutten av 1800-talet mjøl av barken, og lauvet vart hausta som dyrefôr.

Alm er eit ettertrakta treslag innan møbel- og interiørproduksjon, brukt både som massivvirke og finer. Almevirket er formstabilt og har god haldbarheit mot soppnedbryting. Tradisjonelt vart alm gjerne brukt i bygg nær og i vatn, som vassrøyr, vasshjul og i skip.

Ifølgje norrøn mytologi vart dei to første menneska på jorda, Ask og Embla, skapte av stokkar av høvesvis ask og alm.

Almesjuke

Almesjuke er ein visnesjuke: Bladvisninga startar om lag tre veker etter angrep av almesjuke-soppen Ophiostoma novo-ulmi. Blada vert gule, deretter brune og krøllar seg saman. Skjer sjukdomsutviklinga svært raskt, byrjar blada å krølle seg saman medan dei enno er grøne. Symptoma er først synlege i den delen av krona som vert smitta. Når smitte skjer ved rotkontakt, startar visninga nedst i krona, og heile treet vert raskt infisert. Treets fenolproduksjon, som er eit forsvar mot soppinntrenging, gir ei karakteristisk mørkfarging i veden i årringen der infeksjonen har skjedd.

Den einaste sikre måten å nedkjempa almesjuke på er å fjerne og destruere dei angripne trea snarast mogleg. Sjukdomen har stor tyding der han får etablere seg.

Bilete frå 2019 og 2024 av ei li ved Framfjorden i Sognefjorden med tre som har symptom som stemmer med almesjuke. Øvste bilete: Hått (2019), (https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Framfjorden.jpg ). Nedste bilete: Fotografert av Ole Jakob Bae Næss, 2024.
Bilete frå 2019 og 2024 av ei li ved Framfjorden i Sognefjorden med tre som har symptom som stemmer med almesjuke. Øvste bilete: Hått (2019), (https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Framfjorden.jpg ). Nedste bilete: Fotografert av Ole Jakob Bae Næss, 2024.
Almeallé med døde almetre i Modum. Smitte har skjedd både med kronevisning på grunn av billegnag, men også gjennom rotsamanveksingar. Foto: Isabella Børja
Almeallé med døde almetre i Modum. Smitte har skjedd både med kronevisning på grunn av billegnag, men også gjennom rotsamanveksingar. Foto: Isabella Børja
Typiske symptom på almesjuke: Bar krone tyder på eldre smitte. Årets smitte gir gule greiner, der blada visnar og vert brune etter kvart. Foto: Isabella Børja
Typiske symptom på almesjuke: Bar krone tyder på eldre smitte. Årets smitte gir gule greiner, der blada visnar og vert brune etter kvart. Foto: Isabella Børja

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.