Hopp til hovedinnholdet

Divisjon for miljø og naturressurser

Improving conditions for agricultural management of drained peatlands while reducing GHG emissions (PEATIMPROVE)

Foto: Synnøve Rivedal
Aktiv SIST OPPDATERT: 15.08.2024
Slutt: mars 2025
Start: apr 2021

PEATIMPROVE sitt hovudmål er å forstå korleis drenering og hydrologi påverkar forholda for jordbruksdrift, karbontap og utslepp av klimagassar, og å tilrå metodar som reduserer klimaavtrykket frå grovfôrproduksjon på myrjord.

Status Pågående
Start- og sluttdato 01.04.2021 - 31.03.2025
Prosjektleder Bjørn Kløve
Divisjon Divisjon for miljø og naturressurser
Avdeling Hydrologi og vannmiljø
Totalt budsjett 16 mill. NOK
Finansieringskilde Forskningsrådet (Research Council of Norway)

Bakgrunn og skildring

Myrjord er ein viktig ressurs, særleg i grovfôrproduksjonen på Vestlandet og i Nord-Noreg. Ein del eigenskapar ved myrjord er positive for jordbruksdrift, slik som høgt innhald av plantetilgjengeleg vatn, men andre eigenskapar er utfordrande. Myrjord er vanskeleg å drenere, blir lett vassmetta, er utsett for jordpakking, overvintringsskader og låge avlingar, i tillegg til myrsynking og utslepp av klimagassar. Ved fornying av dreneringssystema på allereie dyrka myrjord trengst alternative metodar for å redusere klimagassutslepp og oppretthalde lokal fôrproduksjon i eit våtare klima.

PEATIMPROVE sitt hovudmål er å betre forholda for jordbruksdrift på myrjord på same tid som klimagassutsleppa blir reduserte. I prosjektet skal ein studere ulike dreneringsmetodar, og spesielt omgraving som ein lovande metode for å beskytte myrjord mot nedbryting og legge til rette for effektiv produksjon.

 

Gjennomføring og formidling

Hovudfeltforsøket blir i Fræna i Møre og Romsdal, men det er også planlagt feltaktivitet i Sortland (Nordland), Pasvik (Finnmark) og Våler (Innlandet) for å fange opp variasjon i klima, hydrologi og planteproduksjon. Hydrologiske målingar, klimagassmålingar, avlingsregistrering og kalkulering av lønnsemd og verdiskaping inngår.

PEATIMPROVE vil oppdatere statistikk over myrjord i jordbruksdrift og estimere storleiken på myrjordsareal som er eigna for omgraving. Modellar for dette vil bli utvikla og testa i utvalgte kommunar.

Resultata frå klassifiseringsmodellar og kartlegging i felt skal kombinerast med klimagassmålingar frå feltforsøk. Med ein slik kombinasjon av data kan ein anslå samla effekt av omgraving på nasjonalt nivå, samanlikna med bruk av andre dreneringsmetodar.

Formidling av resultat til næring og forvalting er ein viktig del av prosjektet. Prosjektet er eit samarbeid mellom NIBIO (prosjektleiar), NMBU, NORSØK, NLR og TINE SA (NO), Universitetet i Oulu, Luke (FI) og National University of Ireland (IE). PEATIMPROVE har brei økonomisk medfinansiering frå fylkeskommunar og ulike næringsaktørar.

 

Arbeidspakkar

Prosjektoversikt.png
Oversikt over prosjektet sine arbeidspakkar og samanhengen mellom dei.


WP1. Jordfysikk og hydrologi ved ulike dreneringsmetodar for myrjord

Hydrologiske målingar og jordfysiske analysar vil bli utført for å få kunnskap om effektiviteten til ulike dreneringsmetodar på myrjord.

 

WP2. Karbonbalanse og klimagassutslepp i omgravd og grøfta myrjord

Årleg karbonbalanse vil bli estimert ved måling av utslepp og opptak av CO2, fotosyntetisk aktiv stråling (PAR), jordtemperatur, vassinnhald og plantebiomasse gjennom to heile år. Utvasking av karbon (DOC), karbonutslepp som CH4 og karbon tatt vekk gjennom hausting vil bli estimert. Gjennom desse målingane og berekningane vil ein kunne syne full karbonbalanse for både omgravd og grøfta eng. Utslepp av CH4 and N2O blir også målt på enkelte av forsøksfelta.

 

WP3. Kartlegging av areal

Andelen myrjord i Norge som kan omgravast vil bli forsøkt estimert. Tilgjengelege datasett (AR5, DMK, nasjonalt jordkartleggingsprogram, og NGU) og kjennskap til myrdyrking i Norge vil inngå i utvikling av modellar som klassifiserer dyrka og dyrkbare myrarealer som egnet eller ikke egnet for omgraving. Desse vil så vil bli supplert med undersøkingar i felt på eit utval av areal der tilgang på data ikke er tilstrekkelig. Muligheten for å forutsi egnethet på slike arealer vil bli undersøkt ved hjelp av naboskapsanalyser

 

WP4. Samanstilling av resultata og utarbeiding av råd til jordbrukssektoren og styresmaktene

Resultata frå WP1 til 3 skal analyserast opp mot tidlegare undersøkingar og data som er tilgjengeleg  omkring klimadata. Informasjon frå andre undersøkingar i Norge, Irland og Finland vil inngå i desse samanstillingane. Avlingspotensial og økonomi i drifta vil bli inkludert for å kunne gje gode råd til produsentane og styresmakten. Resultata vil også kunne skaffa fram nasjonale utsleppsfaktorar for klimagassutslepp frå myrjord og potensiell utsleppsreduksjon nasjonalt ved bruk av alternative dreneringsmetodar.