Færre godkjente plantevernmiddel kan gi meir resistens i landbruket
I NIBIO arbeider fleire forskarar med problematikken knytt til plantevernmiddelresistens. I år møtte dei kollegaer frå Europa på det årlege NORBARAG-møtet, for å dele oppdatert kunnskap om resistensutviklinga i Europa. Frå venstre: Håvard Eikemo, Ingerd Skow Hofgaard, Wiktoria Kaczmarek-Derda, Katherine Nielsen, Andrea Ficke og Zahra Bitarafan. Foto: Silje Kvist Simonsen, NIBIO
Stadig fleire planteskadegjerarar blir motstandsdyktige mot plantevernmiddel. Når fleire plantevernmiddel i tillegg forsvinn frå marknaden, skaper det ei utfordrande situasjon for norsk landbruk.
Plantevernmiddel speler ei viktig rolle i konvensjonelt landbruk. Utan plantevernmiddel er det estimert at landbruket i Nord-Europa kan få eit avlingstap på 60 %, som følgje av konkurranse og skade frå ugras, sjukdommar og skadedyr. Det er viktig at midla som blir brukt har god effekt. Derfor er fleire fagmiljø bekymra for at skadeorganismar utviklar resistens (motstandsdyktigheit) mot verkestoffa i ulike plantevernmiddel.
– Me ser at både ugras, sopp og insekt utviklar resistens mot plantevernmiddel, forklarer Katherine Nielsen, forskar ved NIBIO.
– Dette er ei utfordring me ser overalt kor plantevernmiddel blir brukt, både i Noreg og i resten av verda.
Sterkt europeisk samarbeid
Nielsen er del av det nordisk-baltiske samarbeidet NORBARAG, som samlar forskarar som arbeider med plantevernmiddel og plantevernmiddelresistens. Nyleg møttest deltakarar frå medlemslanda for å diskutere kva resistens-utfordringar som melder seg i dei ulike landa.
I dag er utviklinga av resistens eit aukande problem i Europa. Når det blir oppdaga resistente skadegjerarar, vert funna registrert i ein database. Det er strenge dokumentasjonskrav knytt til registreringa, og derfor tek det tid frå resistens blir oppdaga til den blir registrert i databasen. Derfor gir ikkje alltid databasen ein god nok oversikt over nyleg utvikling av resistens.
– Det er dette som gjer samarbeidet i NORBARAG ekstra viktig, påpeiker Nielsen.
– På desse årlege møta oppdaterer me kvarandre på nye utviklingar innan resistens i medlemslanda, slik at me får oppdatert kunnskap.
– Denne kunnskapen treng me for å kunne ta gode val for å halde nivået av resistens nede, og bevare effekten av dei plantevernmidla me har lov til å bruke. Ein oversikt over kva slags organismar som er resistente mot ulike verkestoff gir oss rom til å velje dei midla som har best effekt. I beste tilfelle kan me velje plantevernmiddel som har god effekt mot skadeorganismar som kan vera resistente mot andre typar middel. Då kan me avgrense utviklinga av resistens.
– I tillegg vil ein god oversikt over situasjonen i Europa gi oss innsikt i kva utfordringar me kan vente oss i Noreg framover, slik at me kan vera førebudd, fortset Nielsen.
Vil lage oversikt over resistens i ugras
Zahra Bitarafan er forskar på ugras ved NIBIO. Ho ønskjer å ta tak i denne problemstillinga.
– I år startar me opp eit toårig prosjekt som skal danne grunnlaget for ein nasjonal plan for overvaking av ugrasmiddelresistens, fortel ho.
Ugrasmiddel er den typen plantevernmiddel som er mest brukt i Noreg, og det er fortsatt det viktigaste verktøyet den norske bonden har mot ugras.
– Det finst allereie resistens mot ugrasmiddel i nokre viktige ugras i Noreg, men me treng ein betre oversikt over kor resistensen har oppstått, forklarer Bitarafan.
– Ein oppdatert oversikt over resistens vil vera viktig for å handtere resistensen som finst no, og førebyggje vidare resistensutvikling. Dette er viktig både for produktiviteten i planteproduksjonen og for å sikre ein effektiv og berekraftig bruk av plantevernmiddel.
Utfasing av middel skaper store utfordringar
For å unngå at skadeorganismar utviklar resistens er det nyttig å bruke ulike typar plantevernmiddel, med verkestoff frå ulike kjemiske grupper. Middel med ulike verkestoff fungerer ulikt frå kvarandre. Ein organisme som er resistent mot eitt verkestoff frå ei kjemisk gruppe, kan derfor vera sårbar mot eit verkestoff frå ei anna gruppe.
Derfor er forskarane bekymra for at færre og færre middel blir tilgjengelege for bonden.
– Dei siste åra har me sett ein trend med at fleire og fleire middel mister godkjenninga si. Dette gir ein større fare for at skadegjerarane utviklar resistens mot dei få midla som er att. På sikt kan det føre til at me i praksis står att utan effektive middel mot visse skadegjerarar og ugras, utdjupar Nielsen.
Ho fortel at prosessen med å utvikle og få nye middel på marknaden kan ta opp mot 12-15 år, og er svært kostbar. Det siste tiåret har fleire middel mista godkjenninga si, utan at dei har blitt erstatta av nye kjemiske middel.
Mangelen på effektive middel er spesielt synleg når det gjeld insektmiddel.
– Det finst nesten ingen insektmiddel på marknaden. For nokre bønder, mellom anna fruktbønder, kan dette gi store problem. Nokre bønder står att utan gode verktøy for å handtere krevjande skadeinsekt.
Framover er det utsikter til at fleire middel vil miste godkjenninga si.
– Utfasinga av plantevernmiddel kjem til å få store konsekvensar for norsk landbruk, avsluttar Nielsen.
KONTAKTPERSON
Slik oppstår resistens
I ein populasjon av skadeorganismar er det naturleg variasjon, og nokre individ kan ha ein større motstand mot plantevernmiddel enn andre. Når eit plantevernmiddel blir brukt er det derfor ikkje sikkert at alle skadeorganismane døyr. Dei overlevande etter behandlinga vil då kunne formeire seg, og føre motstanden sin mot plantevernmiddel vidare. Kvar gong det blir sprøyta med det same middelet, eller eit middel som fungerer på same måte, vil dei resistente individa overleve og formeire seg. På den måten vil fleire og fleire av individa i populasjonen bli resistente, og plantevernmiddelet kan etter kvart miste effekten sin.
NORBARAG
NORBARAG (Nordic Baltic Resistance Action Group) er eit nordisk-baltisk samarbeid om forsking på plantevernmiddelresistens og evaluering av effekt av plantevernmiddel. Nettverket omfattar representantar frå forskingsinstitutt i Danmark, Estland, Finland, Latvia, Litauen, Noreg og Sverige, samt frå plantevernmiddelindustrien som opererer i den nordisk-baltiske regionen.
Samarbeidet har mellom anna som mål å
- å dele kunnskap om plantevernmiddelresistens
- å verifisere og registrere resistens i regionen
- å samordne metodar og forskingsbehov
- å styrkje samarbeid og auke medvitet om resistens
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.