Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2000

Sammendrag

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) har sommaren 1999 vegetasjonskartlagt eit område på 150 km² i fjellområda i Vingelen i Tolga kommune i Hedmark. Kartlegginga omfattar areala til 4 hamnelag; Bratthøa sauhamnelag, Gjera-Busjødalen sauhamnelag, Nordre Londalen hamnelag og Magnilsjøan setersameie. I fjellområda i Vingelen i Tolga kommune, er det vegetasjonskartlagt eit areal på 147 km² som omfattar 4 hamnelag. Det meste av arealet ligg i snaufjellet, men og større areal i bjørkeskogbeltet. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjons-kartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 4 avleia temakart. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er også gjeve omtale av kva informasjon som kan avleiast frå vegetasjonskartet med spesiell vekt på beiteforhold for husdyr.

Til dokument

Sammendrag

Rapporten beskriver forekomst og produksjon av beiteplanter i vegetasjonstyper i barskog. Den presenterer en oversikt over beiteverdien til ulike vegetasjonstyper. Som grunnlag er det innhenta 128 artslister fra hogstflater fordelt på 8 vegetasjonstyper som er beskrevet fra fastmark i barskog. Undersøkelsen er begrensa til fylkene Akershus, Hedmark, Oppland og Buskerud. Et datamateriale som inneholder vegetasjonstype og skogtilstand, er det beste grunnlaget for å kunne gi ei verdsetting av husdyrbeite i skog innen en eiendom, et beitelag eller en kommune.

Sammendrag

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) utførte sommaren 1999, vegetasjonskartlegging i eit område på 100 km², det meste i Sør-Fron kommune i Oppland. Kartlegginga omfattar fjellområdet mellom Håkåseterdalen og Espedalen (I mangel på lokalt namn er Håkåseterdalen i rapporten, bruka som felles nemning for dalføret frå Børkdalssetrin til Fagerli. Som felles namn på kartleggingsområdet er bruka Børkdalsfjellet). I det framstilte kartet er det teke med areal på vestsida av Håkåseterdalen som vartkartlagt for Fron ideforum i 1998. Dette avdi eitt av måla med kartlegginga har vore å dokumentere beitekvalitetar innan Børkdalsfjellet beitelag, som også omfattar desse areala. Initivtakar til prosjektet har vore Børkdalsfjellet sankelag gjennom Erling Skurdal i Norsk sau- og geitalslag. Oppdragsgjevar har vore Sør-Fron kommune. Fleire partar er med i Finansieringa. Vegetasjonskartlegginga er utført etter NIJOS-instruks for kartlegging i M 1:50 000. Feltarbeidet er utført av Michael Angeloff, Hans Petter Kristoffersen og Yngve Rekdal. I tillegg til vegetasjonskartet er det utarbeidd 3 avleidde temakart. Kartkonstruksjon er utført av Anbjørg Andersen og kartpresentasjon av Astrid Bjørnerød. Foto er tekne av underteikna med mindre anna er nemnt.