Hopp til hovedinnholdet

Både fruktbonde og forbrukar kan bidra til auka sjølvforsyning av frukt

heul_20240605-DSC02413_best_cropped

Fruktbonde Per Severin Hjermann frå Lærdal og forskar Darius Kviklys ser på resultata av ulik tynning i Raud Aroma. Foto: Hege Ulfeng

Sjølvforsyninga av norsk frukt skal opp, seier politikarane. Skal me få det til, må både bonden og kunden vera med på leiken. Fruktdyrkarar og forskarar samarbeider for å levera stadig betre kvalitet, men skal produksjonen halde fram med å auka, må vi nordmenn eta meir norske eple.

Berre 17 %  av dei epla me nordmenn åt i fjor kom frå norske fruktgardar. Dei siste ti åra har produksjonen av norske eple dobla seg, men etterspurnaden har ikkje heilt helde tritt, trass i forbrukarundersøkingar som syner at nordmenn føretrekk norske eple.

Ein tredel av dei norske epla er av sorten Raud Aroma. Sorten har god smak og høge avlingar. Saman har forskarar og fruktdyrkarar mellom anna sett på korleis kundane kan få Aroma-eple av høg kvalitet lenger utover hausten. Resultata frå forskinga syner at innsatsen må byrja allereie tidleg i sesongen, mellom anna med merksemd rundt fruktstorleik.

Haustemoden Raud Aroma. To eple per klase og fin storleik. Fotograf: Finn Måge, NIBIO
Haustemoden Raud Aroma. To eple per klase og fin storleik. Fotograf: Finn Måge, NIBIO

 

Skal, skal ikkje tynna

Aroma-epla kan verte for store, og dei store epla held seg ikkje så godt på lager som dei mindre. Dette har fruktbonde Per Severin Hjermann frå Lærdal erfart.

– Sist på 1990-talet vart me gjentatte gonger oppmoda til å tynna Aroma. Eg prøvde eit år, men då vart andelen med for store eple mangedobla. Desse epla får ein ikkje selt til full pris, så etter det året har eg aldri tynna Aroma meir, fortel Hjermann.

– Eg har forholdsvis kraftige tre som toler store avlingar år etter år, legg han til.

Samstundes er fruktbonden nysgjerrig på ny kunnskap. I 2023 vart han med i prosjektet SmartFrukt. Her har han samarbeida med NIBIO-forskar Darius Kviklys om feltforsøk med ulik grad av tynning. Forskar Kviklys held fast på at noko tynning i Raud Aroma vil vera bra i dei fleste høve.

– Det stemmer at tynning i Aroma kan føra til for stor fruktstorleik som gjer dårlegare lagring. Samstundes er det ikkje bra om treet ber for mykje frukt, seier forskaren.

Aroma er ein sort som kan få svært store avlingar. Stor avling eit år kan føra til lite avling året etter og dårleg vekst i treet.

– Når ein tynner, må ein sjå på heile treet, held forskar Kviklys fram.

– Eit kraftig tre kan bera fram meir frukt enn eit svakare tre. Ein må freista å oppnå rett balanse mellom fruktmengd og vekst i treet. Ein må og tenka på framtida, ikkje berre på årets sesong.

– I praksis syner forsøka våre i Aroma at det ofte gjer eit godt og stabilt avlingsresultat om ein tynnar vekk annankvar klase med eplekart og let det vera to eple i klasane som er att, avsluttar Kviklys.

Eplekart klare for tynning. Foto: Hege Ulfeng
Eplekart klare for tynning. Foto: Hege Ulfeng

 

Fleire tiltak kan ha effekt

Det er ikkje berre tynning som verker inn på kvaliteten. Rett sprøyting til rett tid er viktig for at ikkje epla skal ta med seg skadar frå insekt og sopp inn på lager. Rett haustetidspunkt og forsiktig handsaming har og mykje å seia.

Dei siste åra har NIBIO og fruktlagera dessutan sett på ulike lagringsteknikkar. Her skjer det mykje om dagen. Med moderne teknikkar og nye og meir lagringssterke eplesortar er målet at me skal få norske eple heilt fram til sommaren året etter hausting.

Fruktnæringa og forskarane held fram med å jobba for utvida sesong av norske kvalitetseple. Så er det opp til deg og meg om me vil eta fleire norske eple. Då kan 2024 verta eit vendepunkt for sjølvforsyninga av norsk frukt.

Gartnerhallen har ansvar for prosjektet SmartFrukt som er eit samarbeid mellom næringa, Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) og NIBIO.

11-12.jpg

 

Gabriela Lundberg, FoU og inoovasjonssjef i Gartnerhallen, oppmodar alle til å eta meir norsk frukt. Foto; Hege Ulfeng
Gabriela Lundberg, FoU og inoovasjonssjef i Gartnerhallen, oppmodar alle til å eta meir norsk frukt. Foto; Hege Ulfeng

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.