Dyrkbar jord er jord som ikkje er dyrka opp no, men som kan dyrkast opp til fulldyrka jord. Dyrkbar jord kan vere registrert på arealtypane overflatedyrka jord, innmarksbeite, skog, åpen fastmark og myr i AR5.
Datasettet er nå revidert med bruk av fleire datakjelder og nye metodar. Det er lagt inn fleire tematiske eigeskaper i datasettet, det er og gjort ei teknisk rydding.
I Kilden finner du kartlag for alle dei nye eigenskapane. Gårdskart viser berre eit utval.
Dyrkbar jord er eit Geovekst-produkt og ein del av det offentlege kartgrunnlaget (DOK). NIBIO har fagansvaret for datasettet Dyrkbar jord.
Nye eigenskapar og ny produksjonsmetode frå 2025
Dyrkbar jord vert oppdatert årleg, med utgangspunkt i dyrkbar jord i det historiske datasettet DMK frå 2008.
Nytt frå 2025:
- Datasettet er rydda og betre tilpassa andre kartlag. Fleire datasett blir brukt, slik at nedbygd areal blir oppdatert raskare i kartet. Det er og gjort ei betre tilpassing av arealgrensene samanlikna med AR5.
- Det er lagt inn nye eigenskapar i datasettet slik at ein kan skilja ut dyrkbar jord på myr og torvmark, dyrkbar jord i nasjonalparkar og naturreservat (verneform) og ravinar som var kartlagt som dyrkbare - under forutsetning av bakkeplanering (planeringsjord).
- Vi brukar fellesnemninga «dyrkbar jord med særbestemmelser» for dyrkbar jord registrert på arealtype myr, i nasjonalpark og naturreservat eller på planeringsjord.
Sjå dokumentasjon på Geonorge.
Bruksområde
Dyrkbar jord har lovmessig vern i Jordlova, og er ein del av det offentlege kartgrunnlaget (DOK). Datasettet bør brukast ved arealplanlegging og behandling av konsesjonssaker. I tillegg kan Dyrkbar jord brukast til dømes ved regionale analysar av potensial for nydyrking og arrondering av fulldyrka jord.
Areala som er registrert som dyrkbar jord kan vere underlagt restriksjonar mot nydyrking i samsvar med ulike lover og forskrifter, som til dømes forbod mot nydyrking av myr. Det er difor ikkje alle areala i datasettet som vil vere aktuelle å dyrke opp. Ved å filtrere på de nye eigenskapane som er lagt inn i datasettet, er det lettare å få oversikt over areal som er aktuelle for nydyrking i dag eller ikkje.
Om den dyrkbare jorda er egna for matproduksjon, avhenger av klimaet. Det meste av arealet klassifisert som dyrkbar jord i Noreg, ligger i områder som ikkje er egna til matkornproduksjon.
Opphaveleg kartlegging
Opprinneleg vart Dyrkbar jord kartlagt som «dyrkingsjord» i samband med feltkartlegginga for markslag i Økonomisk Kartverk i tidsrommet 1960-1990. Markslagskarta vart digitalisert og etablert som DMK. Opplysningane om dyrkingsjord vart ikkje teke med ved overgangen frå DMK til AR5 i 2008, men Dyrkbar jord vart etablert som eit eige datasett.
Under kartlegging av markslag i Økonomisk Kartverk vart det sett fleire krav til «dyrkingsjord». Desse er å finne i «Markslagsklassifikasjon i økonomisk kartverk», 1980-utgåva. Her går det mellom anna fram at minsteareal for registrering av dyrkingsjord var avhengig av avstand til veg og anna fulldyrka jord. Areal heilt ned i 2 dekar kunne registrerast som dyrkingsjord dersom det låg inntil allereie fulldyrka jord. Om avstand til fulldyrka jord eller veg var over 1 km, måtte dyrkingsjorda vere over 25 dekar for å verte registrert i kartet. I tillegg skulle jorda kunne dyrkast opp til lettbrukt eller mindre lettbrukt jord. Det betyr at hellinga måtte vere mindre enn 1:3. På dyrkingsjorda vart det også registrert opplysningar om stein- og blokkinnhald og dreneringsgrad.