Hopp til hovedinnholdet

Europeisk ask kan bli utrydda innan 30 år

_DSC5378 NO 2019

I 2019 starta eit nytt forsøk med småplanter av ask på to stader på Austlandet: Norderås og Fjugstad, i samarbeid mellom NIBIO og Landbruksdirektoratet. Foto: Nina Elisabeth Nagy

I 2005 var det rundt 25 millionar asketre i Noreg. I 2023 var talet redusert til 17 millionar, hovudsakeleg på grunn av askeskotsjuka. Den importerte plantesjukdomen kom til landet i 2006 og tar sakte, men sikkert livet av den norske askebestanden.

Askeskotsjuka er ei alvorleg sjukdom som rammar asketre. Soppen følgde med då mandsjuriaasken blei teken med til Europa som prydplante. Då han møtte vårt europeiske asketre, byrja han å forårsake sjukdom. Askeskotsjuka spreier seg raskt, og trugar no med å utrydde asketrea i heile Europa. Blada og greinene visnar, og trea døyr.

Ask er ein viktig del av naturen og landskapet, og mange artar er avhengige av ask for å overleve. Tapet av ask påverkar andre artar, landskapsbiletet og kulturmiljø, som allear og kyrkjegardar der det står mykje ask. Foto: Karine Bogsti, NIBIO
Ask er ein viktig del av naturen og landskapet, og mange artar er avhengige av ask for å overleve. Tapet av ask påverkar andre artar, landskapsbiletet og kulturmiljø, som allear og kyrkjegardar der det står mykje ask. Foto: Karine Bogsti, NIBIO

 

Fare for utrydding

I Noreg blei soppen først oppdaga i 2006, og den vart påvist i store delar av Austlandet og Sørlandet allereie i 2008.

Året etter nådde askeskotsjuka Vestlandet, der den spreidde seg frå sør i Rogaland til nord for Sognefjorden i 2012, og vidare til Stryn same året. Hageplantar kan ha bidrege til spreiinga på Vestlandet.

I 2018 vart sjukdomen oppdaga i Hindrum naturreservat i Indre Fosen kommune i Trøndelag. Denne førekomsten blir ofte omtala som verdas nordlegaste askeskog.

NIBIO-forskar Volkmar Timmermann stadfestar at askeskotsjuka er svært alvorleg i Noreg. Ho råkar tre i alle aldrar, og dødelegheita er høg.

– Det er fare for utrydding, men vi veit ikkje kor raskt. Arten er rekna som sterkt trua av Artsdatabanken, opplyser han.

Basert på data frå NIBIO er det sannsynleg med ein tilbakegang på mellom 50 og 70 prosent innan 30 år. Ein total tilbakegang på 100 prosent er heller ikkje utelukka, ifølgje Timmermann.

– Skadane utviklar seg kjapt, både på enkelte tre og i heile bestandar, sjølv i område der sjukdomen berre har vore til stades i nokre få år, legg han til.

Volkmar Timmermann, forskar ved NIBIO stadfestar at askeskotsjuka er svært alvorleg i Noreg. Ho råkar tre i alle aldrar, og dødelegheita er høg. Foto: Isabella Børja
Volkmar Timmermann, forskar ved NIBIO stadfestar at askeskotsjuka er svært alvorleg i Noreg. Ho råkar tre i alle aldrar, og dødelegheita er høg. Foto: Isabella Børja

 

Nedslåande resultat frå overvakingar

Gjennom Overvakingsprogrammet for skogskader har NIBIO overvaka førekomsten av askeskotsjuke på faste plassar i askeskog sidan 2009. Resultat frå overvakinga viser at spesielt dei yngste og minste trea har høg dødelegheit.

– På overvakingsflatene våre på Sør- og Austlandet var litt over nitti prosent av dei minste asketrea døyde i 2022. Også 79 prosent av dei mellomstore og 56 prosent av dei største trea var døde same året. Prosentdelen friske tre har minka dramatisk i alle aldersgrupper.

– Dødelegheita er høgast på flatene i Ås (Norderås) og Horten (Fjugstad naturreservat), seier han.

 

Som ein krigssone

Ask er ein viktig del av naturen og landskapet, og mange artar er avhengige av ask for å overleve. Tapet av ask påverkar andre artar, landskapsbiletet og kulturmiljø, som allear og kyrkjegardar der det står mykje ask, påpeikar NIBIO-forskaren.

– Etter kvart som trea døyr og sjukdomen spreier seg, ser vi fleire angrep av råtesopp, spesielt honningsopp og kullskorpe. Dette svekkjer trea ytterlegare, og fleire går over ende.

– Desse råtesoppane tek ofte livet av tre som allereie er svekka, og etablerer seg raskt der det er lett å angripe. Dette forverrar situasjonen for den norske askebestanden.

– I Norderås, til dømes, ser området ut som ein krigssone. Råtesoppen gjer at trea fell over ende, og det heile liknar på eit mikadospel med kryssande og samanraste tre, seier Timmermann.

Resultat frå overvaking viser at spesielt dei yngste og minste asketrea har høg dødelegheit. Foto: Erling Fløistad
Resultat frå overvaking viser at spesielt dei yngste og minste asketrea har høg dødelegheit. Foto: Erling Fløistad

 

Følger med på småplanter

Ifølgje NIBIO-forskaren skjer det heller ikkje nokon naturleg forynging i askeskogane rundt overvakingsflatene.

I 2019 starta eit nytt forsøk med småplanter av ask på to stader: Norderås og Fjugstad, i eit samarbeid mellom NIBIO og Landbruksdirektoratet.

– Vi har sett mange småplanter på desse stadane, men ingen av dei har vakse seg større. Difor laga vi eit nytt opplegg for å følgje med på korleis dei utviklar seg, og for å dokumentere kor mange som overlever i skogar råka av askeskotsjuke, forklarer Timmermann.

Etter fem år med overvaking viser resultata at mange småplanter døyr, spesielt i Fjugstad. Meir enn to tredelar av plantene i ein av forsøksrutene var døde i 2024. Beiting av rådyr har også bidrege til at fleire plantar har gått tapt, seier han.

– Delen friske småplanter er redusert frå 99 prosent til 29 prosent i same ruta i Fjugstad, medan det står betre til i dei andre rutene med lågare dødelegheit og større del friske planter, fortel forskaren.

Han legg til at den faktiske dødelegheita sannsynlegvis er høgare, sidan dei fleste plantene som ikkje vart funne igjen, truleg også er døde.

NIBIO vil halde fram med å følgje med på om plantene overlever i dei to områda.

Ein større blanding av treslag kan kanskje bidra til å gi betre vekstvilkår, fordi ulike treslag har forskjellige krav til lys og andre faktorar. Foto: John Yngvar Larsson, NIBIO
Ein større blanding av treslag kan kanskje bidra til å gi betre vekstvilkår, fordi ulike treslag har forskjellige krav til lys og andre faktorar. Foto: John Yngvar Larsson, NIBIO

 

Ser dystert ut for framtida

På lang sikt ser situasjonen dyster ut.

– Det ser ikkje lovande ut, sjølv om mange av småplantene i vårt forsøk framleis er friske. Teoretisk sett kunne ein håpe at sjukdomen til slutt mistar livsgrunnlaget sitt, fordi det blir få tre igjen, men det er veldig lite sannsynleg og ville uansett ta svært lang tid. Det er ei trist utvikling som gjer store innhogg i norsk natur.

Han seier det er lite ein kan gjere for å endre utfallet.

– Vi har forsøkt å avgrense spreiinga av soppen, men utbreiingsområdet omfattar nesten heile Europa.

Ein moglegheit kan være å prøve å finne resistente tre. NIBIO-biologen Mari Mette Tollefsrud har vore med på å velje ut friske tre frå ulike stader på Austlandet, Sørlandet og Vestlandet. Desse frøa blir planta ut for å utsetje dei for naturleg infeksjon, og på den måten teste motstandskrafta. Forhåpentlegvis vil dei innsamla frøa gi fleire friske og motstandsdyktige asketre.

Målretta skogskjøtsel kan også bidra til å bremse utviklinga noko.

– Ein blandingsskog, ikkje rein askeskog, kan kanskje vere ei løysing, trur NIBIO-forskaren.

– Ein større blanding av treslag kan bidra til å gi betre vekstvilkår, fordi ulike treslag har forskjellige krav til lys og andre faktorar. Dette kan moglegvis avgrense skadane noko, men det vil framleis vere ei utfordring.

15.jpg

 

Fakta om askeskotsjuka

Askeskotsjuka blei først oppdaga i Polen på 1990-talet. Sjukdomen spreidde seg raskt til andre land. Sidan ingen visste kva som forårsaka sjukdomen, vart det ikkje gjort noko for å hindre at den spreidde seg.

Først i 2006 blei det oppdaga at det var ein sopp, Chalara fraxinea, som var årsaka. Denne soppen ble  raskt satt på karantenelistene til mange europeiske land, som innførte forbod mot  å innføre soppen. Seinare fekk soppen namnet Hymenoscyphus fraxineus, og på norsk kallar vi han askeskotbeger. Denne soppen forårsakar sjukdomen.

Askeskotsjuka har veldig høg dødelegheit. I nokre skogar i Europa er asken heilt utrydda, og andre stader er over 80 % av trea døde. Unge tre døyr raskt, men eldre trær kan ta mange år før dei døyr. Difor har vi ikkje sett det endelege resultatet i Noreg enno.

Når asketrea forsvinn, skiftar skogen treslag, og dette har store konsekvensar for skogbruket i Europa. Det påverkar også naturen, fordi mange dyr, soppar og plantar er knytte til ask.

 

Slik oppdagar du askeskotsjuke

Soppsporane spreier seg om sommaren og kjem inn i treet gjennom blada og vidare inn i greinene. Du kan sjå at treet er sjukt når døde greiner stikk ut frå toppen.

Små tre visnar frå toppen,  medan store tre får døde greiner i krona, ofte med vassris. Dette er eit desperat forsøk frå treet på å lage blad.

NIBIO-forskar Volkmar Timmermann ute i overvakingsfelt. Etter fem år med overvaking viser resultata at mange småplanter døyr. Meir enn to tredelar av plantene i ein av forsøksrutene var døde i 2024. Beiting av rådyr har også bidrege til at fleire plantar har gått tapt. Foto: Isabella Børja
NIBIO-forskar Volkmar Timmermann ute i overvakingsfelt. Etter fem år med overvaking viser resultata at mange småplanter døyr. Meir enn to tredelar av plantene i ein av forsøksrutene var døde i 2024. Beiting av rådyr har også bidrege til at fleire plantar har gått tapt. Foto: Isabella Børja
Askeskotsjuka: Små tre visnar frå toppen,  medan store tre får døde greiner i krona, ofte med vassris. Dette er eit desperat forsøk frå treet på å lage blad. Foto: Volkmar Timmermann
Askeskotsjuka: Små tre visnar frå toppen, medan store tre får døde greiner i krona, ofte med vassris. Dette er eit desperat forsøk frå treet på å lage blad. Foto: Volkmar Timmermann

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.