Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2005
Forfattere
Jahn DavikSammendrag
Resultat frå jordbærforedling i Planteforsk vert presentert. Fire sortar frå prosjektet er gitt namn. Dei mest lovande av desse ser ut til å vere `Babette" og `Hanibal". `Babette" konkurrerer godt med `Honeoye" i tidlegsegmentet. `Babette" har litt høgare avling enn `Honeoye", større bær og skårer betre på kvalitetseigenskaper ved bæret og den er også sterkare mot mjøldogg på planta. `Hanibal" har omlag samme avlingsprofil som `Korona" og `Polka" og skil seg frå desse med betre bærkvalitet. Spesielt skalstyrke, fastheit og heilskapen er betre, samstundes som den skårer minst like bra på smak. Tre nye seleksjonar vert omtala. PK98.12 er aktuell for hovedsesongen medan PK98.204 er aktuell for tidlegsesongen. PK98.204 produserer vesentleg betre enn `Honeoye" samstundes som den har betre bærkvalitet og smak. PK98.12 skil seg frå `Korona" spesielt på bærstorleik og ytre kvalitetseigenskaper. PK97.48.1 har etter utprøving hos prøvedyrkarar kome i fokus som ein mogeleg industrisort. I våre eigne forsøk har PK97.48.1 vore produktiv, men noko småfallen samenlikna med til dømes `Korona". Til konsumbær har den difor falle igjennom. Seleksjonen har imidlertid svært gode konserveseigenskaper.
Forfattere
Lars NesheimSammendrag
I dette innlegget er det vist resultat frå to forsøksseriar med rettleiingsprøving av sortar til eng og beite. I den eine serien vart ymse frøblandingar til beite undersøkt på om lag 20 forsøksfelt i Sør-Norge, medan sortar av engrapp og engsvingel vart testa både under slåtte- og beiteregime på 15-20 felt spreidd over heile landet. Den siste serien er ikkje avslutta, her vert vist resultat frå dei to første engåra. Bruk av den danske kvitkløversorten Milkanova gav høgare kløverdel i avlinga enn den nye norske sorten Norstar. Tørrstoffproduksjonen på beite i middel for fire år var meir eller mindre uavhengig av kva beitefrøblanding som var brukt. Sortar av engrapp produserte mindre avling i første eng- og beiteår enn sortar av engsvingel på grunn av sein etablering, medan det var små skilnader i andre året. Heller ikkje med omsyn til avlingskvalitet var det store forskjellar mellom artane engrapp og engsvingel.
Forfattere
Helge Bonesmo Anne Kjersti BakkenSammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Forfattere
Mats Høglind Astrid Johansen Anne LangerudSammendrag
De norske kvitkløversortene Snowy og Norstar og den danske sorten Milkanova ble sammenliknet under beiting. Kvitkløversortene ble dyrket hver for seg i blanding med flerårig raigras (Særheim) eller i blanding med timotei, engsvingel og engrapp (Stjørdal). Tre ulike mengder N ble (0, 7,5 og 15 kg N da-1 år-1) ble tilført i et split-plot system med N på storruter og kvitkløversort på småruter. Forsøket i Stjørdal ble beitet med melkekyr og det på Særheim med kastrater. Avling før og restavling etter beiting ble bestemt ved høsting av deler av forsøksarealet. Avbeitingsgraden ble bestemt visuelt under og etter beiting. I gjennomsnitt over år ga ingen av sortene bedre avling enn den andre. Samtlige sorter ble like godt avbeitet. Ubeitet avling økte med stigende N-gjødsling ved økt grastilvekst på bekostning av andelen kløver i beitet. Utslaget for N-gjødsling var større på Særheim der det ble brukt raigras enn i Stjørdal der det ble brukt engrapp, timotei og engsvingel i frøblandingen. Avbeitingsgrad minket noe med økt N-gjødsling. Forsøket gir ikke grunn til å anbefale den ene kvitkløversorten fremfor den andre med hensyn til avbeitingsgrad. Forsøket videreføres i 2005 for å gi svar på om sortene skiller seg i avlingsstabilitet.
Forfattere
Ann Norderhaug Olav Arne BævreSammendrag
Kulturlandskap og landbruk er på mange måter selve grunnlaget for bygdeutvikling, men bærekraftige bygder er omvendt også en forutsetning for at vårt landbruk og kulturlandskap skal kunne opprettholdes på sikt. Distrikts- og landbrukspolitikken spiller en avgjørende rolle for muligheten for å opprettholde kulturlandskapsverdier. Både EU og LMD satser nå sterkt på bygdeutvikling og Distriktskommisjonen understreker at satsingen på landbruket fortsatt må være en viktig del av norsk distriktspolitikk. Når det gjelder kulturlandskapet ser vi imidlertid at utviklingen til tross for mange positive tiltak, fortsatt går i feil retning. Hvis det store potensial som ligger i kulturlandskapet for landbruks- og bygdeutvikling skal kunne utnyttes, er det derfor på høy tid å utnytte kunnskapen om kulturlandskapets verdier og virkelig satse på bruk og vern av kulturlandskapet!
Forfattere
Astrid Johansen Mats HøglindSammendrag
Verknaden av beitetilbod og kraftfôrtildeling på beiteopptak og mjølkeproduksjon er undersøkt i fire beiteforsøk med mjølkekyr i perioden 2002-2004. Forsøka vart gjennomførte på gras/kvitkløverbeiter (12,9-39,7% kvitkløver) ved Mære landbruksskole, Nord-Trøndelag og Øksnevad landbrukskule, Rogaland. I to av forsøka vart det også gjennomført automatiske registreringar av beiteåtferden. Individuelt beiteopptak vart målt i Forsøk I og II ved hjelp av n-alkanmetoden (Dove & Mayes 1991). Ved å auke beitetilbodet med 6 kg TS frå 12 til 18 kg TS dyr-1 dag-1 auka beiteopptaket mindre enn venta, særleg i Forsøk II (0,6 kg TS dyr-1 dag-1 men også i Forsøk I (1,1 kg TS dyr-1 dag-1). Det var også overraskande at beiteopptaket auka meir ved å auke tilbodet frå 18 til 24 kg TS dyr-1 dag-1, enn frå 12 til 18 kg TS dyr-1 dag-1 i begge forsøka (2,7 og 1,5 kg TS i Forsøk I og II, høvesvis). I Forsøk III og IV vart responsen av beitetilbod og kraftfôrtildeling undersøkt etter eit 2 x 2 faktorielt forsøksdesign. Høgt beitetilbod (18 kg TS dyr-1 dag-1) gav sikkert høgare avdrått (kg mjølk) enn lågt beitetilbod (12 kg TS dyr-1 dag-1) i Forsøk III. Det var også sikker positiv respons på avdråtten av å gje 7 kg Formel 10 samanlikna med 4 kg Formel 10. Verken beitetilbod eller kraftfôrtildeling påverka protein-% i mjølka i Forsøk III, og det vart ikkje funne samspelseffektar mellom beitetilbod og kraftfôrtildeling. Førebelse resultat indikerer at utslaga av både beitetilbod og kraftfôrtildeling var mindre med omsyn til avdråtten i Forsøk IV, samanlikna med Forsøk III. På den andre sida såg det ut til at 8 kg kraftfôr gav høgare innhald av protein og lågare innhald av feitt, samanlikna med frå 4 kg kraftfôr i dette forsøket. Likevel var utbyttet av å gje 7-8 kg kraftfôr samanlikna med 4 kg truleg for lite til at det var økonomisk rekningssvarande i nokon av forsøka. Av innsamla data frå åtferdsregistreringane såg det ut til at dyra på Øksnevad kompenserte kort beitetid med meir effektiv bruk av tida til beiting, samanlikna med dyra på Mære som var ute på beite ein større del av døgnet.
Forfattere
Arve ArsteinSammendrag
I prosjektet "Vinterskade i eng på Vestlandet" har ein sett på i kva grad ein kan påverke overvintringa av enga ved å nytte ulike hausteregime, gjødselmengder og frøblandingar. I prosjektet har det vore forsøksfelt ved fem ulike lokalitetar i Sogn og Fjordane og Hordaland som erfaringsvis har hatt problem med vinterskade i eng. Frøblandingar med basis i timoteisorten Grindstad har vist seg å vere svært veleigna og minst like god som frøblandingar med nordnorske/vintersterke sortar. Svært intensivt driftsopplegg med 2 slåttar og beite i september har gitt klar svekking i overvintringsevna utover i engperioden på to av stadane. Krav om høg foreiningskonsentrasjon i grovfôret til mjølkekyr gjer det vanskeleg å oppnå full vinterherding. I bygder som har tøft vinterklima kan ein rette på mykje ved å la vere å hauste eller beite hardt etter andreslått.
Forfattere
Liv OstremSammendrag
Frøblandingar er basis for grasdyrkinga i heile landet. I den omtala forsøksserien er engsvingel og raigras i standard frøblanding erstatta av høvesvis Hykor og Felopa raisvingel. I tillegg er engsvingel erstatta av ny hundegrassort, Frisk. Raisvingel skyt generelt tidleg, det same gjer hundegras. Samanlikna med ei standard frøblanding med timotei/engsvingel må ein ta omsyn til dei andre artane ved val av hausteregime når målet er å hausta kvalitetsfôr. Ein tidleg førsteslått ser ut til å vera eit krav, og intervalla mellom kvar slått er viktig. Då oppnår ein også ei meir lik fordeling av avlingane i høve til totalavlinga for sesongen. Sorten Hykor er ikkje like aggressiv som raigras og får lett mindre andel i enga enn frødelen skulle tilseia i raigrasrike blandingar.
Forfattere
Birger Volden Kjell Vastveit Espen HauglandSammendrag
Det er gjennomført forsøk med våtsåing av kløver og flerårig raigras i etablert grasmark i Rogaland, Hordaland og i Nordland. Disse forsøkene har vist at valg av såutstyr er av underordnet betydning for etableringen av nye planter i etablert eng. Såingen bør utføres på forsommeren i Nord-Norge, og det bør høstes forholdsvis tidlig, slik at ikke de små plantene blir svekket av mangel på lys før slått. Kjøring med harv før såing for å redusere konkurransen fra det gamle plantedekket etablerte plantedekket har gitt liten effekt, og effekten har ikke stått i forhold til arbeidsinnsatsen. Kombinert såing og gjødsling med slange tilkoblet gjødsellageret er en arbeidsbesparende og kostnadseffektiv metode som gir mulighet for å utføre arbeidet til optimal tid og med liten kjørebelastning.
Forfattere
Lars Tørres Havstad Trygve S. AamlidSammendrag
Det norske høstearealet for engfrø økte fra 19417 daa i 2003 til 25668 daa i 2004. Timotei utgjorde 60% av kontraktarealet, men alt i alt ble det høsta frø av 14 forskjellige arter og 32 forskjellige sorter. Tre arter var nye i norsk frøavl i 2004, nemlig sauesvingel, krypkvein og flerårig raigras. Av de viktigste artene var avlingsnivået over 10-årsgjennomsnittet for timotei, omtrent som gjennomsnittet for rødkløver og noe under gjennomsnittet for engsvingel. Det ble utført 63 frøavlsforsøk i 2004.