Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2007

Sammendrag

Mange gardbrukarar har lagt ned eller er i ferd med å leggje ned gardsdrifta i kystbygdene på Vestlandet, og dermed aukar tilgangen på ledig innmarksareal. Utfordringa er korleis desse areala kan haldast i drift, og dessutan korleis eventuelle areal som har vore ute av produksjon, kan takast i bruk att. I eit samarbeidsprosjekt mellom Bioforsk Vest Fureneset og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) har ein sett nærmare på korleis slike areal kan nyttast i eit arealekstensivt driftsopplegg. For å ta vare på jordbruksareal og kulturlandskap i landsdelen er det nødvendig å oppretthalde tal beitedyr. Satsing på ekstensiv drift med kjøtproduksjon på sau og storfe, kan vere eit viktig middel for å oppnå desse målsetjingane.

Sammendrag

Kystlyngheiane utgjer ein karakteristisk del av det ytre kystlandskapet. I dag finn ein berre ti prosent av det opphavlege kystlyngheiarealet. Ein del av vår felles europeiske kulturarv, med særeigne biologiske og kulturhistoriske verdiar, er i ferd med å gro att.

Sammendrag

Kulturlandskapet i fjordbygdene på Vestlandet er formet av det jordbruket som drives langs fjordene. Flyfoto viser tydelige endringer i landskapet, marginale arealer gror til med busker og trær, men også bakkeplanering, spesialisering og nye dyrkingsteknikker setter tydelige spor i landskapet.

Sammendrag

Kvitkløver egnar seg godt i slåtteng også under norske tilhøve. Avlingsnivået var på høgde med raudkløvereng. Samla over to forsøksår gav kvitkløvergrassurfôr eit høgare dagleg opptak av tørrstoff og råprotein enn raudkløvergrassurfôr, men effekten av kløverart på dei fleste produksjonsparametrane var liten. Raudkløvergrassurfôr gav mjølk med gunstigare feittsyresamansetjing og mjølk med mye høgare innhald av isoflavon ("kløverplanteøstrogen"), uansett kraftfôrnivå, enn kvitkløvergrassurfôr. Særleg var innhaldet av equol høgt. Av planteøstrogena, er det equol ein trur verkar preventivt t.d. mot bryst- og prostatakreft.

Sammendrag

Jordart og vérlag har svært mykje å seia for kor godt vilkåra ligg til rette for økologisk engdyrking. Jordarten er avgjerande både for jordfysiske- og jordkjemiske tilhøve, og såleis også for korleis ein maktar å halda oppe næringsforsyninga og avlingsnivået over tid. Eit godt innslag av kløver i enga er viktig for avlingsnivået og avlingskvaliteten ved økologisk drift. Det er difor viktig å få etablert ei eng med stor del kløver i attleggsåret, og å halda oppe ein høg andel kløver utover i engåra.

Sammendrag

Gjødslingsnorma for fosfor (P) til eng er redusert. Ein reduksjon på nær 0,5 kg P/daa og år blir konsekvensen av å følgje den nye norma. Det er også til vurdering eit nytt system for korrigering ut frå P-status i jord, der det på jord med høge P-AL-verdiar vil bli tilrådd ytterlegare redusert P-gjødsling.