Kunstig intelligens gir presis sprøyting av ugras i kornåkeren
Therese W. Berge, forskar ved NIBIO, har leia det nyleg avslutta prosjektet PresiHøstkorn. Prosjektet har vi hatt fokus på haustkorn og ugrashandtering om våren ved hjelp av sensorsystemet frå Dimensions Agri Technologies AS (DAT) på åkersprøyta ved flekksprøyting av frøugras om våren. Foto: Siri Elise Dybdal
Presisjonssprøyting med hjelp av eit høgteknologisk sensorsystem fører ikkje berre til redusert bruk av ugrasmiddel i haustkorn, men gir også like god eller betre kvalitet på avlinga.
I det nyleg avslutta prosjektet PresiHøstkorn har NIBIO undersøkt korleis det går med mengda og kvaliteten på haustkornavlinga når ein bruker sensorsystemet frå Dimensions Agri Technologies AS (DAT) på åkersprøyta ved flekksprøyting av frøugras om våren. Denne løysinga skil mellom ugras og kornplanter, og sprøyter berre der det er naudsynt.
System utvikla i Noreg
Therese W. Berge, forskar ved NIBIO, har leia prosjektet i nært samarbeid med DAT, korndyrkarar og Norsk Landbruksrådgjeving. Ho forklarar at DAT blei etablert av norske bønder i 1990-åra, og at NIBIO og forløparane har hatt samarbeid med dei omtrent sida etableringa. I dag er DAT eit teknologifirma som sel eigenutvikla utstyr for åkersprøyter. Med DAT Ecopatch påmontert, kan åkersprøyta «sjå» kor det er ugras i kornåkeren og det er dette utstyret som er testa i prosjektet.
-- Kamerasystemet styrer åkersprøyta på og av etter ein satt skadeterskel i korn. Det tek omsyn til at ugras veks flekkvis. Sprøytinga skjer berre der det er behov, noko som er mogleg takka vere maskinsyn basert på kunstig intelligens (KI). Bonden kan stille inn kor sensitivt systemet skal vere, forklarar Berge.
-- I dette prosjektet har vi hatt fokus på haustkorn og ugrashandtering om våren. I tidlegare prosjekt har vi jobba mest med vårkorn.
-- I dei aller fyrste åra med utvikling vert bilde samla inn ein dag, og analysert på PC på kontoret ein annan. Først fleire dagar seinare blei det flekksprøyta i åkeren. Det fungerte som forskingsaktivitet, men det er likevel noko heilt anna å ha eit system der kameraet sit direkte på sprøyta. Det er mykje meir effektivt enn å kartlegge først og så vente nokre dagar. Tida er ofte knapp og når forholda ligg til rette, bør ein sprøyte med det same, forklarar ho.

Gode nyheiter
-- Vi har undersøkt om ugraset blir nedkjempa godt, korleis kvaliteten blir på kornavlinga, og kor mykje ugrasmiddel ein kan spare, opplyser NIBIO-forskaren.
-- Den kjempegode nyheita er at avlingsmengda held seg samanlikna med vanleg praksis der ein sprøyter heile feltet og med same dose. Avlinga er minst like god, og i to av seks felt fekk vi faktisk meir avling. Det handlar nok om at når det er lite ugras, og ein sprøyter der det ikkje trengst, kan det ha noko negativ effekt på kornet, seier ho. Ho legg til at dette ikkje gjeld generelt. Ulike ugrasmiddel og høve ved sprøyting spiller inn.
-- Samtidig ser vi at om det står att meir ugras samanlikna med breisprøyting, så har ein kanskje ikkje treft heilt med innstillinga på systemet. Eg trur det er lurt at dei som skaffar seg slikt utstyr, startar litt forsiktig og ikkje vel for liberale terskelverdiar. Dei må bygge seg opp erfaring sjølve, påpeikar Berge.
Forsøket har vist at det er mogleg å spare svært mykje ugrasmiddel med kamerastyrt flekksprøyting i korn, opptil 90 % avhengig av terskelverdi.

KI er til god hjelp
-- Bruken av kunstig intelligens har gjort systemet mykje meir robust. Det har vore vanskeleg å få klassisk maskinsyn til å fungere godt og stabilt, seier Berge.
-- Fleire dyrkarar har allereie kjøpt inn dette utstyret – ein av dei har skaffa det nyleg ettersom Bionova no gir tilskot til denne typen utstyr, fortel Berge.
Ho legg til at selskapet har fått til ein avtale med Kverneland i Nederland om å integrere sensoren på nye åkersprøyter. Tidlegare måtte kameraet kjøpast separat, men no får ein og moglegheit til å kjøpe sprøyta med kamerasystemet inkludert.
Integrert plantevern
Berge trur dette systemet vil kunne vere svært nyttig for mange bønder:
-- Det er òg meir fokus i Europa på å redusere bruken av plantevernmiddel. I arbeid med integrert plantevern (IPV), prinsipp nummer seks, handlar det om at dersom ein først skal bruke plantevernmiddel, så skal ein berre sprøyte der det er behov.
-- Difor er dette noko det heilt sikkert er stor interesse for.
Eit moment som burde undersøkast meir, er teorien om at å bruke eit slikt system kan bidra positivt til å motverke resistens mot ugrasmiddel, meiner Berge.
– Presisjonssprøyting gir ikkje det same seleksjonstrykket som ved breisprøyting. Når ein let noko ugras stå ubehandla, kan det faktisk og ha ein annan positiv effekt – til dømes ved at det bidreg med pollen, frø eller andre ressursar for nytteorganismar. Dette er ikkje undersøkt enno. Nokon meiner at litt ugras ikkje er farleg, og at ein burde tenke nytt rundt det, avsluttar Berge.
KONTAKTPERSON

Therese With Berge
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 922 93 927 therese.berge@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7

Plantehelsedagen 2025
FN har utpekt 12. mai til Den internasjonale plantehelsedagen. Dagen skal gi økt oppmerksomhet til hvordan beskyttelse av plantehelse kan bidra til å stoppe sult, redusere fattigdom, beskytte miljøet og gi økt økonomisk utvikling.
Planter er livsviktige på flere måter. De utgjør 80 % av maten vi spiser, og de produserer 98 % av oksygenet vi puster inn. Likevel er de truet.
Hvert år går opptil 40 % av matavlingene i verden tapt på grunn av planteskadegjørere og sykdommer. Dette påvirker både matsikkerhet og landbruk; hovedinntektskilden for mange sårbare samfunn rundt om i verden.
I Norge har vi i dag jevnt over god plantehelse, men den må tas vare på. Klimaendringer og spredning av fremmede arter over landegrenser er blant de viktigste truslene mot plantehelse, både i Norge og internasjonalt.
God plantehelse bidrar til mindre sult, mindre fattigdom og bedre miljø. Dessuten gir god plantehelse økonomisk utvikling i fattige deler av verden.
Finansiering
Prosjektet PresiHøstkorn var finasiert av mellom anna «Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler» administrert av Landbruksdirektoratet.

KONTAKTPERSON

Therese With Berge
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 922 93 927 therese.berge@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Editors
Harald SolbergAbstract
Det er ikke registrert sammendrag