Publikasjoner
NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.
2002
Forfattere
Thor Johannes Rogneby Anne Kari Bergjord Randi Berland Ragnar EltunSammendrag
Mål og bakgrunn for prosjektet "Storskalaforsøk i økologisk korndyrking" blir presentert. Forsøksopplegg og resultater fra første året med forsøksseriene "Vekstskifteforsøk med mye korn", "Såmengdeforsøk" og "Gjødsling i økologisk korn" blir lagt frem. Rapporten presenterer også hva prosjektet har gjort for å formidle kunnskap om økologisk korndyrking.
Forfattere
Ragnar EltunSammendrag
Artikkelen presenterer myndigheiten sine politiske signal for den vidare satsinga på økologisk landbruk, og dei forskings- og utviklingsoppgåvene ein står ovafor for å kunne møte dei store utfordringane
Forfattere
Tor LunnanSammendrag
Seks timoteisortar er prøvde på 14 felt i fjellregionen i Sør-Norge (675-1000 meter over havet). Felta er hausta ein gong årleg i tre til fem år. Det var små avlingsforskjellar mellom sortar. Sorten "Vega" stod godt og kan erstatte "Bodin" og "Engmo" i fjellet i Sør-Norge. Foredlingslinja "LøTi9001" gav høg avling på felt som låg over 850 meter over havet. Utviklinga i bruken av dyrkajord i fjellet og bruken av timotei er drøfta.
Sammendrag
I 2001 ble "Vekstskifteforsøk med mye korn" startet opp som en del av prosjektet "Storskalaforsøk i økologisk korndyrking". Artikkelen presenterer forsøksserien og avlingsresultater fra det første året. I tilknytning til "Vekstskifteforsøk med mye korn" ble et såmengdeforsøk lagt ut. Resultatene fra forsøket viste at økt såmengde har gitt en tidligere modning, lettere aks og en lavere 1000 kornvekst. Det er ikke lønnsomt å øke såmengden utover hva som er anbefalt (450 spiredyktige frø/m2).
Forfattere
Tor Lunnan Anne Falk Øgaard Tore KrogstadSammendrag
Eit nytt opplegg for kalium (K) ved gjødslingsplanlegging i eng er presentert med bakgrunn i ein stor forsøksserie med kaliumgjødsling. Modellen er todelt med ein kortsiktig del basert på jordanalyse for K-AL og framskriving av denne, og ein langsiktig del basert på syreløyseleg kalium (K-HNO3). Målet med arbeidet er å få betre tilpassa K-gjødsling i eng med utgangspunkt i jordanalysar, slik at uheldige effektar av overdosering blir unngått samtidig med at ein ikkje gjødslar for svakt og får avlingsnedgang. Modellen er lagt inn i gjødslingsprogrammet PlantePlan.
2001
Sammendrag
Innsåing av gras- og kløverfrø med direktesåmaskin i eksisterande eng kan betre plantesetnaden og auke avlinga. I forsøk på Vestlandet er det funne gode resultat av direktesåing av fleirårig raigras og raudkløver. Best resultat vert det i ung eng. I gammal eng domert av villgrasartar og ugras, og med tjukk grassvor, vert ofte tilslaget av direktesåing dårleg.
Sammendrag
I forskar Harald Volden sitt føredrag på markdagen til Fureneset fagsenter vart det understreka kor viktig eit høgt grovfôropptak er når ein ynskjer høg yting på mjølkekyrne. Dei viktigaste faktorane som avgjer opptaket er tilgang på fôr (appetittfôring), smak, meltegrad, passasjehastigheit av fôret gjennom vomma, laktasjonssatadium og storleik på dyret. Det er no i gang ei revidering av fôrmiddelvurderinga og i denne skal ein ta inn innhaldet av fiber (NDF) i grovfôret. Innhaldet av NDF, samt umelteleg del av NDF, aukar med utsett haustetidspunkt og reduserer grovfôropptaket. Utnytting av melteleg NDF er avhengig av opphaldstida i vom og vert redusert hos dyr i høg yting som vert fôra sterkt. Når snittelengda på graset kjem ned i 1-2 cm vil mange partiklar gå umelta frå vomma til tarmen og fôret vert dårlegare utnytta. Bruk av tradisjonell fôrhaustar gir eit fôr med ideell struktur. Ved å bruke tilstrekkeleg med ensileringsmiddel kan ein avgrense gjæringa i vomma slik at det vert igjen sukker til mikroorganismane, dei veks ikkje på gjæringsprodukt. For høgt syreinnhald i silofôret er elles lite ynskjeleg både m.o.t. fôropptak og AAT-verdi. Auka tildeling av AAT tidleg i laktasjonen verkar mjølkedrivande og fører ikkje til høgare proteinprosent i mjølk. Ein må også auke tildelinga av stive. Å dele kraftfôret over fleire tildelingar har auka proteinprosenten, noko som har samanheng med betre vommiljø og betre utnytting av fôret. Generelt meinte Volden at å bruke meir enn 13-14 kg kraftfôr/dag ville redusere grovfôropptaket så mykje at vinninga gjekk opp i spinninga.
Sammendrag
Arbeidet med det vi har kalla "Prosjekt kystlam" kom i gong fordi sauebønder og rettleiarar ønskjer å finne svar på kvifor tilveksten hjå lam i ein del område på kysten av Sogn og Fjordane stagnerer utover sommaren, og at vektene på lamma såleis er mindre enn elles i fylket. Initiativet til prosjektet kjem frå lokale sau- og geitalslag og einskilde bønder.Forsøksringane i Ytre Fjordane, Ytre Sogn og Planteforsk Fureneset fagsenter prøver no å undersøkje kvifor ein har dårleg tilvekst på mykje av lamma på kysten. Konkret orienterer vi oss mot mangel på essensielle mineral, med hovudvekt på kobolt, molybden, selen og kopar
Forfattere
Torbjørg Bjelland Jan Magne Gjerde Kjartan Gran Sigrid Gundersen Knut Anders Hovstad Svein Indrelid Trond K. Lødøen Gro Mandt Astrid Nyland Kirsti Hauge Riisøen Endre Skaar Linda Sæbø Ingunn Hindenes Thorseth Terje Torsvik Melanie Wrigglesworth Samson ØpstadSammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Sammendrag
Innefôringssesongen 2000-2001 går mot slutten. Det er tid for å evaluera. Korleis var grovfôrkvaliteten, grovfôropptaket, mjølkeytinga, proteinprosenten i mjølka? Gjekk alt etter planen, eller er det ting som burde vore gjort annleis? Med grunnlag i ein del materiale frå år 2000, underbygd av generell kunnskap, vil vi særleg fokusera på kva slåttetidspunktet har å seia for grovfôrkvaliteten.Slåttetidspunktet er den einskildfaktoren som i sterkast grad påverkar grovfôrkvaliteten