Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2003

Sammendrag

Det er gitt eit oversyn over åtte forsøksseriar og undersøkingar frå ulike delar av landet der innhaldet av ulike mineral er kartlagt. Gjennomsnittstal og variasjon i innhaldet av kalsium, fosfor, magnesium, natrium, svovel, jarn, mangan, kopar, sink og kobolt er synt. Behovstal for dei ulike minerala er også presentert. Det vert vist at ein ved  å bruke gjennomsnittstal for innhaldet av fosfor og kalsium risikerer mangelfull forsyning ved låge avdråttsnivå, særleg når grovfôropptaket er høgt. Både dei resultata som er presenterte her og det ein kjenner til frå andre undersøkingar gir grunn til å sjå nærmare på forsyninga av svovel, både i grovfôr og i totalrasjonen. Vidare ligg innhaldet av natrium ofte så lågt i gorvfôret at det svarar til under 10% av behovet hos dyra. Når det gjeld mikromineral er det spesielt forsyninga av kopar, sink og kobolt som er mangelfull. Det er behov for ytterlagare undersøkingar og vurderingar for å få eit betre beslutningsgrunnlag for lokalt tilpassa fôrplanar der bruk av tilskottsfôr inngår.

Sammendrag

Effekten av ulik haustbehandling på overvintringa av fleirårig raigras er undersøkt under feltforhold i forsøksringar frå Agder til Trøndelag. Eit seint tidspunkt for siste hausting i oktober/november gav negative utslag på avlinga året etter og dårlegare fôrkvalitet på hausten enn tidlegare hausting. Sterk N-gjødsling gav små utslag samla sett. Høg stubbhøgd ved siste hausting gav større førsteslått året etter, men avlingstapet ved høg stubbing om hausten var større enn meiravlinga året etter.

Sammendrag

Ulike tilhøve i samanheng med spreiing av husdyrgjødsel på eng og eventuell verknad på surfôrkvalitet og risiko for overføring av anaerobe sporar til mjølk vert diskutert. Resultat frå utanlandske undersøkingar og forsøk gjennomført ved Planteforsk Kvithamar forskingsstasjon vert presentert. Forsøka omfattar både ulike mengder og typar husdyrgjødsel, samt spreiemåtar og spreietidspunkt i høve til hausting. Det vert konkludert med at bruk av husdyrgjødsel på eng kan auke risikoen for å få redusert gjæringskvalitet i surfôr. Likevel er husdyrgjødsel berre ein av fleire årsaker til spreiing og oppkonsentrering av anaerobe sporar i fôret. Vel så viktig som gjødslingspraksis er truleg vêrtilhøva før og under hausting, samt hausteteknikken. Det vert gitt enkle råd om korleis ein kan minske risikoen ved bruk av husdyrgjødsel på eng.

Sammendrag

Bruk av husdyrgjødsel på eng ser ut til å auke risikoen for å få redusert gjæringskvalitet i surfôr. Likevel er husdyrgjødsel berre ein av lfeire moglege årsaker til spreiinig og oppkonsentrering av anaerobe sporar i fôr og mjølk. Vel så viktig som gjødslingspraksis er truleg vêrtilhøva før og under hausting, samt hausteteknikken. Det vert gitt enkle råd om mengder og tidspunkt for spreiing, stubbehøgde under varierande vêrtilhøve, og bruk av konserveringsmiddel.

Sammendrag

I denne handboka som er tilgjengeleg på nettet, finn ein bakgrunnstoff og praktiske råd om planlegging og gjenomføring av mjølkeproduksjon i eit skiftebeitesystem. I Del 1 finn ein den teoretiske bakgrunnen for plantevekst, om næringsverdien av beitegrøde og om fôropptak på beite. Del 2 inneheld praktiske råd om planlegging og gjenomføring av beitinga, m.a. berekning av arealbehov, gjødsling og måling av grashøgde. Høgda på beitegrøda og avdråttskontroll er halde fram som dei viktigaste styringsfaktorane ved skiftebeiting.

Sammendrag

Dyrking av korn både i allsidig og husdyrlaus økologisk drift vil gi mindre N-avrenning per arealeining enn i konvensjonelle dyrkingssystem med korn og potet. Det synest elles ganske klart at miljøeffektane i økologisk korndyrking er knytt til driftsmåten. I eit allsidig økologisk vekstskifte, der korn vert dyrka saman med eng til slått, har ein små tap av nitrogen både til vatn og luft. I eit husdyrlaust økologisk vekstskifte dominert av korn, erter og grøngjødslingsvekstar er sjansen for tap av næringsstoff både til vatn og luft klart større enn i det allsidige økologiske vekstskifte. Ei følgje av husdyrlause korndyrkingssystem er òg at produksjonen i høve til nitrogenavrenninga er liten og at nitrogentapa per produsert eining vert stor. Alt i alt er det større utryggleik rundt miljøeffektane i husdyrlaus økologisk korndyrking enn i den allsidige dyrkingsmåten. Mykje kan sikkert vinnast gjennom ny kunnskap om økologisk korndyrking med basis i grøngjødsling, men den tryggaste og mest bærekraftige driftsmåten for økologisk korn vil vera i kombinasjon med engdyrking og husdyrhald. Dette talar til fordel for mest mogleg lokal produksjon.

Sammendrag

Jordbruket i Trøndelag og i Jämtland har ulike politiske rammevilkår, medan dyrkingsvilkåra til dels er like. I dag er det relativt lite jordbruksfagleg samarbeid over grensa. Det er utan tvil mykje å hente på å styrke kontakten. Eitt eksempel på konkret samarbeid er eit INTERREG prosjekt som er kalla Økologisk korndyrking i Nordens Grønne belte. Prosjektet vert gjennomført av Planteforsk Kvithamar og Länsstyrelsen i Jämtland.

Sammendrag

Økologiske dyrkingssystem for høgare og meir stabile kornavlingar" er eit 5-årleg strategisk instituttprogram frå Noregs forskingsråd. Programmet er leia av Planteforsk i samarbeid med NLH, NORSØK og Høgskolen i Hedmark. I tillegg deltek forskarar frå Danmark, Finland og Nederland. Kunnskap om moglegheiter for betre avlingsnivå og avlingsstabilitet i økologisk korndyrking utan å redusere på krava til langsiktig bærekraft, i område med begrensa tilgang på organiske gjødselemne, er svært viktig for den framtidige strukturen i økologisk landbruk her i landet. I dette programmet søker ein å løyse denne utfordringa gjennom ei omfattande agroøkologisk analyse i kombinasjon med faktorielle studiar av dei viktigaste flaskehalsane i økologisk korndyrking: dårleg jordstruktur, manglande nitrogenforsyning og fleirårige ugras.

Sammendrag

Planteforsk, NORSØK, Institutt for plantefag, NLH og Høgskolen i Hedmark har fått midlar frå Noregs forskingsråd til eit nytt forskingsprogram. Målet er å skaffe ny kunnskap om dyrkingspraksis for korn i økologisk landbruk som gir gode og stabile avlingar og har positiv verknad på jord og miljø.