Slik lukkast du med skjering av epletre
Signe Glømmen og Jard Opedal i gang med skjering i eplefelt på Lofthus i Ullensvang. Foto: Hege Ulfeng
Beste tida for skjering av epletre er no! Å skjera frukttre er ein kunst som berre få meistrar fullt ut, men det finst nokre enkle prinsipp som alle kan læra seg.
Når dagane vert kortare og temperaturen søkk, går epletrea inn i vinterdvale. Trea stansar veksten, mistar blada og knoppane går i kvile. Det er i denne perioden, vanlegvis mellom november og mars, at det er best å skjera epletrea.
– Når treet kviler, ser du betre kva du gjer, og inngrepa blir mindre stressande for treet, forklarar Signe Glømmen, lærling ved NIBIO Ullensvang i Hardanger.
– Det er mogleg å skjera andre tider på året og, men i bløminga skal ein absolutt ikkje skjera! understrekar ho.
Hovudstamme og veksekraft
Glømmen forklarar at det finst nokre hovudprinsipp som gjeld for dei fleste epletre, uavhengig av alder, storleik og sort.
– Eit godt utgangspunkt er å gi treet ein tydeleg leiar, eller topp. Det hindrar at fleire sterke greiner konkurrerer om å vera hovudstamme og nyttar mykje av energien i treet. Har du eit tre som veks kraftig, bør du velja ein noko svakare leiar. Er treet svakt, kan du la ein litt kraftigare leiar få dominera, seier Glømmen.
– Hugs òg at det er du som avgjer høgda på treet – hald treet lågt nok til at du rekk all frukta frå ein låg stige.
Ta vare på dei beste greinene
Målet er eit ope, lyst og friskt tre som er nokon lunde symmetrisk. For å koma dit er det viktig å kunna skilja mellom gode og mindre gode greinar. Svært forenkla vil me ha unge, friske greiner som veks utover.
– Tenk «personal space», oppmodar Glømmen.
– Greiner som veks innover i krona, står tett på stamma, har skarp vinkel (mindre enn om lag førti grader) eller kryssar andre greiner, bør fjernast. Då slepp meir lys og luft inn i krona, og frukta får betre kvalitet. Eit luftig tre er dessutan mindre utsett for sjukdom, forklarar Glømmen.
For å halda treet ungt bør ikkje greinene verta for gamle og tjukke. Nedst i treet bør greiner som er tjukkare enn halve stamma vekk. Lenger oppe bør dei helst ikkje verta tjukkare enn ein tredel av stamma på staden der dei veks ut.
– For å fornya treet, kan du korta inn gamle greiner tilbake til ein «tapp» eller til eit årsskot. Ny, yngre ved gir friskare tre og betre frukt. Rotskot og veldig låge greiner kan òg fjernast – ryggen din vil takka deg når du skal plukka frukta!
Samstundes er det viktig å ikkje verta alt for ivrig. Jo større greiner du fjernar, desto meir energi må treet bruka for å reparera såra. Fjern maksimalt to til tre store greiner per år.
Kjenn treet ditt
Det er ein fordel å ha litt kunnskap om korleis treet veks. Årsskota er dei greinene som vart danna sist sesong. Dei reagerer sterkast på skjering, medan eldre ved gir mindre ny skotvekst.
Blomsterknoppar er gjerne meir runde og flate, medan bladknoppar er spisse. I dei fleste sortar sit blomsterknoppane på toårig og eldre ved. Dersom ein vil ha vekst i ei ung grein, er det viktig at knoppen i enden av skotet er ein bladknopp.
– I epletre er det vanleg å nytta det ein kallar safttrekkingssnitt (STS). Det er litt komplisert, men for dei som vil ta skjeringa eitt steg vidare frå nybyrjarnivå, vil eg rå til å lesa meir om dette på sidene til Norsk landbruksrådgiving, seier Glømmen.
Det er òg viktig å sjekka trea for sjukdom og skade. Frukttrekreft er ikkje uvanleg i norske hagar. Ein kan sjå raude sporehus i barken, på greiner og stamme. Slike parti bør fjernast, og både greiner og lauv frå smitta tre bør fjernast frå hagen. Dersom heile treet er i dårleg forfatning, bør det fjernast.
Øving gjer meister
Det kan kjennast vrient første gong du står under epletreet med greinsaksa i handa, men kvart kutt er god læring. Start forsiktig, følg nokre få og klare prinsipp, og sjå korleis treet svarar gjennom sesongen.
– Etter kvart får du ein eigen «teft» for kva som fungerer, og både du og epletrea blir betre for kvar vinter. Øving gjer meister! avsluttar Glømmen.
KONTAKTPERSON
Signe Glømmen
Lærling
-
Eiendom/Drift
(+47) 413 78 263 signe.glommen@nibio.no Kontorsted: Ullensvang
Unge epletre – ikkje klipp for hardt
I unge tre er målet først og fremst å byggja opp ein god struktur med ein tydeleg leiar og nokre få, fint plasserte sidegreiner.
– Du bør ikkje skjera unge tre for hardt. Hard skjering provoserer sterk vekst og gjer at treet kjem seinare i bæring, understrekar Darius Kviklys, forskar og hovudansvarleg for dyrkingsteknikk ved NIBIO Ullensvang.
Ta heller nokre få, gjennomtenkte kutt kvart år enn eit stort skippertak. Det gir rolegare vekst, tidlegare frukt og eit tre som er enklare å handtere på sikt.
Gamle epletre – lys, fornying og avgrensa høgd
I eldre, store tre handlar det meir om å fornya og opna opp. Målet er betre lys inn i krona og meir frukt på yngre ved.
– I nokre høve kan du til og med fjerna hovudleiaren og laga ei open «vasekrone» med fire sterke greiner som peikar utover, forklarer Kviklys.
Kort inn lange, tunge greiner slik at fruktsona kjem nærare stamma, og pass på toppen av treet! Hald treet så lågt som mogleg så du rekk frukta frå ein liten stige.
Fjerning av store greiner vil stimulera kraftig gjenvekst i form av såkalla vasskot. Hugs å fjerna desse skota i løpet av sommaren.
Tips
Ulike sortar har ulike krav til skjering. Viss du skal kjøpa eit nytt epletre, spør om det er noko spesielt du bør tenka på når du skal skjera treet. Spør om treet er svakt- eller sterktveksande og korleis treet bør skjerast dei fyrste to til tre åra.
KONTAKTPERSON
Signe Glømmen
Lærling
-
Eiendom/Drift
(+47) 413 78 263 signe.glommen@nibio.no Kontorsted: Ullensvang
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.