Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2011

Sammendrag

Neonectria er registrert på mange lauvfellande buskar og tre i grøntanlegg, til dømes lønn (Acer), kornell (Cornus), poppel (Populus), rogn (Sorbus), ask (Fraxinus) og hegg (Prunus). I fruktproduksjonen er spesielt eple (Malus) og pære (Pyrus) utsett. Også på det vintergrøne lauvtreet kristtorn (Ilex aquifolium) har vi funne Neonectria i eit villbestand i Rogaland.

Sammendrag

Ved angrep av Phytophthora spp. vert bladverket glissent og gult og greiner daudar. Dette skuldast at røtene gradvis vert øydelagde og dermed ikkje kan forsyna krona med nok næring og vatn. Det vert tjærefarga flekkar/blødande sår i barken på stammane, og veden vert misfarga under flekkane.Typiske Phytophthora-symptom vart i 2009 og 2010 observerte på eldre bøketre (Fagus sylvatica) i Bergen sentrum, i ein privathage i Haugesund og i eit skogholt i Stavanger.

Sammendrag

Her i landet har vi funne Sclerophoma-skade på vanleg gran (Picea abies), nordmannsedelgran og fjelledelgran (A. lasiocarpa). Soppen fører til daude nåler og skot, og det kan dannast kreftsår. På daude nåler og skot veks det fram tett med mørke, små sporehus. Ved smitteforsøk på nordmannsedelgran i 2010 fekk vi fram identiske symptom som det vi ser i felt.

Sammendrag

Det er påvist resistens eller auka toleranse i populasjonar av balderbrå, då, linbendel, stivdylle ogvassarve overfor eit eller fleire av ugrasmidla som hemmar veksten i mottakelege arter ved å blokkere syntesen av forgreina aminosyrer (ALS-hemmarar). Dette er middel som sulfonylurea-herbicida Express, Harmony Plus, Hussar OD, Atlantis og triazolopyrimidin-herbicidet Primus. Resistensen er klart mest utbreidd i vassarve, deretter i stivdylle og balderbrå.