Vegetasjonskart

Eit vegetasjonskart viser utbreiinga av vegetasjonstypar i eit område. Gjennom 50 år er rundt ti prosent av utmarka vår vegetasjonskartlagt. Karta ligg tilgjengeleg i Kilden, som er NIBIO si kartteneste.

Eit økologisk kartverk 

Vegetasjonskartet er den karttypen som gir mest allsidig informasjon om naturgrunnlaget i utmarka. Det er det næraste vi til no har kome eit økologisk kartverk. Kartet gir informasjon om artsfordeling, økologiske tilhøve og eigenskapar for ulik ressursbruk i utmark. Vel ti prosent av landet er vegetasjonskartlagt. 


Kartlegging i 50 år 

Vegetasjonskarta som er lagt ut i Kilden (sjå link til venstre) er resultat frå kartlegging gjennom 50 år. I løpet av denne tida har det skjedd endringar i kartleggingssystemet. Nye vegetasjonstypar har kome til etter kvart som ein har fått erfaring med kartlegging i heile landet (bjønnskjeggmyr kom med i 1985, frostmark i 1991). Forståinga av typane kan òg ha endra seg etter kvart som ein har fått betre oversikt over variasjon landet rundt. Nye tilleggssymbol er oppretta for å tilfredsstille ulike brukarbehov ved kartlegginga. Detaljeringsgrad har også endra seg. Dei første tjue åra måtte kartlegginga tilpassast det topografiske grunnlaget i M 1:50 000 for trykking av kart. Etter at kartproduksjonen vart digital er ein ikkje bunden til målestokkar lenger. Kartlegginga har etter kvart vorte tilpassa målestokkar mellom 1:20 000 – 50 000.     
 
Kvalitet av kartlegginga og typebruk kan derfor variere noko. Det er særleg før 1985 at data oftast er veldig grove. I perioden fram til 1998 vart kartlegginga gradvis meir detaljert. Etter 1998 har kartleggingssystem og detaljeringsgrad vore nokolunde stabil.

 
Hans Petter Yngve Michael boplass_Fremre Hjelledalen_Årdal_1991_MIA_kopi.jpg
Kartleggarar anno 1991 utanfor felthusværet sitt i Fremre Hjelledalen, Årdal. Frå venstre Hans Petter Kristoffersen, Yngve Rekdal og fotograf Michael Angeloff/NIBIO.

Tjenester

Kilden

Kilden er NIBIOs hovedkartløsning. Her er alle instituttets data samlet på ett sted sammen med et utvalg andre sentrale, nasjonale datasett.

Mer informasjon Til tjenesten
WMS-tjenester

WMS-tjenestene (Web Map Service) kan brukes til å implementere våre karttjenester i egne løsninger.

Mer informasjon