Hopp til hovedinnholdet

Publikasjoner

NIBIOs ansatte publiserer flere hundre vitenskapelige artikler og forskningsrapporter hvert år. Her finner du referanser og lenker til publikasjoner og andre forsknings- og formidlingsaktiviteter. Samlingen oppdateres løpende med både nytt og historisk materiale. For mer informasjon om NIBIOs publikasjoner, besøk NIBIOs bibliotek.

2001

Sammendrag

Fra del I i Sau og geit nr. 3 ble det konstatert at husdyrbeiting i utmarka virker inn på det biologiske mangfoldet. Antagelser om tettheten av beitedyr, miljøets produktivitet, tidsdimensjonen og den romlige tilnærmingen dannet grunnlaget for diskusjoner om husdyrbeitingas effekter på plantemangfoldet i utmarka. Del II fortsetter med andre viktige sider av debatten.

Til dokument

Sammendrag

Størstedelen av produksjonen i sauehaldet skjer i beitetida. Ved å sjå på avdråttsresultat ser ein at det er store ulikheiter mellom beitelag og innan beitelag. Ulikheitene viser at det skulle ligge eit stort potensiale for å betre produksjonsresultatet ved å avdekke årsaker til ulikheiter og ved å finne tiltak som kan auke avdråtten. Institutt for husdyrfag ved NLH, Norsk sau- og geitalslag og NIJOS, arbeider saman for å utvikle metodar for vurdering av produksjonsresultatet i beitetida.

Sammendrag

På oppdrag frå Valdres jordskifterett har Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) utført ei vurdering av beiteressursar i Lusætermorkje. Området er omlag 15 000 dekar og ligg i Heidal i Sel kommune. Denne rapporten gjev ein omtale av beitetilhøva i området saman med eit overslag over beitekapasitet for storfe og sau. Som grunnlag for beitevurderinga er det utarbeidd vegetasjonskart over området. Kartproduksjon er utført av Gunnar Tenge, medan feltarbeid og beitevurdering er gjort av undertegna. Kunnskapsnivået om verdien av utmarksbeite for husdyr er lågt og vi har ikkje standardiserte metodar som kan gje grunnlag for gode og einheitlege overslag over venta avdrått, beitekapasitet eller arealverdi i eit beiteområde. Denne rapporten inngår i arbeid som foregår ved NIJOS for å auke kunnskapsnivået og å lage bedre reiskap for vurdering av utmarksbeite.

Sammendrag

På oppdrag frå Nord-Gudbrandsdal jordskifterett har Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) utført ei vurdering av beiteressursar for jordskiftesak 3/1998 Skåbu hyttegrend. Arealet som er vurdert er 5 100 dekar og ligg sørvest for tettstaden Skåbu i Nord-Fron kommune. Som nemning for området er det i rapporten bruka Holslåa. Denne rapporten gjev ein omtale av beitetilhøva saman med eit overslag over beitekapasitet for storfe og sau. Som grunnlag for beitevurderinga er det utarbeidd vegetasjonskart og avleia beitekart for sau. Kartproduksjon er utført av Roar Lågbu, medan feltarbeid og beitevurdering er gjort av undertegna.

Sammendrag

Rapporten gjev ein oversikt over vegetasjonstypar i fjellet og kva beiteverdi desse representerer for husdyr. Typeinndelinga følgjer NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i målestokk 1:50 000.Innleiingsvis blir det gjeve ei meir generell innføring i kva som avgjer beiteverdien til eit areal og korleis beitekvalitet og kapasitet kan vurderast

Sammendrag

Kvitfjell planområde (47 km²) i Ringebu kommune er det vegetasjonskartlagt. Det meste av arealet ligg i fjellskogen, men området omfattar også lisida ned mot Gudbrandsdalslågen og elvesletter langs denne. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 5 avleia temakart. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er også gjeve omtale av kva informasjon som kan avleiast frå vegetasjonskartet med spesiell vekt på beiteforhold for husdyr.Vegetasjonskartlegginga er utført etter NIJOS-instruks for kartlegging i M 1:50 000. Feltarbeidet er utført av Anders Bryn, Hans Petter Kristoffersen og Yngve Rekdal. I tillegg til vegetasjonskartet er det utarbeidd 5 avleidde temakart. Kartkonstruksjon er utført av Anbjørg Andersen og kartpresentasjon av Astrid Bjørnerød. Foto er tekne av underteikna med mindre anna er nemnt.

Sammendrag

På Golsfjellet er det vegetasjonskartlagt eit areal på 105 km². Det meste av arealet ligg i fjellskogen, men større areal av snaufjell finst. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og 2 avleia temakart kring beitetilhøve. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er gjeve spesiell omtale av beitetilhøva for husdyr og tiltak for skjøtsel av utmarksbeite.

Sammendrag

NIJOS utførte sommaren 2001, vegetasjonskartlegging av eit område på 2700 dekar ved Minnestølen i Hol kommune. Kartlegginga er utført på oppdrag frå Biologisk institutt ved Universitetet i Oslo, og skal brukast inn i forskningsprosjektet ”Bærekraftig bruk av utmark til husdyrbeiting: Økologiske effekter av sauebeiting i høyfjellet”. Kartlegginga er utført etter NIJOS sitt system for vegetasjonskartlegging i M 1:50 000. Det er framstilt vegetasjonskart og avleia temakart for beite for sau. Rapporten beskriv metode for arbeidet og gjev ei nærare omtale av registrerte vegetasjonstypar og korleis desse fordeler seg i området. Det er også gjeve omtale av muleg framgangsmåte for berekning av sauetettheit i prosjektet.