Reisa til juleeplet

Det er raudt, søtt og sprøtt. Det har lege på lager i to månader og venta på å kome ut i butikkane før jul. Men reisa til juleeplet starta lenge før det hamna på fruktlageret.

PUBLISERT: 22.12.2023 Tekst: Hege Ulfeng Foto: Se nederst

Mange har høyrt om «Reisa til julestjerna», men det er berre nokre få som kjenner reisa til «Rubinstep» - sjølve juleeplet. Utviklinga starta for fleire tiår sidan og har involvert reiseverksemd for både forskarar, podekvistar og pollen.

Nesten 85 % av epla vi et i Noreg har kome hit frå utlandet. I ei årrekke har forskarar og rådgivarar samarbeida med fruktnæringa for å få fleire norskproduserte eple i butikkane. Utfordringa er å finna sortar som er tilpassa norsk klima, gir gode avlingar og beheld smak og konsistens etter lang tids lagring – kort sagt, gode juleeple.

‘Rubinstep’ oppfyller krava til eit godt juleeple.

Men det vart ikkje gjort på ein, to, tre å finne fram til denne sorten. Reisa begynte allereie med foreldresortene på 1970 og 80-talet. Den eine av dei «føresette» heiter 'Clivia' og reiste frå Tyskland til Tsjekkia. Her vart 'Clivia' kryssa med den tsjekkiske sorten 'Rubin'. Resultatet blei 'Rubinstep', eller 'Pirouette', som sorten vert kalla i fleire andre land.

Gamle bygninger på NMBU  Njøs frukt- og bærsenter i Sogn NIBIOs forskingsstasjon på Lofthus i Ullensvang
  • I 1988 reiste foreldresorten 'Rubin' til Noregs landbrukshøgskule (no NMBU). Nokre år seinare følgde 'Rubinstep'-eplet i same spor som «far sin».
  • Den ferske sorten blei importert til Njøs frukt- og bærsenter i Sogn. Her blei han prøvt ut i norsk klima.
  • I år 2000 reiste ‘Rubinstep’ til NIBIO sin forskingsstasjon på Lofthus i Ullensvang for vidare utprøving.

'Rubinstep' var med på ulike utprøvingar frå 2002 til 2017.

Forskarane registrerte alt frå blømingstid til haustedato, vekstkrafta til treet og avlingspotensialet, førekomst av sjukdom og fruktkvalitet i sesongar med ulike vêrforhold.

'Rubinstep' viste seg å vere ein avlingsrik og avlingssikker sort med veldig god fruktkvalitet. Den eigna seg også for langtidslagring - og dermed òg som juleeple.

Seniorforskar Mekjell Meland, ved NIBIO UllensvangForsøksfelt ved NIBIO UllensvangForsøksfelt ved NIBIO Ullensvang
  • Mekjell Meland er seniorforskar. Han arbeider med frukt ved NIBIO Ullensvang og har leia mange prosjekt innanfor sortsutprøving og dyrking.

  • – Det er veldig kostbart for bonden å etablera eit nytt fruktfelt, fortel Meland.

  • – Derfor gjennomgår nye sortar mange år med utprøving. Det er viktig at vi er sikre når vi tilrår bonden å satse på ein ny sort. Vi jobbar også kontinuerleg for å finne gode dyrkingsopplegg", legg han til.

Men ein ting var framleis ikkje heilt på plass for 'Rubinstep'. For at sorten skulle kunna nå sitt fulle potensiale, måtte han plantast saman med minst ein annan sort som kunne bidra med pollen av rett kvalitet til blomane.

Kvart einaste eple er eit resultat av tallause korte, men ikkje desto mindre viktige reiser. Det er bier og andre insekt som fraktar pollen til fruktblomane. Men før vi fortel meir om forsking på blomar og pollensortar, er det kanskje på sin plass med litt oppfrisking av biologikunnskapane.

Epleblomst som pollineres med insektSkisse av blomstSkisse av befruktning av blomst
  • Før ein fruktblome kan utvikle seg til frukt, må han pollinerast. Det skjer oftast ved hjelp av insekt.

  • Når eit pollenkorn treffer arret til fruktblomen, byrjar pollenet å spire.

  • Så veks det ut ein lang, syltynn slange frå pollenkornet gjennom griffelen i blomen. For at befruktninga skal vere vellykka, må pollenslangen vekse heilt ned til blomen sitt frøanlegg før frøemnet døyr. Utan befruktning vert det inga eller dårleg fruktsetting.

Dei fleste eplesortane godtar ikkje pollen frå kven som helst. For å finne dei best eigna pollensortane, trengst det forsking og uttesting. I 2020 starta forskarane prosjektet «EPLEpollinering», som mellom anna innebar ei omfattande utprøving for å finna dei rette pollensortane for fleire av dei vanlegaste eplesortane i Noreg - inkludert 'Rubinstep'.

– Det er mykje som skal klaffe for at ein epleblome skal bli til eit knasande friskt juleeple, forklarar seniorforskar Meland.

Nærbilde av epleblomsterEpleplantasje med fjord i bakgrunnenNærbilde av epleblomst med bieVærstasjon og epleblomsterPollenMikroskopibilde av pollen som spirer
  • – Først må det finnast eit tre av ein annan eplesort i nærleiken. Denne sorten må ha pollen som passar saman med hovudsorten.
  • – Så må dei to sortane bløme omtrent samtidig, aller helst bør pollensorten bløme litt føre, slik at pollenet rekk fram til hovudsorten sine blomar før det er for seint.
  • – Insekt må kunne frakte pollenet frå pollensort til hovudsort.
  • – Det må vera varmt nok vêr og ikkje for vått.
  • – Pollenet må ha god spireevne.
  • – Pollenet må også ha tilstrekkeleg tid slik at den syltynne pollenslangen kan veksa heilt fram til egga og sørgje for god frødanning.

Forskarane må altså finne ut korleis dei kan leggje til rette for at alt dette skal lukkast så ofte som mogeleg.

– Til dette arbeidet har vi fått hjelp frå forskarar ved Universitetet i Beograd i Serbia", fortel Meland.

Dermed vart det meir reising. Midt i mai dei siste par åra har to erfarne fruktforskarar, Professor dr. Radosav Cerovic og Professor Milica Fotirić Akšić, reist frå Serbia til Ullensvang i Noreg for å hjelpe til med pollineringsforsøka. Dei har og hatt med seg masterstudentar som skal lærast opp.

Først samla dei inn pollen frå alle pollensortane. Pollenet blei testa for spireevne.

Åra føre har det vore gjennomført såkalla ‘farskapstesting’ der det blei gjort DNA-analysar av frøa inne i ‘Rubinstep’-epla. Då kunne ein slå fast kva for annan eplesort som hadde levert pollen og difor pollinert ‘Rubinstep’-blomane.

Så starta den største jobben. No skulle hundrevis av blomar pollinerast kunstig med pollen frå fleire ulike pollensortar. ‘Rubinstep’ vart pollinert med pollen frå prydeplesorten ‘Dolgo’ og eplesortane ‘Katja’, ‘Raud Aroma’ og ‘Discovery’ samt med sitt eige pollen. Forskarane frå Serbia har lang erfaring med nettopp slike forsøk. I tillegg til fagkunnskap, har dei teknikkane i fingrane.

Professor Milica Fotirić Akšić demonstrerte villig korleis ho førebur blomane for kunstig pollinering, såkalla emaskulering.

– Først tek eg vekk blomar som kan ha rukke å bli pollinert på naturleg vis, forklarar ho.

– Deretter fjernar eg alle dei ytre organa i blomen slik at berre griffelen med arret blir frigjort og står att.

Pollinering for håndAlle greiner vart merka med rett hovud- og pollensort og tal pollinerte blomar
  • Så vart pollen frå den ynskte sorten påført med hand. Fra kvar hovudsort vart det pollinert 100 blomar.

  • Alle greiner vart merka med rett hovud- og pollensort og tal pollinerte blomar.

 

– Vi heldt på i om lag ti lange dagar i strekk for å rekkje å bli ferdige føre bløminga kom for langt og rakk då å gjera desse pollineringsforsøka på samla sju eplesortar med ulik  blømingstid, fortel Meland nøgd.

– Kvar gong vi gjorde dette, var det eit kappløp med tida, smiler han.

– Og vi var avhengige av fint ver. I tilfelle regn, var alternativet å byggja plasttelt over trea.

Over ein periode på 10 dagar etter pollineringa, vart det samla inn pollinerte blomar. Dei vart konserverte på små glas og deretter sende til  Universitetet i Beograd. Der registrerte professorane korleis pollenslangane frå ulikt pollen voks nedover i griffelen, hjå dei ulike eplesortane. Pollen frå ein eigna pollensort kan identifiserast ved at pollenslangen veks raskt og når heilt ned til frøemnet før det er for seint.

Men arbeidet var ikkje ferdig med dette. Om hausten kom professor dr. Milica Fotirić Akšić tilbake frå Serbia for å hjelpe til å telje tal frukter frå dei handpollinerte blomane.

Feltarbeid i epleplantasjenNærbilde av eple
  • Merkinga synte kvar dei skulle telje, og alt blei nøye registrert i skjema over alle dei ulike kombinasjonane.
  • Epla frå dei behandla epleblomane hadde ein merkeleg fasong fordi delar av blomane vart kunstig fjerna.

– Når alle resultata er analyserte, kan vi sjå kva pollensort som har gitt best fruktsetjing for kvar hovudsort".

– Prosjektet vårt har som mål å auke epleavlingane på norske fruktgardar. Vi veit at det er eit stort potensiale både for juleeplet ’Rubinstep’ og andre sortar. Snart kan vi kome med resultat frå pollenforsøka våre som vil hjelpa oss å nå dette målet, avsluttar Meland.

Og medan reisa til det perfekte juleeplet held fram, kan du og eg ete juleeple med litt større undring enn før, og tenkje på dei mange reisene som har blitt utførte for å gje oss norske sprø og søte eple til jul.

Epleplantasje ved NIBIO Ullensvang
erfl-20230524-101938_cropped
20040520ef0097_cropped
Rubinstep4_Oddmund_Frøynes (2)_cropped
image-ef9f4fc47-6dec-4e19-8779-Rubinstepblomer_cropped
LVETANN5_WED_cropped

Kontaktperson

Prosjektet ‘Rett pollinering for auka fruktsetjing, større avling og betre fruktkvalitet i eple – EPLEpollinering’ er eit innovasjonsprosjekt med finansiering frå Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri (FFL/JA) der Norsk Landbruksrådgiving Viken ved Gaute Myren er prosjekteigar. Mekjell Meland, NIBIO Ullensvang er forskningsleiar. Samarbeidspartnarar er Nå fruktlager SA,  Hardanger Fjordfrukt SA,  Telefrukt SA, Ullesvang Fruktlager SA og epledyrkarane deira.

Viktige samarbeidspartnarar på FoU- siden i tillegg til NIBIO er Universitetet i Beograd, Serbia , Universitetet i Sarajevo, Bosnia og Herzegovina og epledyrkarar  i Ullensvang, Telemark og Lier.

Foto: Håkon Sparre, Åsmund Asdal,  Finn Måge, Radosav Cerovic; Oddmund Frøynes; Wenche Dramstad, Erling Fløistad og Morten Günther.