Kartlegging av utmark ved bruk av vegetasjonstypar
Den einaste systematiske reiskapen vi har for å vurdere kvalitet av utmarksbeite, er ei inndeling av vegetasjonsdekket i vegetasjonstypar. Ein vegetasjonstype er ei karakteristisk samling av artar som vil vekse på stader med like veksetilhøve.
NIBIO sitt system for vegetasjonskartlegging på oversiktsnivå (VK25) er utvikla og godt utprøvd gjennom kartleggingsprosjekt over heile landet sidan 1980. Sjå linken til venstre for ei veiledning i systemet.
For vegetasjonskartlegging på oversiktsnivå er det definert 45 vegetasjonstypar og 9 andre arealtypar. Desse blir supplert med ei rekkje tilleggsregistreringar som viser eigenskapar ved marka som arealtypane åleine ikkje avspeglar. Dette gjeld til dømes høg dekning av blokk og bart fjell, høg dekning av lav, vier eller bregner og særlig grasrike areal.
Les om dei ulike vegetasjonstypane